Reportasje
Islands vegar er uransakelege
Islendingane borar stadig djupare for å hente energi frå helvete.
Krafla kraftverk, Kröflustö¿ på islandsk, er eitt av seks geotermiske kraftverk. Bygginga starta i 1975, og her hentar dei varmt grunnvatn frå til saman 30 (!) borehol som driv to dampturbinar. Anlegget har ein total kapasitet på 60 megawatt (MW). Nei, det er vel ikkje så mykje?
Alle foto: Hallgeir Opedal
Nettene er lyse her nord. Polarsirkelen sneiar så vidt borti Island, og Myvatn ligg på om lag same breiddegrad som Brønnøysund.
Rommet i fyrste etasje på Eldá Guesthouse har store vindauge, heile austveggen er glas frå golv til tak, og gardinene er ikkje lystette. Eg vaknar klokka tre, det er fullt dagslys, men eg kan jo ikkje stå opp. Så dei neste timane fell eg inn og ut av svevnen og høyrer vinden ruske i bjørkekratt og regnet piske mot glasrutene. Når eg trekkjer frå gardinene klokka sju, er det grått og vått som ein hustrig haustdag.
Myvatn er eit paradis for fugleelskarar, og sjølv om eg er over middels interessert i fuglar, er det ikkje horndykkarar og kvinender eg har tenkt å kikre etter denne føremiddagen. Eg vil i staden prøve å få besøkt ein geotermisk kraftstasjon. Styrtregnet styrker den avgjerda.
Sidan dei fyrste landnåmsmennene kom til Island, har islendingane nytta seg av dei varme oppkomene. Snorre Sturlason fekk mura seg ein badekulp heime på Reykholt, og då kollegaen Halldór Laxness 700 år seinare bygde seg eit funkishus på heimgarden Gljúfrasteinn, fekk han støypt eit utandørs svømmebasseng. Det varme vatnet blir elles nytta i offentlege bad, og dei er det mange av. Kvar ei bygd har basseng, og det blir sagt at desse bada er islendingens andre heim. Sidan 1943 har svømmeopplæring i skulen vore obligatorisk. Det har redda mange liv.
Gudlaugur Fridtórsson heiter ein mann, og han er fødd på Vestmannaeyjar i 1961. Han er fiskar og kvardagshelt. I mars 1984 var han saman med fire andre om bord i fiskebåten «Hellisey» aust av Vestmannaeyjar. Båten var tungt lasta, sjøen grov, og klokka elleve om kvelden gjekk han rundt. To mann forsvann straks i bølgjene, men Gudlaugur, som var ein sterk og velfødd mann på 23 år, klora seg fast til kjølen saman med to andre. Det var to minusgrader i lufta, seks grader i sjøen, og nattsvart. Gudlaugur var kledd i olabukse, skjorte og genser. Dei bad Fadervår.
Båten sokk, og dei la på svøm. Snart mista dei synet av kvarandre. Gudlaugur var aleine. Tak for tak kava han i bølgjene, han svømde bryst og på rygg, mens tankane flaug hit og dit. Han ville flytte til New York, tenkte han, det hadde alltid vore ein draum, og så tenkte han på motorsykkelen han hadde bestilt frå England, og på alle han skylde pengar. Han kunne ikkje døy. Gudlaugur svelgde sjøvatn, kasta opp og heldt hovudet så høgt at det verkte i nakken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.