Kinesisk visdom
Ding Liren (30) gjorde alt på mystisk kinesisk vis og vart den 17. verdsmeisteren i sjakk.
I siste parti fekk vi sjå Ding Liren briljera med eit mot som fyrst såg ut som rein hybris.
Foto: Stev Bonhage
Det er ikkje lenge sidan vestleg sjakk var eit ukjent spel i Kina. Den nederlandske stormeisteren Jan Hein Donner lanserte eit teorem før møtet med Kina i sjakk-OL i 1978: «Det er umogleg for ein sjakkmeister frå Vesten å tapa mot ein kinesar.» Fråsegna vert rekna som eit historisk vendepunkt då Donner eit par timar seinare tapte mot Liu Wenzhe etter berre 20 trekk.
Men eg skal vedgå at eg ikkje hadde mykje tru på Ding Liren før og under VM-kampen mot russaren Jan Nepomnjasjtsjij (32). Kinesaren var ikkje kvalifisert til kandidatturneringa i 2022, men fekk ein friplass då Sergej Karjakin vart utestengd for hatprat og støtte til Russlands krig. «Nepo» var klart best i kandidatturneringa, der Ding med litt flaks tok 2. plassen. Kinesaren var difor ikkje kvalifisert for VM-kamp før Magnus Carlsen, uventa for sjakkverda, gav frå seg tittelen utan spel.
Rot og kaos
Og verre skulle det verta. Dei fyrste dagane i Astana var bisarre. Ding sa truskuldig at han ikkje var i humør til å spela sjakk, han var deprimert og trong psykolog: «Noko er gale med hovudet mitt.» Å vinna sjakk-VM var ikkje i tankane hans. Han bytte hotell for å koma bort frå alle russarane, men bytte attende eit par dagar seinare. Alt var berre rot og kaos.
Nepo uttrykte etter VM-kampen den kjensla som eg òg, som publikum, hadde: «Det var merkeleg å sjå kor dårleg førebudd Ding var, både på brettet og mentalt. Han hadde ingen nye idear eller djupe opningsstrategiar.»
Naive Ding gjorde dessutan ein utruleg tabbe då han spela sju treningsparti med spesialvariantane sine på ei open plattform – og vart avslørt av ein datanerd som publiserte partia som ei gåvepakke til Nepo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.