Historie
Ingerid Sletten av Sillejord
Barndomens viseskattar:
Seljord kyrkje.
Fotograf: ÅM Seljord, Nasjonalbiblioteket
Frå eg var barn, kan eg hugsa besto mi, mormor, syngja om jenta som hadde ei lue ho var så glad i at ho gøymde henne i kista si til dagen ho skulle stå brur. For meg, barnebarnet, var det ein underleg song – at ei lue som låg i ei kiste, kunne rotna av seg sjølv. Visa var så trist, så trist – for stakkars jente!
Men har Ingerid Sletten vore ei verkeleg kvinne, spurde eg kulturformidlaren Sigurd Telnes frå same bygda som Ingerid, Seljord.
Ingen veit sikkert, seier han. Den næraste historia som blir fortald om Ingerid, er henta frå Bjørnstjerne Bjørnsons besøk på gjestegarden Sanda i Øvre Bø, som den gong høyrde til Seljord.
Her har dei funne diktaren innskriven i gjesteboka, på same tid som der arbeidde ei jente frå Sletta som heitte Ingerid, seiest det.
Kanskje var det slik at Bjørnson såg henne der og kom i prat med henne, eller at han berre hadde dikta seg inn i lagnaden til ei ugift kvinne, i denne rørande og tankevekkjande visa som me også finn i Bjørnsons roman Arne.
Unge Ingerid åtte ikkje stort av ytre rikdom før ho fekk ei lue av mor si. Lua skein som gull og opna for draumen om å få bera henne i bryllaupet. Men det kom ingen friarar, og åra gjekk til ho endeleg ein dag skulle ta henne ut av kista, og der var inga lue.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.