Ingrid Bjerkås:Kva ville ho med livet?Ingrid Bjerkås (1901–1980) var første kvinnelege prest i Den norske kyrkja. Ho vart ordinert på Hamar i 1961 og kort etter utnemnd til sokneprest i Berg og Torsken på Senja. Store delar av kyrkjeleiinga var imot utnemn
Ingrid Bjerkås (1901–1980) då ho vart ordinert til prest i Vang kyrkje i Hamar 19. mars 1961.
Foto: Stage / NTB scanpix
Ingrid Bjerkås (1901–1980) var første kvinnelege prest i Den norske kyrkja. Ho vart ordinert på Hamar i 1961 og kort etter utnemnd til sokneprest i Berg og Torsken på Senja. Store delar av kyrkjeleiinga var imot utnemninga. Ho vart skulda for å påføre kyrkja uboteleg skade. Bjerkås vart baktala, og ryktet sa at ho ikkje på noko vis var eigna som prest. Men ho var tøff, hadde vore motstandskvinne og hadde sete eit år på Grini under krigen.
Den viktigaste boka hennar?
Bjerkås skreiv berre éi bok, men ho var òg den viktigaste. Det var sjølvbiografien Mitt kall, som kom i 1966. I boka fortalde ho om livet sitt og vegen til både motstand under krigen og prestetenesta. Det er ei skakande og fascinerande historie. Preikene hennar er seinare utgjevne og gir eit inntrykk av forkynninga hennar.
Kva meinte ho om samtida?
Ho var oppteken av at kvinner måtte ta ansvar og bruke evnene sine. Ho var positiv til kvinnerørsla medan ho var kritisk til dei konservative mannsrøystene i kyrkje og samfunn. Ho kritiserte biskopane for å la mannen sleppe for lett i abortstriden på 1970-talet. Lenge stemde ho Arbeidarpartiet. Etter tida på Senja vart ho med i Senterpartiet. Både EF- og Alta-saka var ho oppteken av.
Kva innverknad hadde ho på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.