Reportasje
I Jakobselvas juv
Vestre Jakobselv har ry på seg for å vera ei av Noregs beste lakseelvar. Men også her har den atlantiske laksen tronge kår, for skal han opp i elva, lyt han fyrst forbi ein propp av pukkellaks.
Vestre Jakobselv har ei såkalla flyteristfelle. Eit gjerde av horisontalt monterte plastrister er monterte i botnen. Desse flyt diagonalt opp gjennom vassøyla slik at fisken ikkje kjem seg over.
Foto: Vidar Isaksen
Det er som med sommarmakrellen når han bit på annakvart kast: I byrjinga er det moro, men snart går ein lei. Og kva skal ein gjera med all fisken? Eit røft overslag seier meg at eg dei siste dagane har drege i land om lag 70 pukkellaks, den finnmarkingane kallar russelaks eller kort og godt pukkel. 70 – det er fleire enn det samla talet på atlantisk laks eg har fått gjennom 25 år som sportsfiskar. Atlantisk laks har eg elles korkje fått eller sett til no på turen.
På Facebook finst der ei rekkje pukkellaksgrupper, der denne invaderande arten frå aust blir feira som «den nye folkelaksen». Bileta syner glisande fiskarar med sylvblanke fiskar lina opp på svaberg. Men desse blei fanga i havet, tidlegare på sommaren. No, i slutten av juli, blir det stadig lenger mellom dei etande eksemplara, for når han nærmar seg elva for å gyta, blir han fort blaut og bleik i buken. Men somme eksemplar er gode. Etter å ha meska meg med steikt pukkel, grilla pukkel, røykt pukkel og kokt pukkel, var likevel finnbiffen på Elvekanten Spiseri ved Tana bru ei kjærkomen avveksling.
Døyva ettersmaken
Kjærkomen er også avslutninga på finnmarksferda: Eg har sikra meg fiskekort i Vestre Jakobselv, som dei siste tiåra har vore mellom Noregs aller beste lakseelvar. Vil eg greia å lura ein atlantisk laks på flugestong? Eg er nøgd med éin; det vil døyva ettersmaken av pukkel.
Men også i Jakobselva slit laksen vår. Når han søkjer heim frå havet til elva der han blei klekt, må han fyrst forbi ein propp av pukkel. Tidlegare denne månaden tok eldsjelene i Vestre Jakobselv jeger- og fiskeforening, som forpaktar elva av Finnmarkseiendommen, heile 4000 pukkellaks i elveosen – i eitt einaste notkast. I fiskefella nokre kilometer lenger oppe sorterer røktarane ut den uynskte arten og slepper atlantisk laks, sjøaure og sjørøye forbi. Fyrst etter dette kan laksen halda fram gyteferda, som går opp fossar og gjennom fisketrapper fleire mil innover vassdraget. Oppgangen av atlantisk laks i Vestre Jakobselv har likevel vore elendig. «Eit katastrofeår til no», las eg i lokalavisa. Kjem dette av pukkelproblemet? Eller er det berre naturlege svingingar i bestanden?
Rekordlaks
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.