JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Kampen om polarforskinga

Det har aldri vore lett å flytte ein statsinstitusjon ut av hovudstaden. Heller ikkje eit polarinstitutt. Men det hjelper med god timing.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Demonstrasjon utanfor Stortinget 9. juni 1993. Eit viktig argument mot flytting av Polarinstituttet var at dei tilsette ikkje ville følgje med. Det vart òg tilfellet. Trass i tilbod om eit prøveår – kor flyttinga vart dekt, og alle fekk lovnad om 24 betalte heimreiser i prøveåret, og ei eventuell returflytting betalt – vart mindre enn 10 prosent av dei 63 fast tilsette med nordover.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

14104
20231215
14104
20231215

Det var enkelt å finne argument for at Norsk polarinstitutt ikkje måtte flytte, hevda forvaltningssjef i Polarinstituttet, Rasmus Hansson, i november 1992: «Instituttet er her, det fungerer godt, men blir ødelagt for lang tid om det flyttes, og det kan ikke nå dagens nvå i Tromsø. Dette er solid dokumentert.»

«Bygg på et isflak»

Alt då Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser (NSIU) vart oppretta i 1928, kom det krav om at institusjonen skulle liggje i Tromsø. Direktøren på Geofysisk institutt i Tromsø, Ole A. Krogness, sa det var meiningslaust «at et institut for Svalbard og Ishavsundersøkelser skal henlegges til Oslo».

Tromsø var porten til ishavet og viktig utrustingshamn for norske og internasjonale ekspedisjonar. Guttorm Gjessing foreslo like etter krigen at NSIU skulle danne grunnstamma til eit nordnorsk akademi med sikte på eit framtidig nordnorsk universitet. Men då NSIU vart omdanna til Norsk polarinstitutt i 1948, låg instituttet framleis trygt plassert i observatoriet ved Solli plass i Oslo.

I 1960 vart Tore Gjelsvik ny direktør og fekk spørsmålet om kva han meinte om flyttekrava som stadig vart fremma. Gjelsvik ville ikkje kommentere saka, sa han, men kunne likevel seie «så sant man mener at Polarinstituttet i Oslo mangler arktisk miljø – og at det er derfor instituttet bør flyttes til Tromsø – så er det like godt å ta steget helt ut og bygge instituttet på et isflak».

I 1961 føreslo stortingsmann Harald Samuelshaug at Polarinstituttet måtte kunne flyttast ut av hovudstaden. Han viste til at Sjøkartverket nyleg vart flytta til Stavanger og Noregs geologiske undersøking til Trondheim. Men industriminister Kjell Holler avviste forslaget kontant, forklart med «den nære og gjensidige kontakten mellom instituttet og de sentrale myndigheter».

Polarinstituttet var heller ikkje på lista då Stortinget i 1967 sende fleire institusjonar ut av hovudstaden, mellom anna Norsk Tipping til Hamar og Statens sprengstoffinspeksjon til Tønsberg.

Etter at Universitetet i Tromsø vart vedteke oppretta i 1968, dukka kravet opp med jamnare mellomrom. I 1971 fremma venstrerepresentant Helge Jakobsen eit flytteforslag, som ifølgje avisa Tromsø «alle her nord vil erklære oss enige i». Fire år seinare tok Høgres stortingsmann Martin Buvik til orde for at ei flytting av Polarinstituttet ville gjere Tromsø til eit sentrum for norsk og europeisk arktisk forsking.

Kva slags polarforsking?

Norsk polarinstitutt hadde sidan starten vore ein underliggande etat hjå Industridepartementet, men i 1979 vart det lagt under Miljøverndepartementet.

Det vart ein vanskeleg start på samlivet. Sjølv om instituttet dreiv med fredingsspørsmål og innsamling av fysiske miljødata, var dei fleste vitskapleg tilsette geologar – som hadde kartlegging av Svalbards kolførekomstar som ei sentral oppgåve. I 1983 var det til dømes berre to biologar av ein stab på 44.

Utover på 1980-talet drøfta ein stadig kva fagleg orientering instituttet skulle ha, og i november 1987 vart det oppretta eit offentleg utval som skulle vurdere utviklinga av norsk polarforsking, mellom anna for at Miljøverndepartementet skulle få «det kunnskapsgrunnlag som er nødvendig for en riktig forvaltning av polarområdene».

Omtrent samstundes fann strategane ved Universitetet i Tromsø ut at dei skulle opprette eit senter for arktisk forsking – namngitt etter Roald Amundsen. Senteret skulle synleggjere og styrkje polarforskinga ved universitetet.

NOU-en vart levert i juni 1989. Organisering og lokaliseringsspørsmål hadde ikkje vore ein del av mandatet, men utvalet hadde likevel ei formulering om at Tromsø peika seg ut som eit eigna nasjonalt senter for polarverksemd – og at ein måtte vurdere om heile eller delar av Norsk polarinstitutt skulle flyttast til Tromsø eller til Svalbard.

Denne ordlyden vart lagd merke til i nord.

Vippetangen

På nyåret 1990 gjekk det rykte om at Norsk polarinstitutt ønskte å byggje eit nytt polarsenter på Vippetangen i Oslo sentrum. Direktør Odd Rogne nekta for at det fanst slike planar då Nordlys konfronterte han med saka. Men då NRK fann utgreiingsdokumenta og kringkasta planen 20. januar, small det i Tromsø.

Senteret skulle huse fleire polare institusjonar, men skulle òg ha ein stor publikumsdel for å syne norsk polarverksemd og -historie. Rogne var på tenestereise i Moskva og kunne ikkje kommentere saka då ho sprakk. Resten av staben fekk munnkorg.

Det var det ingen i Tromsø som fekk: «Vi kommer til å arbeide meget aktivt for å flytte Norsk polarinstitutt til Tromsø», var den klåre meldinga frå rektor Ole Danbolt Mjøs og direktør Harald Overvaag ved Universitetet i Tromsø.

Norsk Polarinstitutt kunne i 1998 flytte inn i det nybygde Polarmiljøsenteret i Tromsø.

Foto: Andrea Taurisano / Norsk Polarinstitutt

Stortingsrepresentant William Engseth frå Troms kravde eit svar frå miljøvernminister Kristin Hille Valla. Ønskte ho – som senterpartiminister – verkeleg ei nyetablering av eit senter i Oslo? Kort tid etter hadde alle politiske parti i Tromsø samla seg om ein polarforskingskampanje, på initiativ frå Senterpartiets Frits Jensen – som kunne fortelje partikollegaen i ministerposten at Tromsø var lei av treneringar.

Valla svarte med å setje ned eit interdepartementalt utval.

Distriktspolitikk?

Rogne mislikte at planen hadde vorte ein «distriktskrangel». Perspektivet på Vippetangen skulle snarare vere nasjonalt, hevda han i Aftenposten, «slik at det skulle være rom for alle». Deretter reiste han med instituttleiinga til Tromsø.

Her kunne Rogne fortelje at Polarinstituttets hovudoppgåve var å vere «‘vaktbikkje’ for norske polarområder», at oppdragsgivaren deira var «norsk sentraladministrasjon», og at arbeidsområda til instituttet var nord for 74. breiddegrad og sør for 60. Altså ikkje det Arktis som er ein del av Fastlands-Noreg.

Forskingssjef Thor Larsen følgde opp i Nordlys. Tromsøs plassering – og byens polarhistorie – gjorde ikkje at han automatisk var spesielt eigna som senter for polarforsking. Ei flytting ville snarare rasere polarforskinga i Noreg, sidan dei tilsette i realiteten vart sende på dør. Verknadene ville med andre ord bli alvorlege, langvarige og skadelege for nasjonen. Det fanst kort og godt ingen andre argument for flytting enn at Tromsø ønskte seg Polarinstituttet, skreiv Larsen, før han avslutta: «Det er – for å omskrive et gammelt ordtak: Skitt i Norge, leve Tromsø!»

Politisk skifte

Leiinga i Polarinstituttet hadde neppe førestilt seg den styrken som utvikla seg i Tromsø-kampanjen – og den oppslutninga slagordet «Flytt Norsk polarinstitutt nord for polarsirkelen» etter kvart fekk. Sett frå Tromsø var det inga ulempe at fagministeren for instituttet kom frå Senterpartiet, som talte varmt om utflytting av statlege institusjonar. I tillegg hadde Tromsø fått signal om at utanriksminister Kjell Magne Bondevik såg positivt på ei flytting.

Men regjeringa Syse gjekk av 3. november 1990 på grunn av indre splid om EF-saka. Gro Harlem Brundtland overtok, med Thorbjørn Berntsen – frå Oslo – som miljøvernminister. Det vekte uro i nord.

Like før jul i 1990 leverte Polarinstituttet si eiga melding om flyttesaka. På framsida hadde dei henta fram instituttets gamle emblem, som synte andleta til dei tre store i norsk polarhistorie: Fridtjof Nansen, Roald Amundsen og Otto Sverdrup. At dei brukte dette, vart forklart med at Sverdrup hadde budd i Sandvika. Nansen på Lysaker. Og Amundsens heim låg tvers over fjorden. Med andre ord: «Oslo-området har polartradisjoner».

Berntsen fekk overlevert rapporten saman med ein isbjørnskalle. Det var Thor Larsen som stod for overrekkinga. Men like før Berntsen fekk gåva, trekte Larsen resolutt tennene ut av kjeften på bjørnen, ei etter ei, og putta dei i lomma. Kraniet vart no, ifølgje Larsen, redusert til «en tannløs levning av det som en gang var en veltilpasset og slagkraftig organisme. En slik skjebne vil også Polarinstituttet lide om det blir flyttet til Tromsø.» Men, held Larsen fram, han kunne love den nye ministeren ein ting: Dersom Polarinstituttet vart verande i Oslo, ville han personleg kome og setje tennene på plass igjen.

Nokre dagar seinare kom den interdepartementale rapporten. Tre departement meinte ei flytting til Tromsø ville «gi de beste forutsetninger for styrking av polarforskning». Utanriksdepartementet, derimot, var sterkt imot. Dei la vekt på kombinasjonen av forsking, forvaltning og behovet for å vere til stades i polområda – og ytra eit ønske om å styrkje «det nære samarbeid mellom Utenriksdepartementet og Norsk Polarinstitutt».

Justisdepartementet og Miljøverndepartementet ønskte ikkje å konkludere enno.

Ein uforsonleg strid

Tromsøkampanjen rulla vidare med rektor Mjøs som den profilerte talsmannen som avslutta kvar einaste tale han heldt, uansett tema, med desse orda: «For øvrig er det mi meining at Norsk polarinstitutt må flytte til Tromsø.» Biletet som vart teikna frå nord, var at Tromsø hadde ei sterkt ekspanderande polarforskingsverksemd, og at det ville bli ein styrke for instituttet om det kom til eit miljø som var oppteke av polarverksemda – historisk, kulturelt, som næring – og som forsking. Tromsø dreiv samstundes ein nådelaus påverknadskampanje mot dei politiske miljøa.

Polarinstituttet, på si side, ønskte å formidle at heile flyttesaka var tufta på ei misoppfatning om kva som eigentleg var hovudoppdraget til institusjonen: fyrst og fremst at han var ein reiskap for styresmaktene i forvaltninga og kartlegginga av dei norske polområda. Ein slik kompetanse fanst ikkje i Tromsø. Her var korkje breforsking eller havisforsking – og det geologiske miljøet var lite samanlikna med det i Oslo.

Dessutan ville ei flytting få uheldige sosiale konsekvensar for dei tilsette. Og sidan dei fleste ikkje ville vere med, var det berre eit tomt skal som ville kome til Tromsø.

Stortingsrepresentant Jens Stoltenberg tok på nyåret 1992 til motmæle mot flytteplanane: «Grensen er nådd for hvor mange statsinstitusjoner som skal flyttes ut av hovudstaden», var hans melding i Aftenposten, og han meinte Oslo-området stadig tapte «i kampen mot Distrikts-Norge». Stoltenberg hadde nettopp slutta som statssekretær for Berntsen, men også hans gamle sjef uttalte seg: «Polarinstituttet er et svært viktig rådgivende organ for den sentrale statsadministrasjonen og bør derfor være i hovedstadsområdet.»

Barentsregionen

Det vart harde tak mellom statsrådane i regjeringa. Dei som gjekk inn for Tromsø, vektla regionale og distriktspolitiske sider av saka. Medan «polardepartementa», Miljøvern-, Justis- og Utanriksdepartementet, hevda at ei lokalisering utanfor Oslo ville gjere det vanskeleg for Noreg å følgje opp dei internasjonale forpliktingane sine.

Men 25. april 1992, på årsmøtet til Troms Ap, lanserte utanriksminister Thorvald Stoltenberg eit omgrep som skulle gi ein ny vektbalanse: «Barentsregionen». Tanken var eit samarbeid mellom dei nordlege områda av Russland, Noreg, Sverige og Finland. Etter kvart vart det klart at om Noreg flytta ein viktig forskings- og forvaltningsinstitusjon inn i regionen, kunne ein vise at ein verkeleg meinte alvor. Den tanken snudde samstundes korleis Utanriksdepartementet måtte sjå på ei flytting av Polarinstituttet.

Berntsen innsåg at han hadde møtt på hard kvist. Han hadde no valet mellom å gå på eit nederlag – eller snu saka til ein siger. Han valde det siste. Han gjekk inn for ei storsatsing i Tromsø – og uttalte «at no må det puttas penger i bøssa».

7. mai 1993 leverte Miljøverndepartementet stortingsmeldinga til regjeringa: «På grunn av den vekt polarforskningen innen Barentsregionen vil få i tiden framover, og de store utfordringer miljøvernforvaltningen har i Barentshavet nord, finner Regjeringen det hensiktsmessig at Norsk Polarinstitutt blir lokalisert i Tromsø.»

Polarinstituttet prøvde forgjeves å få fram at Barentsregionen ikkje låg innanfor arbeidsområdet til instituttet. Svalbard var til dømes ikkje ein del av regionen. Men til liten nytte. Regjeringa tok si avgjerd i april 1993.

Stortingsdebatten

Utfallet var gitt då saka kom opp i Stortinget 9. juni 1993. Det hjelpte ikkje at Jan Petersen hevda at Roald Amundsen budde «på Svartskog, en mils vei syd for stortingsbygningen», og at det kom til å koste Nord-Noreg «blodig anseelse» når dei no ville «rykke opp polarinstituttet». Det nytta heller ikkje at Fridtjof Frank Gundersen hevda det var ein «distriktsmessig konspirasjon som foregår mot østlandsområdet». Eller at Jan P. Syse minte forsamlinga om «at vår klode har to poler», og at Polarinstituttet også hadde oppgåver i Antarktis.

Då stemmene skulle teljast opp, stod Nord-Noreg mot Oslo og Akershus. I resten av landet stod Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og SV mot Høgre og Frp.

Med 91 mot 54 stemmer avgjorde dei folkevalde at Norsk polarinstitutt innan utgangen av 1998 skulle liggje i Tromsø.

Kvifor vann Tromsø?

Flyttespørsmålet hadde neppe teke slik fyr om ikkje Vippetangen plutseleg dukka opp. Men saka hadde ikkje fått kraft over tid utan ein koordinert kampanje med politikarar og universitetsfolk, som brukte sine politiske kanalar og hadde ein enkel retorikk: Om ikkje Polarinstituttet kan flytte til Tromsø, kven kan då det? Det er likevel lite truleg at kampanjen hadde vore nok. Den store forskjellen kom då flyttespørsmålet vart sett i samband med opprettinga av Barentsregionen. Då mista flyttemotstandarane det beste argumentet sitt: nærleik til utanriksmakta.

Flyttinga vart avgjord i den utanrikspolitiske optimismen i kjølvatnet av Sovjetunionens samanbrot. Det er vanskeleg å sjå for seg at det kunne ha skjedd på 1980-talet. Heller ikkje med dagens geopolitiske situasjon i Arktis.

Harald Dag Jølle

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk polarinstitutt og fast skribent i Dag og Tid.

Korleis har det gått etter flyttinga? Eg er tilsett ved Norsk polarinstitutt og skal ikkje vurdere det. I dag er det nesten 200 tilsette på instituttet, dei fleste med arbeidsstad i Tromsø. Polarinstituttet held til i Framsenteret som vart reist i samband med flyttinga, og som husar 20 institusjonar med til saman 500 tilsette. Tromsø har sekretariatet for Arktisk råd.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis