Kjapt og godt om geniLyn gir eit passande lynkjapt portrett av vekselstraumoppfinnar Nikola Tesla.Roman
Lyn gir eit passande lynkjapt portrett av vekselstraumoppfinnar Nikola Tesla.
Jean Echenoz nyttar ein autoral forteljar i romanen.
Foto: Bokvennen
Forfattar Echenoz nyttar seg av noko så gamaldags som ein autoral forteljar, altså ein slik som like godt kunne ha starta teksten med «Kjære lesar» – slik eg vanlegvis skriv bokmeldingar. Når han i tillegg ilar gjennom fakta summarisk og polemisk i lange, elegante periodar, er det som at alt eg les får ein lett ironisk, munter schwung:
«Etter å ha lært seg et halv dusin fremmedspråk på fem minutter og nærmest åndsfraværende tilbakelagt skolegangen ved å hoppe over annen hver klasse (…) skaffer han seg førsteplassen på første og beste polytekniske skole, langt hjemmefra, der han på et blunk tilegner seg grunnleggende kunnskaper i matematikk, fysikk, mekanikk og kjemi».
Det er med andre ord perfekt samsvar mellom form og innhald, det vil seie det kroatiske geniet frå 1800-talet: Nikola Tesla, som i denne romanen konsekvent vert kalla Gregor for å signalisere at forfattaren har nytta dikterisk fantasi så vel som kjende fakta. Tesla fann opp vekselstraumen, som gjorde det mogeleg å transportere elektrisk kraft over store avstandar. Han hadde også ideane til det meste av grunnlaget for den teknologiske revolusjonen, som radio, radar, fjernstyring, laser og så bortetter.
Gregor var ikkje ein jordnær, fornuftig og stabil person med utprega sosiale evner; han var akkurat så skjør, arrogant og smågal som eit ekte geni skal vere – ein arbeidsnarkoman utan tid eller evne til å gå inn i nære relasjonar. Etter at han emigrerte frå Europa til USA, budde han resten av livet på hotellrom med romnummer som kunne delast på tre, sporadisk i selskap med sjuke duer han tok seg av.
Mangel på smerte
Lyn er eit stimulerande møte med ein historisk person, men den dimensjonen som manglar, er smerte. Å vere geni er ganske sikkert ei anna livsoppleving enn ikkje å vere det, men i framstillinga til Echenoz er det som om eit genialt sinn gjer mennesket til ein av dei robotane Gregor sjølv fekk ideen til. Men dei mange tvangshandlingane må ha oppstått ut av noko anna enn eit oppheng i hjernemekanikken?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.