Sjakk
Kjærleik gjer blind
Carlsen har funne humøret, men slit med sjakkforma.
Hou Yifan spela betre enn Magnus Carlsen i 3. runde, og ein sensasjon var i lufta like før 30 trekk.
Foto: Georgios Souleidis/Grenke Chess Classic
Verdsmeisteren smiler etter det tredje remispartiet på rad i miniturneringa Grenke Chess Classic. Noko er gale når den beste spelaren i verda må seia seg nøgd med remis. Men det er skilnad òg på remisparti – ikkje alt er berre svart-kvitt for Magnus Carlsen (26) i Karlsruhe og kurbyen Baden-Baden.
Topp og breidde
Tyskland er den størst sjakkmarknaden i Vest-Europa, med sjakk-amatørar i hundretusental. Landet arrangerer dei beste turneringane i verda for topp og breidde, men saknar ein tysk Carlsen. Dei har ikkje fått fram ein verkeleg toppspelar etter egyptologen dr. Robert Hübner på 1970-talet. Hübner var polyglott, men sa ikkje stort og såg kvar freistnad på å popularisera sjakken som eit teikn på intellektuell vulgarisering. Sjakkanalysane til Hübner var like ugjennomtrengjelege som hieroglyfane hans, og var skrivne for fagfellane i verdstoppen.
Konseptet i Grenke Chess Classic er såleis: Ein inviterer dei beste tyskarane, ein interessant joker og fire verdsstjerner – til saman berre åtte spelarar. «Vulgært», ville dr. Hübner ha sagt om eit slikt felt og berre sju rundar.
Rusten
Carlsen var rusten etter eit par månader utan turneringsspel då han sette seg ned med dei svarte brikkene mot ein tysk junior, Matthias Blübaum (alder 19, rating 2634). Verdsmeisteren spela ganske godt i midtspelet, men kvifor spela han så snøgt? Den unge tyskaren tenkte i alle høve lenge og vel. Ein fekk ei kjensle av at Carlsen ynskte å vinna på rein teknikk, og at tankane hans var ein annan stad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.