Sjakk
I Carlsens torturkammer
Etter fire tamme remisar og total idéturke gjekk Carlsen på eit stygt tap. Verdsmeisteren svarte med å invitera ungdomen inn i sluttspelets torturkammer.
I runde 8 var det endeleg tid for det store oppgjeret mot ungarske Richárd Rapport (25), mannen som før duellen var i leiinga heile 3,5 poeng føre Carlsen.
Foto: Lennart Ootes / Norway Chess
Norway Chess er ei merkevare i sjakkverda. Superturneringa er bygd opp rundt gullkalven Magnus Carlsen, men reisa har ikkje vore heilt enkel for arrangørane og verdsmeisteren. Dei to fyrste utgåvene vann russaren Sergej Karjakin i 2013 og 2014. Carlsen tok den fyrste turneringssigeren her i 2016, men har etter kvart funne seg til rette på heimebane og vann både i 2019 og 2020.
Årets format er, som eg ser det, optimalt: to nordmenn, to russiske VM-utfordrarar og to unge kreative kunstnarar. Underhaldninga er berga av di eit keisamt klassisk remisparti med dei nye spesialreglane i Stavanger tvingar spelarane ut i såkalla «armageddon», eit snøggsjakkparti der kvit må vinna, og svart «vinn» med remis.
Kreativ turke
Og det var nett keisamt spel Carlsen serverte dei fire fyrste rundane. Fire remisar nesten utan eit einaste kreativt trekk. Det er som når verdas beste forfattar får skrivesperre. Carlsen har hatt eit par slike periodar tidlegare: VM-kampen mot Karjakin i 2016 var ikkje god (jamvel om nordmannen vann omspelet), og spelet månadene før VM-kampen mot Caruana, hausten 2018, var blodfattig. Men den kreative turken i 2018 gav han eit spark bak. Carlsen vann omspelet mot Caruana og var strålande i 2019.
Løysinga sist gong, i 2018, var intense studium i analyselaboratoriet med den unge, nyskapande russaren Daniil Dubov (f. 1996) og inspirasjon frå kunstig intelligens gjennom Google-satsinga Alpha Zero. Kva skal Carlsen finna på i år? Eg er ikkje trygg på at nivået hans den fyrste veka i Stavanger vil vera godt nok i VM-kampen som byrjar i slutten av november mot Jan Nepomnjasjtsjij.
Rett skal vera rett: Carlsen held ein høg standard også når han ikkje er i form. Han vann alle dei fire armageddon-partia i runde 1–4. På resultatlista gav det sigrar 1,5–1. Særleg med kvit mot Nepomnjasjtsjij var det viktig å setja skapet på plass etter ein anemisk remis i det klassiske partiet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.