JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Kirurgi mot fattigdom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leonard Chafewa (32) og Sithembile Chimaliro (32) har utdanna seg til spesialistar i hjernekirurgi i Malawi.

Foto: Halldor Slettebø

6023
20240105
6023
20240105

Er det mogeleg å operera seg ut av fattigdom? Neppe. Men me veit at grunnleggjande og enkel kirurgi kan vera ei god investering, også i fattige land med svakt utbygd helseteneste. Til dømes kan vellukka inngrep resultera i at unge trafikkskadde blir friske og arbeidsføre. Det er langt betre økonomi enn om dei blir gåande ubehandla og endar som uføre, ute av stand til å brødfø seg sjølve. Nytteverdien av enkel kirurgi er spesielt stor innanfor fødselshjelp, akutte magesjukdomar og skadebehandling, men også for ein del hjernekirurgiske inngrep.

Difor er det eit stort gjennombrot når eit av verdas aller fattigaste land, Malawi, i 2023 endeleg har utdanna sine første spesialistar i hjernekirurgi. To unge lækjarar har fullført seks års etterutdanning i nevrokirurgi og teke spesialisteksamen med framifrå resultat.

Fungerande tilbod

Størstedelen av utdanninga har dei to fått i heimlandet, med god assistanse frå Oslo universitetssjukehus. No kan dei inngå i eit arbeidslag som gjev Malawi eit fungerande nevrokirurgisk tilbod heile døgeret, heile året: Fagfolk, over 20 i talet, med utdanning i nevrokirurgisk sjukepleie, operasjon, anestesi og medisinsk teknikk – i samarbeid med dei opererande nevrokirurgane og unge lækjarar under spesialisering. Datastyrt røntgen, CT, har dei òg fått på plass, attåt ei operasjonsstove, ei lita overvakingsavdeling og alt det tekniske utstyret som høyrer til. Ti år har det teke å etablera ei komplett avdeling ved Queen Elizabeth Central Hospital i Blantyre, ei avdeling som er på veg til å bli sjølvgåande.

Men kan det vera meining i å satsa på hjernekirurgi i eit av verdas aller fattigaste land, eit land som er heimsøkt av mange og overveldande helseproblem?

I Malawi er det infeksjonssjukdomar som hiv/aids, smittsam diaré, malaria og tuberkulose som utgjer dei viktigaste dødsårsakene. I tillegg kjem det stundom utbrot av kolera. Livmorhalskreft og trafikkulukker tek langt fleire liv enn i andre land. Underernæring er òg eit konstant problem. Mange av desse sjukdomane og skadane kan nok førebyggjast – med vaksinasjonar, hygienetiltak, betre ernæring og tryggare trafikk – men det vil ta lang tid.

Mykje korrupsjon

Økonomien er svak og toler dårleg at korrupsjonsskandalar og store klimasjokk råkar landet rett som det er. I 2013 vart norsk bistand mellombels stogga på grunn av omfattande korrupsjon i den offentlege administrasjonen. Tidleg i 2023 herja monstersyklonen «Freddy» landet i meir enn ein månad, vatnet fløymde over store område og gjorde 200.000 menneske heimlause.

Det har synt seg vanskeleg for Malawi å lyfta seg ut or den lammande og kroniske fattigdomen. Over helvta av innbyggjarane er fattige, nær 20 prosent er ekstremt fattige. Samstundes stig folketalet snøgt og ligg i dag kring 20 millionar, ei dobling sidan 1990.

Mot denne dystre bakgrunnen blir det nærliggjande å tru at kirurgi, og særleg hjernekirurgi, neppe er det Malawi treng for å betra folkehelsa. Men så enkelt er det ikkje. Kirurgi er blitt eit satsingsområde i internasjonal bistand dei siste åra. Kvifor?

Livreddande

Mange fattige land, Malawi inkludert, manglar såkalla essensiell kirurgi, det vil seia tilgang for alle til 44 enkle kirurgiske inngrep som kan vera livreddande. Globalt er denne mangelen årsak til minst 1,5 millionar dødsfall kvart år, fleire enn dei tre store infeksjonssjukdomane – hiv/aids, tuberkulose og malaria – til saman. Men det var først kring 2015 at verdssamfunnet verkeleg forstod kor helseskadeleg det kan vera å mangla grunnleggjande kirurgi.

Tidlegare var det opplese og vedteke at det å førebyggja var svaret på dei fleste helseproblema i utviklingsland. Men med ny kunnskap er det globale samvitet blitt vekt slik at tradisjonell medisinsk bistand – med vekt på vaksinasjonar, infeksjonar, hygiene og ernæring – no blir supplert med fleire kirurgiske utviklingsprosjekt. Innanfor nevrokirurgi kan det enklaste inngrepet av dei alle, borehol i skallen, redda liv hjå pasientar med skadeleg trykk mot hjernen frå ei blodopphoping eller frå ein verkebyll.

Men også andre nevrokirurgiske inngrep er med på lista over dei essensielle og kostnadseffektive operasjonane. Det gjeld drenerande inngrep for å redusera hjernetrykket hjå born med vasshovud (hydrocephalus), og det gjeld inngrep for hovudskadar.

Ein fullt utdanna nevrokirurg vil dessutan kunna hjelpa mange andre pasientar, i hovudsak born og unge vaksne med misdanningar, hovudskadar, infeksjonar eller godarta svulstar. Ei investering i operasjonar kan difor berga liv og førebyggja invaliditet, noko som betrar produktiviteten og økonomien.

Sårbare

I oppbyggingsfasen som no kjem, vil den nevrokirurgiske pionéravdelinga vera sårbar på fleire måtar:

• Infeksjonar etter inngrep: I dag er det for mange nyopererte pasientar som får skadelege infeksjonar. Resultata må bli betre for å sikra avdelinga eit godt renommé, noko som er viktig både for finansiering og for rekruttering.

• Underfinansiering: For nokre år sidan hende det at sjukehusbudsjettet brått var oppbrukt, og alle lønsutbetalingane vart stogga midt i budsjettåret. Nøkkelpersonar slutta. Her er det lite å gå på, sidan 40 prosent alt har slutta av dei som har fått nevrokirurgisk tilleggsutdanning.

• Korrupsjon kan setja avdelinga tilbake eller i verste fall stogga drifta. For ti år sidan «forsvann» ei CT-maskin som var på veg til å bli installert på sjukehuset, eit tap på minst 10 millionar kroner.

• Konkurrerande prosjekt: I Malawi tevlar private sjukehus og bistandsorganisasjonar, også norske, om å rekruttera unge lækjarar og anna spesialutdanna personell.

Dei to nyutdanna nevrokirurgane får difor ein del ekstra å stri med utover det reint kirurgiske, men på lang sikt vil dei betra helsetenesta i Malawi, auka den medisinske sjølvtilliten i landet og bidra i kampen mot fattigdom. Det er eit ljospunkt og eit gjennombrot som landet treng.

Haldor Slettebø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

To unge lækjarar har fullført seks års etterutdanning i nevrokirurgi og teke spesialisteksamen med framifrå resultat.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis