JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Identitet på stett

Etter tips frå Regjeringen.no, dreg eg på sidersafari som turist i eigen fjord.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12762
20230811
12762
20230811

Dette, tenkjer eg der eg står i produksjonslokalet til eit av dei 24 sideria i Hardanger, med eit stettglas sider i eine handa og ein tannpirkar med ein ostebit i den andre. Dette skal eg servera gjestane mine frametter. Dette er meg – den nye meg.

Idet gjestane kjem, skal eg henta fram ei flaske sider frå Hardanger og ei fjøl med tempererte terningar av vellagra Fanaost, den som vann verdsmeisterskapen i ost for nokre år sidan.

Så skal eg seia: Sideren kjem frå Hardanger, ja, nett som eg. Og osten er frå Ostegården på Krokeide, berre nokre hundre meter frå ferjekaien. De køyrde forbi han på vegen.

Ein god kombinasjon kan ikkje blandast for mykje.

Eg er lett tenneleg når det gjeld alkoholtrendar. Eg har surfa på naturvinbylgja, hatt vinpakkar på trestjernersrestaurantar og drukke vin frå fødeåret mitt, 1986 – det smaka som å gå ned i ein fuktig kjellar.

Så då eg var i Norheimsund i ferien og vart obs på at det berre ein liten spaser- og båttur frå barndomsheimen min er noko dei kallar for sidersafari, var eg ikkje vanskeleg å be.

Eg har fått med meg at sider er ein bransje i vekst, at hardangersideren har nådd ut til både Vinmonopolet og Tax Free-en. På Regjeringen.no les eg at Noreg dei siste ti åra har blitt eit siderland. Salet av norsk sider gjennom Vinmonopolet har sidan 2011 til 2021 auka frå 3,9 til 64 millionar kroner, og i tillegg kjem alt som er selt andre stadar.

Etter lovendringa i 2016, som gav siderbønder lov til å selja sider frå eige gardsutsal, har industrien slått seg opp. No er det rundt 50 siderprodusentar i Noreg, og halvparten er i Hardanger. Talet veks kvart år.

«Du kan være med på sidersafari på Hardangerfjorden» skreiv Regjeringen.no i august i fjor. Eg merker meg at dei på Løvebakken er betre oppdaterte enn eg på siderfronten, i det som trass alt burde vore mi eiga baklomme.

Då eg vaks opp her i bygda, måtte ein til Afrika for å vera med på safari. No treng eg berre gå til kaien. På gjestebrygga heng eit stort skilt om fossefallsafari. 90 minutt med ein open, hurtiggåande rib, fire avgangar dagleg gjennom heile sommaren. Prisen er 990 kroner for vaksne, 640 for born. For kjernefamilien min ville det blitt 3260 kroner, 36 kroner minuttet.

Ingen fossefallsafari på meg, takk.

Sidersafari, derimot.

Frå kaien tok mannen min og eg snøggbåten til Lofthus og «hengde ut» der ein times tid før den såkalla siderbåten kom og plukka oss opp. Dette er ei rute som går frå Ulvik i nord og mellom sidergardar langs Sørfjorden heilt ned til Odda.

Me skulle ta han eitt stopp, til Aga sideri på andre sida av fjorden. Kvelden før hadde eg vore inne på nettsida deira og bestilt Aga Cider Tour, der me får smaka tre typar sider med ost til, deretter er det lunsj og omvising i Agatunet, Noregs eldste klyngetun. Pris: 995 kroner per gane.

På kaia i Aga vert me møtte av ein ung mann som skal vera guide for dagen. Han har dongeribukse, open langerma skjorte over ei kvardagsleg t-skjorte og langt nok hår til å ha det oppsett i ein dott bakpå hovudet.

Fyrst tenkjer eg at dette må vera den unge bonden som driv garden, eg har sett eit lite bilete av han i ein brosjyre. Men guiden vår er oppvaksen på nabogarden, dei har berre same stil og same type dott.

Denne stilen seier meg noko om den yrande siderkulturen. Dette er eit stykke unna ølbryggjarane, som ofte har tatoverte armar, fullskjegg, bustete hår og eit hovudplagg. Såleis er stilen nærare vinkelneren, som har attknept skjorte, glattbarbert eller frisert skjegg og gelé i håret. Me er nærare vinverda, og det er eit gjennomgåande trekk.

Me er tolv safarituristar i dag, alle i par på to. Kvar gong eg er i gruppe med ukjende, dannar det seg snart ein dynamikk, som om alle skal spela ei rolle. Me vert karakterar. Eg ser på dei andre og undrar med meg sjølv: Kva safarihatt skal eg ha på meg?

Skal eg vera betrevitaren? Slik han eg høyrte om frå Nærbø som smelte att læreboka og la armane demonstrativt i kors då klassen skulle ha seksualundervising; han kunne alt frå før?

Eller er eg den totalt uvitande og entusiastiske, den som synest alt som vert sagt, er umåteleg fasinerande?

Før eg veit ordet av det, finn eg meg sjølv som den kritiske journalisten i gruppa. For har den enorme utviklinga av eplegardar dei siste åra gått på kostnad av noko, til dømes morellar? Eg rekkjer opp handa og spør guiden.

– Ja, det er mange fruktbønder som har slutta med anna frukt for å satsa på eple, seier han.

Sjølv har dei 12.000 epletre no, dei fleste av nyare dato, men dei klarar likevel ikkje å metta den sidertyrste marknaden.

Ein eldre mann i fylgjet ser meg alvorleg inn i augo og nikkar, eit blikk eg vel å tolka som: «Godt poeng, unge dame. Godt poeng.»

Det er noko med oss menneske og søken etter det fyrste, det urørte. Me likar å få lukta og smaka på det originale, rett frå kjelda, kortreist. Fisk rett frå sjøen. Kjøt og sopp rett frå skogen. Mjølk rett frå kua og råsaft frå frukta, før det er varmehandsama.

Å koma inn i produksjonslokalet, å sjå tankane og flaskeprosessen, kjennest autentisk. Siderskvetten me får i kvart vårt stettglas, har reist berre nokre meter. Han kjem herifrå. Kanskje er det fordi eg la meg så seint, stod opp så tidleg og drikk dagens fyrste eining før klokka 12, men eg vert litt rørt av å vera her.

Det siderprodusentane gjer, er å raffinera kulturen vår.

Eg raska med meg eit hefte frå Lofthus, der det står om sideren sin veg i Hardanger, om føregangsmenn som fotograf og fruktdyrkar Knut Knudsen (1832–1915) og kjemikar Kristian Høye (1873–1950), og korleis han satsa på å nytta vrakfrukt til å laga fruktvin. Til marknadsføringa av drykken fekk han teikna ei elegant dame som held eit stettglas som truleg skulle innehalda sider.

Stetten var ikkje tilfeldig. Det var eit ynskje om å påverka den lokale drikkeskikken.

Høye sa nemleg at øldrikkarar held om heile glaset med handa, medan vindrikkarane held rundt stetten med fingertuppane. Dessutan skulle ein smaka med ganen, ikkje med magen.

Såleis kan det sjå ut som det har vorte to ulike siderdrikketradisjonar – den kultiverte og kjellarkulturen.

Eg trur det er desse to kulturane som krasjar i novella «Siderhusreglar» i boka Hardanger (2019) av Marit Eikemo. Ein kommunikasjonsrådgjevar vil slå mynt på den autentiske og berekraftige sideren og tingar 50 liter hardangersider frå ein harding som lagar kjellarsider. Dømt til å feila.

Det er denne sideren eg har kjent best. Den som kjem i femlitersdunkar og smakar gjær.

Her eg står med stettglaset, vert det noko anna. Innhaldet er ikkje likt, heller. Denne sideren er klår, og han smakar eple på same måten som vin smakar drue. Trur eg, då. Gje meg kva som helst i eit stettglas med fjord og fjell i bakgrunnen, og eg kjøper det.

Ein feil eg trur mange sideforkjemparar gjer, er å samanlikna drykken med andre godt etablerte drikkevarer. «Visste du at sider er Noregs svar på champagne?» Slik lyder fyrste setninga i bokomtala Samlaget har skrive om Den store norske siderguiden (2023).

Treng me eit norsk svar på champagne? Denne samanlikninga gagnar ikkje sideren. Champagne er noko heilt anna enn sider, på same måte som Hadeland, Noregs Toscana, er noko anna enn Toscana. Det same gjeld Mjøsa-området, som visstnok skal vera Nordens Toscana.

På ei siderflaske frå Sogn las eg at dette var eit «alternativ til raudvin». Verkeleg? Ut frå dei rundt 20 ulike sidrane eg har drukke i sommar, kan eg seia at ingen av dei er som raudvin, minst av alle den som skulle vera eit alternativ. Raudvin smakar heilt annleis.

Er det slik sider vil selja seg inn, som alternativ til noko som er endå lettare tilgjengeleg, veit eg ikkje om det er noka framtid i han.

Det vert som om ein mann kjem og seier han er eit alternativ til mannen eg alt har. Vil eg ha ein ny mann, vil eg ha noko heilt anna. Ikkje eit alternativ som liknar.

Høfleg nipping vert ein ikkje full av, men ein må passa på, for siderdrikkinga kan òg gå ein til hovudet. Det har eg to litterære døme på. Eg skal ikkje gå spalta på side 28 i næringa, men fyrst til Olav H. Hauge si dagbok, august 1970: «Gjekk ut i går. Fekk krutsterk sider. Trong heile vegen heimyver, slang frå greft til greft. Vond hovudverk i dag. Slikt skulle eg aldri gjera.»

Drikk du sider i store monn, kan det gå endå verre, som med slaktaren som Jens Bjørneboe skriv om i Frihetens øyeblikk. Han drap heile familien sin etter å ha drukke sider, rett nok litervis før han klikka. Men han drakk ikkje frå stettglas. Han drakk rett frå tønna.

– Produsentane kan knapt dela bilete av eit eple på sosiale medium utan å risikera å få bøter, seier guiden, og me tolv disiplar ler høfleg i medkjensle.

Du skal ikkje snakka lenge med nokon som driv med sider, før de kjem inn på den akk så vanskelege marknadsføringa. Refrenget i sidersamtala er at ein ikkje får marknadsføra han, fordi det er alkohol. Dette vert sagt så ofte at eg fantaserer om ei lov som ikkje berre forbyr å marknadsføra alkohol, men forbyr det å seia at ein ikkje får marknadsføra alkohol.

Men når dei ikkje får marknadsføra han, korleis i alle dagar veit eg om at det vert laga sider på gardar langs heile Sørfjorden, då?

Jo, fordi me pakkar alkoholen inn i kulturhistorie og landbrukspolitikk og kan lesa spaltemeter etter spaltemeter på redaksjonell plass i riksavisene. Til og med Regjeringa.no brukar spalteplass på sideren. Ingvild Tennfjord kan dela ut seks av seks hjarter, føra opp pris og varenummer og skriva i Aftenposten at sider er det openberre valet til 17. mai.

Og det kostar ikkje produsenten ei krone i marknadsføring. Vin-vin-situasjon!

Om det hadde vore lov å reklamera for sider, har eg slagordet klart: Sei det med sider.

Sjølv om dei fleste siderprodusentane er unge og nye, tviheld dei på lange tradisjonar og historie. Aga har landets eldste klyngetun, inkludert landets eldste rettssal, Lagmannsstova. Naturlegvis heiter den fyrste sideren Aga sideri laga (og som passar godt til – hald deg fast – brunost), nettopp Lagmann.

Helleland gard, der dei lagar Heldre-sider, har vore i same slekta sidan 1684, medan garden der Store Naa Siderkompani held til, har vore i same slekta gjennom ti generasjonar sidan 1724. (Merk deg, dei skriv Naa, på gamlemåten. Det heiter no.)

Bjor frå Ciderhuset i Sogn er ikkje berre sider, det er ursider, og på etiketten står det at «Bjor er den første drikken me kan kalla sider.» Der er òg stempla inn eit emblem: «Sogn – Det eldste fruktområdet i Noreg».

Er det om å gjera å vera eldst? Ja, klart det. Det er slik ein byggjer identitet. Me vil kjenna opphavet, tradisjonane, dra dei lange linjene og styrka oss på vår eiga historie.

Sjå berre på «Ja, vi elsker dette landet», skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859. Songen fortel om saganatt, kjempande bønder og nesten tusen år gamal historie om viktige kongar. Og dette skreiv han medan me framleis var i union med Sverige.

Nasjonen Noreg var ny, og no skulle nordmannen skapast. Nasjonalromantikken var ei tid for identitetsbygging. Naturen og bygdelivet vart løfta opp, men maten og drikka vart hengande etter. Det var det franske kjøkenet som gjaldt, og i stor grad ser me sørover når det kjem til drikke òg. Nordisk mat har hevda seg dei siste tjue åra, men framleis plukkar me flest flasker frå utlandet.

Alkoholhaldig drikke vert ofte halden som ein viktig identitetsmarkør i ulike kulturar. Tenk berre på den tyske oktoberfesten, italiensk grappa, sake frå Japan, portvin frå Portugal og franske bobler og vinar. Med same byrgskap som ein baskisk bonde serverer musserande kvitvin til pintxosane, kan sider og ost bli noko eg serverer gjestane mine.

No er eg ikkje trendforskar, meir enn trendkonsument, men etter det eg no har sett av siderregionen Hardanger, vert eg ikkje overraska om eg får sider til strandkrabba om eg skal på restauranten Iris i Rosendal. 

Eg har ikkje lange røter i Hardanger, men treet eg er, kan podast. Eg har god plass til nokre eplegreiner, så kan eg gjera med gjestane mine som Olav H. Hauge ville gjort om den kinesiske diktaren T’ao Ch’ien (365–427) hadde kome på besøk: Fyrst skal dei sjå på frukttrea, etterpå «skal me sitja i skuggen med eit glas sider, kanskje kan eg syna han eit dikt – um eg finn eitt han likar.»

Eg gjev meg ikkje i Aga. Før eg returnerer til Norheimsund er eg på to sideri til, begge i Lofthus, og alltid får eg sider i stettglas. Dette er noko eg set pris på: Eg drikk sider som vin, men heldigvis er alkoholprosenten lågare. Det gjer at eg ikkje treng heile vegen heimyver.

May Linn Clement

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg fantaserer om ei lov som ikkje berre forbyr å marknadsføra alkohol, men forbyr det å seia at ein ikkje får marknadsføra alkohol.

Treng me eit norsk svar på champagne? Denne samanlikninga gagnar ikkje sideren.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis