Kjem Louis C.K. att?Spegel, spegel på veggen der, kven er den morosamaste i verda her? Spegelen svarar at den morosamaste personen ikkje er særleg aktiv nett no.

Spegel, spegel på veggen der, kven er den orosamaste i verda her? Spegelen svarar at den morosamaste personen ikkje er særleg aktiv nett no.

Ifylgje eigaren av The Comedy Cellar, Noam Dworman, snakka Louis C.K. om typiske Louis-tema no, som rasisme, tips til servitørar og paradar, skriv BBC. Biletet er frå eit show i 2015.
Ifylgje eigaren av The Comedy Cellar, Noam Dworman, snakka Louis C.K. om typiske Louis-tema no, som rasisme, tips til servitørar og paradar, skriv BBC. Biletet er frå eit show i 2015. Ifylgje eigaren av The Comedy Cellar, Noam Dworman, snakka Louis C.K. om typiske Louis-tema no, som rasisme, tips til servitørar og paradar, skriv BBC. Biletet er frå eit show i 2015.
Publisert

Førre sundag var Louis C.K. attende på standupscena for fyrste gong på nær ti månadar – om enn berre i nokre minutt. Dette skjedde på The Comedy Cellar i New York.

Ingen får meg til å le som Louis C.K. Det er ikkje det at eg ikkje gjev andre standupkomikarar ein sjanse, for det gjer eg. Eg gjev dei ti minutt, 15 om eg er i tvil. Består dei ikkje testen innan den tid – altså om dei ikkje får meg til å le – leitar eg fram eit opptak med Louis.

Bryt med tabu

Då eg oppdaga denne komikaren for rundt ni år sidan, var det som om ei etterlengta brikke fall på plass i livet mitt. Louis vitsar om alt. Han bryt med tabu på smart vis.

I tunge periodar, når kvardagen legg seg lagvis rundt sinnet mitt, er det rein medisin å le skikkeleg. Høgt og hemningslaust. Louis skrellar av lag for lag, og eg kjem frå det heile i ein katarsis. Han har ei eiga evne til å vrenga livet og visa absurditeten i tida me lever i, som gjer at eg kjenner meg letta. Han får meg til å ta livet mindre alvorleg, på ein god måte.

Som Bård Tufte Johansen sa då Louis kom til Oslo i 2013:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement