Klassereisa
På 1970-talet var det eit tøft miljø på Odda barneskule. Både for elevar og for lærarar.
Jorunn Dyvik (90) har flytta til ein bustad for eldre i Odda. Ektemannen Frøystein kan ikkje lenger bu heime på grunn av Parkinsons sjukdom.
Foto: Hallgeir Opedal
Mor? Er du her?
Om lag midt i sentrum av Odda, halvvegs opp skråninga opp i Kremarvegen mot flata som heiter Bakke, der ligg ein fire etasjar høg murbygning. Det var i 1958 han blei sett opp. Han heitte fyrst Odda Hotel, så blei det Hotell Nord, sidan Sørfjordheimen Pensjonat.
Rundt tusenårsskiftet husa bygningen asylsøkarar, men etter plan for pleie- og omsorgstenester, godkjend i kommunestyret i mai 2009, blei han bygd om til 24 bueiningar for eldre, og det er ei av desse Yngve Dyvik har låst seg inn i. Han bur elles i Bergen, men har vore heimom nokre dagar for å helse på mora, men kor er ho? Ho er ikkje i stova, heller ikkje på kjøkenet.
– Mor?
Der kjem ho ut frå soverommet, ho stansar opp, stør seg til kjøkenbordet. Mørkblå genser, mørkblå bukser og i snor om halsen tryggleiksalarm. Ho runda 90 år i februar og bur her åleine. Det er nokre år sidan eg sist såg henne, men dette milde, melankolske blikket er lett å kjenne att. Ho ser på sonen Yngve, så på meg.
– Er det han Hallgeir?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.