Jakta på det tunge vatnetMotoren til dei store straumane i verdshava ligg i Arktis. Me duvar på leit etter det tyngste vatnet i verda.
Motoren til dei store straumane i verdshava ligg i Arktis. Me duvar på leit etter det tyngste vatnet i verda.
Førsteamanuensis Ragnheid Skogseth (t.h.), professor emeritus Tor Gammelsrød og doktorgradstipendiat Eli Anne Ersdal på tråldekket til «Helmer Hanssen». Dei undersøker kva som skjer med havet og fjordane på Svalbard.
Foto: Line Nagell Ylvisåker
Det er så godt som vindstille, berre dønningane gyngar forskingsfartyet «Helmer Hanssen» sørover langs Vest-Spitsbergen. Havhestar følgjer skipssida. Her og der ser me blåsten frå kval. Under skipet går motorvegen med varmt atlanterhavsvatn frå Mexicogolfen, ei forlenging av Golfstraumen kalla Vestspitsbergstraumen.
Ein gråskjeggete mann med brillene litt nede på naserota og smilande auge under buskete bryn har følgt havstraumane heile sitt vaksne liv. Tor Gammelsrød er professor emeritus i oseanografi ved Universitetet i Bergen og Universitetssenteret på Svalbard (Unis).
– No skal me sjå om me finn verdas tyngste og kaldaste vatn, om me set ny rekord, seier han.
Målet for studietoktet er den grunne Storfjorden aust for Spitsbergen. Denne fjorden kan fungere som eit laboratorium for å studere produksjonen av is og tungt vatn.
Varmt, salt vatn overtek
Dei siste åra har det blitt varmare både i lufta og i vatnet her nord. Aldri før har iskarta til Meteorologisk Institutt vist så lite is rundt Svalbard på sommaren som i år. Isen smeltar både ovanfrå og frå undersida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.