Reportasje
¿ Jarnbanen i Himalaya
TIBET: Andre transkontinentale jarnbanar endra historia for lenge sidan. Jarnbanen til Lhasa endrar historia medan ein er om bord.
Tibetansk fjellheim kring 4000 moh. Tusen meter høgare er alt kvitt.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
Me er på toget til Tibet. I to døger skal me klatra mot høgder ingen jarnbane før har nådd, meir enn 5000 meter over havet, gjennom Himalaya, over permafrosten, mot ein stad eg drøymde om som gut: Lhasa og Potala-palasset. Om morgonen skal me vakna i dei kvite sengekleda, ikkje for å sjå på fjernsynet som er montert i veggen ved fotenden av senga, men for å sjå ut av togvindauget, på flokkar av beitande jakoksar i forgrunnen og snøkledde fjell i bakgrunnen.
Er det ikkje ei vedunderleg jord me bur på? Er det ikkje berre å leggja av garde?
Ferdavindauget
I fjor haust, medan eg planla ei reise som no er utsett, sa eg til borna at eg hadde ei kjensle av at ferdavindauget i verda ikkje naudsynleg vil stå på vidt gap i all æve. Det var ikkje ei overnaturleg openberring, jamvel om det synte seg å stemma, men meir ei kjensle av at fri ferdsle på jorda ikkje er sjølvsagt.
Kjensla bygde på røynsler òg. Eg hadde sjølv opplevd at vindauge lukka seg, som til dømes landevegen til det me ein gong kalla Det fjerne austen, ei nemning som leksikon no fortel er ugrei, av di ho på eurosentrisk vis definerer Austen som fjern i høve til Vesten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.