Reportasje
Jarndalen
NUMEDALSVASSDRAGET: Jarnet frå Hardangervidda vart selt i Kaupang og definerte dalen i stordomstida i jarnalderen.
Numedalslågen går rakt gjennom Kongsberg sentrum. Før sylvverksemda frå 1600-talet gav liv til Numedal, var jarnverksemd viktig for busetjinga i dalen.
Alle foto: Håvard Rem
Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal heiter dei tre kommunane som utgjer Numedal, eit område som i flatemål er om lag like stort som Østfold, men utan 300.000 innbyggjarar som det tidlegare fylket. I Numedal bur 6500 menneske, og om det lyder som eit lågt tal, er det historisk sett høgt.
Jarnet
Men før eg rapporterer frå dei tre kommunane, må eg seia noko om vassdraget, for ein kan ikkje skjøna dalen utan å skjøna elva som har gjeve han liv.
Numedalslågen er den tredje lengste elva i landet, etter Glomma og Pasvikelva. Er det ei verksemd, eit produkt og ei verdikjede som kan definera vassdraget, frå Hardangervidda til Skagerrak? Og som samstundes er eit hovudkapittel i den kulturelle opphavssoga til Numedal som ein stad med fast busetjing og rik kultur?
Er det skogbruket, tømmerfløytinga og sagbruks- og trevareindustrien? Er det jordbruket og stølsdrifta? Eller jakta på villrein og fisket etter laks og aure? Er det kraftverka og straumproduksjonen? Turismen og hyttefolket?
Alt saman har vore og/eller er viktige næringsvegar i Numedal, sogene deira er kjende, men no ynskjer me å sjå på ei mindre kjend verksemd, og ei vel så omfattande, historisk og geografisk, frå folkevandringstid til svartedauden, frå Hardangervidda til Skagerrak: produksjon og sal av jarn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.