Mat

Juleramen

Ramen med soyamarinerte egg.
Ramen med soyamarinerte egg.
Publisert

Så vart det jul og nyttår i Noreg likevel. Eg som skulle til kunstnarbustad i Berlin i to veker, sitje på halvskitne kneiper med interessante og rare folk eg aldri hadde møtt før, ete saftige snitslar eg kunne skryte av i ei smal nynorsk kulturavis – slik blei det ikkje.

Det er liten vits i å dra til Berlin når det meste ein kjem til å oppleve, sannsynlegvis er å stå i ubehagelege køar på flyplassar med mann brann, høne pøne, gasse vasse og åtte skrikarungar, vel framme å måtte rømme unna antivaksarar og nynazistar som går berserk i demonstrasjonstog, og så bruke opp resten av reisekassa på munnbind og hurtigtestar.

For oss som elskar å reise, er denne situasjonen drepen, sjølv om det finst eit alternativ: Eg kan sjølvsagt late som eg reiser. Eg treng jo forandring, så eg kan alltids flytte ut frå soverommet og reie opp i stova. Så kan eg om morgonen ta på meg ein frakk og ei alpelue eg ikkje har brukt på mange år, reise med trikken til ein stoppestad eg aldri går av på, og handle i ein butikk eg ikkje har vore i. Men det blir ikkje heilt det same. Det gjer ikkje det.

Sidan det ikkje blei berlinske julemarknader med currywurst og glühwein, tenkte eg å føre vidare den ganske nye tradisjonen med å servere sønene mine ramen til jul. Denne japanske favoritten har begynt å ta av også her i landet, og det som alltid skjer når det nærmar seg jul, er at eg må sjekke om eg har ingrediensane.

Ofte står det som trengst i skapet, men ein skal ikkje alltid stole på den flaska med soyasaus ein kjøpte for eit år sidan, sjølv om ho ifølgje datoen held til 2022. Heller ikkje fiskesausen, som gjerne blir full av saltkrystallar etter ei tid. Og det å gå på ein velfylt asiatisk supermarknad er jo ei heil oppleving i seg sjølv.

Eg drog av garde og kom heim med fangsten, som blei avbilda og lagd ut i såkalla sosiale medium. Ikkje lenge etter fekk eg ein spydig kommentar: «Ramen med risnudler? Du skal nok heller lage pho

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement