Kadita

Det hender ein tenkjer på den andre tida. Men ikkje ofte. Bør eg ha dårleg samvit for å gå her i dag? Eg kan ikkje endre på noko som hende i Israel 23 år før eg skulle bli fødd i Noreg.

Eg tar strøjobbar saman med svogeren min. Det hender vi går på vedsanking i lag og køyrer ut ved som vi sel svart.
Eg tar strøjobbar saman med svogeren min. Det hender vi går på vedsanking i lag og køyrer ut ved som vi sel svart.
Publisert

Kadita, ein landsby i fjellet, nord i Galilea, er den andre heimen vår i Israel. Vi pendlar dit frå Golanhøgdene der ungane går på skule i vekene. Slekta til kona mi kjem frå Kadita. Så det er Kadita som kan seiast å vere den eigentlege heimen vår i Israel, meir enn Golan. Her har vi vener og kjende, og det står eit lite hus på toppen av denne landsbyen, i ei klynge av hus, som høyrer til i familien. I dette huset tar vi inn når vi vil.

Landsbyen ligg 830 meter over havet. Han voks fram på begge sider av dalen, med utsikt ned mot Genesaretsjøen i aust og det snøkledde fjellet Hermon i nord. I vest har ein slettene i Libanon. Grensa til landet som husar erkefienden Hizbollah, ligg berre ti kilometer unna oss.

Enklare liv

Landsbyen blei etablert i 1982. Ein del familiar ville bryte med mainstream-samfunnet og bu på eit enklare vis, nærare naturen. Søke noko opphavleg, noko som er meir ekte enn det storsamfunnet har å by på. I dag bur det om lag tretti familiar her, meir eller mindre fast.

Nokre bygningar ligg spreidde, og nesten skjulte, under trea. Dei skeive husa blei snikra på tomteland som høyrer staten til. Merk: Den som bur på dette fjellet, er innanfor Israels grenser. Dette er ikkje Vestbreidda, og det er ikkje Golan. Men staten har så langt ikkje godkjent Kadita. Plassen rører seg i gråsona. Ein kunne seie at staten har sett gjennom fingrane med Kadita. Her lever ein i uvissa, og mange har lært seg å leve med det. Mange her vil gjerne ha det slik – så lenge som råd. Den dagen plassen blir godkjend, risikerer ein at staten kjem inn med asfalt og straumliner og andre beine løysingar. Alt som ein ville ta seg bort ifrå, då ein søkte til Kadita, som huslånet og straumrekninga.

Kvifor kjenner eg meg dregen mot Kadita? På grunn av det enkle levesettet, og det nære sambandet med jorda. Dei modige folka som bur her, som står på sine eigne barrikadar, trass i det veldige strevet det medfører. Med heimane og tuna som dei bygde opp. Ein plass som dette er unik i 2017, men tida held på å renne ut. Eg ville bli med på ein del av vegen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement