Sport
«Ikkje spring»
Ingrid Kristiansen med sonen i OL i Los Angeles, der ho tok 4. plass i maraton.
Foto: Bjørn Sigurdsøn NTB / NTB
Er det ein plass det er lett å gå seg vil, er det i jungelen av gravidråd. Det finst så mange meiningar, djupe erfaringar og formaningar. Men heldigvis finst også litt forsking. I alle fall no.
Då Ingrid Kristiansen vart gravid for 38 år sidan, var det ikkje berre å google. Som profesjonell gravid langdistanseløpar i 1983 vart ho anbefalt av idrettslegane å ikkje springe. Dette var tida då dei andre kvinnelege løparane i same situasjon la opp, mens mennene fekk dure på vidare. Råda irriterte Kristiansen, og ho heldt fram med å trene gjennom svangerskapet.
Etter at barnet vart fødd, var anbefalingane stort sett dei same. Sprang ho for mykje, sa dei at ho ville miste mjølka. Friidrettsforbundet hadde lite å komme med, og Kristiansen sprang vidare, no med vogn.
– Fyrst halve Mosvatnet, så runda eg heile. Og fullamma i over eitt år, fortel ho.
Ved å kjenne på eigen kropp laga Kristiansen sitt eige treningsopplegg. Med betre resultat enn nokon gong vart ho ein pioner for kommande idrettsutøvarar.
Det er forskinga til The American College of Obstetricians and Gynecologists (ACOG) som har lege til grunn for dei norske anbefalingane for trening i svangerskapet. Gradvis har råda gått frå å ikkje trene til den største endringa frå ACOG i 2002, då gravide vart anbefalt moderat trening i 30 minutt dagleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.