Sjakk
Idétørke
Magnus Carlsen spelar sakleg, men utan kreativitet på heimebane i Norway Chess.
Effekten av mjølkinga på garden til Felleskjøpet på Klepp var ikkje like god for Magnus Carlsen som for Aronjan (til venstre).
Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
Til den femte utgåva av superturneringa i Stavanger ville arrangørane samla det beste feltet i sjakkhistoria. Då var det ikkje plass til lokale heltar som Simen Agdestein eller Jon Ludvig Hammer. Dei ti beste spelarane i verda vart inviterte, og alle takka ja.
Lynsjakksiger
I eit slikt jamt og sterkt felt er normalresultatet remis. Men om alle dei 45 partia skulle enda remis, er det ikkje noko stort poeng å halda fram med sjakk på høgste nivå. Då kan ein pakka saman brikkene etter 1500 år med sjakkhistorie. Eller ein kan gå over til lynsjakk, slik dei gjorde den fyrste dagen i Stavanger. Der var Carlsen heilt suveren og vann med 7,5 av 9 poeng, heile 2 poeng føre Nakamura og Aronjan på 5,5 poeng. Det er ikkje tvil om at Carlsen har det snøggaste hovudet i sjakkverda, og han er den klåre verdseinaren i lynsjakkrating (2944) og snøgg-sjakkrating (2896).
Med lynsjakksigeren vart Carlsen skjenkt fem kvite parti (og fire svarte) i hovudturneringa. Men i den klassiske turneringssjakken er ikkje Carlsen lenger suveren. Med ratingtalet 2832 var han berre 20 poeng føre Wesley So før Norway Chess. Ingen av toppspelarane gjer store feil når dei har god tid på klokka. Så for å vinna må ein sjølv gjera noko ekstra. I Bilbao, sumaren 2016, var Carlsen kreativ i parti etter parti, men det siste året har det gått lenger mellom kvar gong. Og no i Stavanger er det idétørke.
Eg ser ikkje heilt kva han kan gjera annleis. Han gjer mykje rett som han alltid har gjort. Han spelar roleg i opninga og satsar på å ta over initiativet i midtspelet. Men det fungerer ikkje lenger. «Du må vera meir kreativ», kan vi seia. Men det er som å seia til ein hundremetersprintar: «Du spring bra, men du må springa eitt sekund snøggare».
Aronjans offerspel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.