I kvalfiskens bukDEL 5: Ein film sette Teriberka på kartet. Innbyggarane fryktar no at det er einpå gang
DEL 5: Ein film sette Teriberka på kartet. Innbyggarane fryktar no at det er ein Arctic take away på gang.
Inntil nyleg var Teriberka i ferd med å døy ein stille død. Få ville ha komme i gravferda, for sjølv i Murmansk hadde mange aldri vitja denne utposten nord på Kolahalvøya. Teriberka var berre endå eitt av mange tusen anonyme, kriseråka stader som aldri kom seg på beina etter Sovjetstatens kollaps på 1990-talet.
I 2014 hende det rett nok noko som ingen kunne ha sett føre seg. Journalistar og TV-team frå Vest-Europa, USA og Moskva byrja å strøyme til landsbyen. Årsaka var ikkje ei atomulykke, ein flystyrt eller nokon annan katastrofe. Grunnen til at folk som tidligare neppe ville ha funne Kolahalvøya no reiste hit for å fortelje om staden til lesarar og sjåarar, var eit kunstverk som blei laga her, nærare bestemt spelefilmen Leviathan av den russiske regissøren Andrej Zvjagintsev.
Som første russiskspråklege film sidan Brent av solen (1994), vant Leviathan prestisjetunge prisar som Golden Globe Awards. Filmen blei i tillegg nominert til Oscar i kategorien årets beste utanlandske film. Det bortgløymte og forfalne fiskevêret Teriberka blei plutseleg verdskjent. Men herostratisk, for Leviathan er ein usedvanleg mørk, samfunnskritisk tragedie.
I starten av filmen bur hovudpersonen Kolja med den vesle familien sin i eit vakkert hus ved elva Teriberka, rett på andre sida av brua som fører inn til landsbyen. Men styresmaktene vil ekspropriere huset, fordi dei skal sette opp ei kommunikasjonsmast, blir det opplyst. Ikkje berre er erstatninga som blir tilbydd, latterleg lita. Viktigare er det at familien trivst der han er, i det romslege og vakre gamle huset på den beste tomta i landsbyen. Familien har budd her i generasjonar. Kolja vil absolutt ikkje flytte, og tar opp kampen. Mellom anna engasjerer han ein gammal venn, som er advokat i Moskva.
Det er ei klassisk historie – også i russisk litteratur – om den vesle mannens kamp mot staten. Handlinga viser tilsynelatande alt som er gale i dagens Russland: maktmisbruk, inkompetanse, alkoholisme, sjølvmord, råskap, vonløyse, kynisme og korrupsjon i alle avskyggingar blant politikarar, politifolk, biskopar og dommarar. Frå første scene får nok sjåaren ei kjensle av at denne filmen, som mange kritikarar har kalla eit meisterverk, ikkje har nokon happy ending. Kolja har ingen sjanse til å vinne kampen mot systemet, han manglar det meste, inkludert gode kontaktar og sjølvkontroll. Som om nettet til styresmaktene ikkje var motstand nok, synest eit lagnadsnett å snøre seg saman rundt Kolja.
I filmen ser vi stadig skjelettet av ein stranda kval. Tittelen spelar openbert på den bibelske Leviathan, havmonstret i Jobs bok, der ein rettskaffen mann blir utsett for mange prøvingar. «Ingen er så uvørden at han vekker Leviathan» (Jobs bok 41,1). For filosofen Thomas Hobbes (1588–1679) var Leviathan som kjent symbolet på staten. Samfunnskontrakten går ifølge Hobbes ut på at vi alle må gi opp fridomen vår til staten, for at han skal opprette eit valdsmonopol. Til gjengjeld skal vi få tryggleik frå anarki og vilkårlege overgrep. Men det er nettopp det Kolja blir utsett for. Samfunnskontrakten blir altså broten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.