Reportasje
¿ I sjelas mørke natt
Finst det broilerprestar, er Ole Andreas Holen ikkje ein av dei.
For Ole Andreas Holen er ikkje prestesnippen lenger unna enn mobiltelefonen. Stundom er det ei oppringing som gjer at han set på seg snippen.
Foto: Håvard Rem
Dei fyrste skal verta dei siste, heiter det hjå Matteus. Samtalen med Ole Andreas Holen var den fyrste som vart gjennomført, og den siste som vert prenta – i denne omgangen. Lesarar har meint at serien lyt halda fram med prestar og forkynnarar i andre landsdelar og trussamfunn. Andre har meint at spørsmål om dom og oppstode høyrer fortida til. I så høve er det truvedkjenninga som høyrer fortida til, for spørsmåla spring rakt ut av formular som vert framførte i kyrkjene kvar einaste sundag.
Retreat
«The first one now will later be last», heiter det evangelisk hjå den unge Bob Dylan, som Holen og eg pratar om fyrst, for å varma opp til samtalen om truvedkjenninga.
– Dylan har alltid vore der, men ven vart han seint i livet. Eg oppdaga djupet og kjenslene i songane hans i samband med ei krise.
Finst det broilerprestar, er fungerande sokneprest i Sinsen kyrkjelyd i Oslo ikkje ein av dei. Han har eit liv – utan snipp. Som ung var han fjernsynsreporter i NRK-programmet U. Sidan laga han filmdokumentarar om menneske i mentale randsoner. Som kapellan leidde han konfirmantar på pilegrimsferd til Nidarosdomen. I Rotterdam var han sjømannsprest for trailersjåførar – dokumentert i boka hans Et lite stykke Norge i Nederland (2014). Jamleg dreg han til eit retreatsenter og søkjer stille.
– Eg drog dit fyrste gong for fire år sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.