JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Johannes Gjerdåker (1936–2020)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Gjerdåker vart 84 år gamal.

Johannes Gjerdåker vart 84 år gamal.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Johannes Gjerdåker vart 84 år gamal.

Johannes Gjerdåker vart 84 år gamal.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

8134
20200430

«Kva for dikt set du høgast?»
«Av dei ti beste dikta i verda har
Burns skrive alle ti», svara
Johannes med eit smil.
Diktet «To a Mouse» var eit av
favorittdikta hans.

Til ei mus

som eg kom til å pløgja opp med bolet hennar, november 1785

Ørvesle dyr som skræmt vil springa,

kor redsla dirrar inni bringa!

Du treng ’kje hasta slik og svinga

i pilsnøgt jag,

eg vil ’kje slå deg eller stinga

det minste slag!

D’er vondt å sjå at Mannsens makt

her braut Naturens opphavs-pakt,

at du har grunn te ve’ på vakt

og fly frå meg –

som mål for liv og død fekk lagt

på jord med deg!

Eg veit du stel litt, med du streva’,

kva så? Du arme, du lyt leva!

Det er eit strå mot fylte treva

på romsleg låve,

og ho gjev signing i all æva

ei lita gåve!

I bitar fall ditt eige hus,

og tak og veggjer ligg i grus!

No vantar bygningsvyrke, Mus,

av halm og mose,

desembervinden stryk med sus,

og alt vert frose!

I kring deg såg du snøydde lende

der vinterkulden kom attende,

Du bygde hus med strå i hende,

som skulle verja,

men plogen kom, han skar og vende,

og alt er herja!

Så liten haug av stubb og strå

har kosta mykje strev endå!

No stend du snaud og sakna må

ditt hus, din kost.

Den kalde årstid vil deg nå

med drev og frost!

Men, Mus, d’er fleir enn du som stend

og ser si gjerning endevend;

den beste plas for Mus og Menn

går tidt til tjon,

og kvida riv så tåra renn

for brotna von.

Lel er du sæl mot meg!

for berre stunda rører deg,

men, å! eg ser min farne veg ­–

kvar sorg vert sedd,

framføre ser eg knapt eitt steg,

og eg er redd!

Ein god ven er gått bort. Ein diktarhøvding og språkmeister. Det er ikkje vanskeleg å finna store ord eller nemna store verk. Men det er ikkje det som kjem fyrst. Det er det karakteren som gjer, det varme, djupe mennesket Johannes Gjerdåker, lidenskapeleg interessert i alt menneskeleg til alle tider, som i sine eldre dagar kunne seia høgt om noko tema som dukka opp: «Gaman å læra noko meir om det!» Han synte respekt for alt han retta merksemd mot. Eit langt liv i bøker hadde gjort han audmjuk og meir nyfiken på livet. Det var helst då samtalepartnaren gjekk tom, at ein fekk sjå glimt av det han sat inne med. Eg tenkte ofte tanken og lyt seia det høgt no: Han var nett slik eit danna menneske skal vera. Som ein glimestein.

Eg vart kjend med Johannes i 1996. Han snakka til meg på feilfritt islandsk, då var det gått førti år sidan han hadde vore dreng på ein islandsk gard. Samtalen dreidde mot islandsk poesi, til det islendingane kallar «vísur», som svarar til norske gamlestev. Det viste seg at han hadde gjendikta ein god del islandske viser, utan synleg strev glei innhaldet beint fram på nynorsk med korrekt rytme, enderim og ikkje minst studlasetning, eller bokstavrim. Denne bragda hadde ingen annan greidd før Johannes, resultatet kom ut i ei bok i 2017. Han hadde sysla med dette sidan 1950-talet.

Gjendiktingane hans er ein av dei store bautaene som står etter han. Alle veit at det trengst ein stor diktar for å gjendikta godt, noko Johannes viste med diktsamlinga Skot på gamal stuv i 1978. Men det er meir som trengst. Johannes hadde ei evne utanom det vanlege til å læra seg språk. Det meste gjekk an «om ein hev hug til å lære», sa han ein gong til meg då eg spurde om ikkje persisk var vanskeleg å tileigna seg.

Ein må også ha levd diktet. Eg skjøna at teknikken hans innebar å læra utanboks og bera det med seg, og ha tolmod til å venta på den rette løysinga. Mange år seinare, då hug og hjarta var i den rette stemninga, kunne løysinga kome. Bøkene med gjendiktingane hans frå 90- og 2000-talet hadde han bore i hjarta og finpussa gjennom eit heilt liv. Ein gong då vi reiste i lag i Sogn, blunda Johannes av i bilen og mumla for seg sjølv på latin – eg meiner det var eit problem relatert til Horats han heldt på med på den tida. Han omtala poesien til Horats som ei «samanstrøyming av klårt vit og varm kjensle», og dette kan trygt seiast å vera essensen i hans eigen estetikk.

Gjennombrotet var nok gjendiktingane hans av skotten Robert Burns på 90-talet, i alt tre bøker, utgjevne av Samlaget. Her kjem sansen for klang og rytme til sin rett, musikken i språket, Johannes snakka om «tonemet» i orda. Burns dikta jo til songar, og med song har gjendiktingane til Johannes gått vidare. Det glir så fint, alt han skreiv, ikkje rart at musikarar søkjer til tekstane hans. Johannes fekk nokre prisar, mellom anna for Burns-samlingane, og vart til ein viss grad sett i det litterære miljøet. Eg hugsar at då Vagant-gutane slakta det meste som kom ut av norsk litteratur, skreiv ein av dei at gjendiktingane til Gjerdåker burde verta bundne inn i lêr med gullskrift på. Dikt av persaren Omar Khayyam kom ut i 1997, og sidan kom odane til Horats ut i tre bind på 2000-talet. Om ein ikkje visste betre, kunne ein ha tenkt at dikta til Horats og Burns vart skrivne på Voss – han gjer desse tekstane til sitt eige. Johannes gjendikta òg frå tysk, engelsk og fransk.

Bortsett frå alt det som er vorte nemnt, må ein god gjendiktar fyrst og fremst kunna sitt eige språk og kjenna sin eigen kultur. Hjarta slo for nynorsken, han var ein «målmann» av rang. Eg las ein gong eit referat frå eit møte hjå Vestmannalaget i Bergen. Ein kunne skjøna at då møtet løyste seg opp i heftige diskusjonar, vart salen berre stille då Johannes snakka. Det sagt, så snakka han like varmt om dikt på den andre målforma òg.

Eg meiner eg fekk sett ein smule av målmannen. Eg vart så heldig å kunna få han til å omsetja ein av romanane mine. Johannes leverte ein papirbunke med ei nydeleg blekkpennskrift. Det var nokså ferdig tekst – det meste var klårt før det vart nedskrive, som i mellomalderen. Ei velskapt dame vert omtala i teksten, det islandske ordet var dægileg, frå det danske deilig, men slike ord ville ikkje Johannes sjå i sin tekst. Ikkje tale om! På redaksjonsmøtet skulle vi snakka oss gjennom manus, men rakk ikkje stort meir enn å drøfta dette eine ordet og ei mogleg erstatning av det. Der fekk ein òg innsyn i arbeidet han la ned i tekstane sine.

Prøysen var nok ein av dei han sette høgast på dei heimlege kantar, men like stor pris sette han på svenske visesongarar og diktarar. Ein gong reiste vi i lag til ein åndsfrende i Sverige. Ein av kveldane kom naboane på besøk, med gitar. Dei hadde gløymt tekstboka, men sette i gang med Evert Taube og Dan Andersson. Då dei stogga opp, vart det Johannes som hugsa versa.

Samstundes som Johannes omfamna utanlandsk litteratur, stod han støtt i det heimlege – eller kanskje det nett var grunnen til at han var så open mot andre kulturar. Han skreiv fleire lokalhistoriske bøker med stor fagleg tyngde og detaljrikdom. Han dreiv Vestanbok forlag ei stund og gav mellom anna ut skrifter av sin høgt skatta Aasen. Om lærarjobben på Voss gymnas brukte han å seia at «ein lærer så lenge ein har elevar». Han var lenge fast spaltist i avisa Hordaland på Voss, og han skreiv mange innlegg i Dag og Tid og andre aviser og tidsskrift. Den store kunnskapen han hadde om klassisk og europeisk kultur, vart gjerne eit referansepunkt, det er dyrebart for alle samfunn å ha ei slik røyst. Gjendiktingane hans er nok ein del av det same danningsprosjektet: «Les klassisk!», er bodskapen hans, som vert stadig meir aktuell.

Johannes sleit med helsa dei siste åra. Kunne ein deklamera ei god vise eller strofe i eit dikt, livna det varme smilet likevel til, han smilte slik at heile andletet lyste opp. Eg kjem til å sakna det smilet, som så mangt anna ved denne rause karen. Minne om turar, samtaler, deklamasjon av «Kornband» dirrar i bringa. Mange har mista ein god ven, slekt og familie har mista ein gjev frende, Noreg har mista ein av sine store søner. Det heldige er at mykje av det uvurderlege arbeidet hans er tilgjengeleg for komande generasjonar, det vil stå like lenge som det norske språket.

Eg tek ein venskaps skål i lag med dykk alle. Det høver å ende med ei vise av den islandske Bólu-Hjálmar i Johannes si gjendikting:

Vitnemål i mot meg skein,

midt i det andre grjotet,

at Gud eig mang ein glimestein

som gløder i manneskrotet.

Bergsveinn Birgisson

Robert Burns

Gjendikta av Johannes Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis