Ingen tårer
Flokar forsvinn som dogg for sola med Tangle Teezer.
Foto: Kristin Thorvaldsen
Eg ligg i sofaen og er vitne til eit mirakel. Me kosar oss med barne-TV, men det er ikkje Peppa Gris som gjer meg mållaus. På fanget til dotter mi sit barnebarnet mitt og får børsta ut dei lange, lyse lokkane fulle av flokar utan å kny. Ingen tårer, berre fryd i heimen. Er det for godt til å vera sant?
– Korleis er det mogleg, spør eg dottera mi.
– Eg børstar håret hennar med Tangle Teezer, seier ho og held fram ein rund børste.
Eg tek børsten, snur han og ser at han har to lag med mjuke tindar som spreier seg utover. Tindane minner om og kjennest ut som tentaklane på ei sjøstjerne. Kanskje dette produktet er endå eit døme på såkalla biomimikk der ein har henta idear frå naturen?
– Tangle Teezer er fantastisk, far. Han løyser opp dei verste flokar utan problem. Det er litt TV-shop-aktig, men han gjer akkurat det han lovar.
– Kan eg få prøve?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.