Sport

Hymner

Før: Ole Ellefsæter var både skikonge og hitmakar, med to OL-gull og 4. plass på VG-lista i 1968. Legendarisk.
Før: Ole Ellefsæter var både skikonge og hitmakar, med to OL-gull og 4. plass på VG-lista i 1968. Legendarisk.
Publisert

Å stå klar på stadion medan kjende lagsongar strøymer ut av høgtalarane, gjer noko med deg.

Kvalitet på musikk og tekst blir uvesentleg. Til og med Kjartan Salvesens «Ein Blåe Dag» rører då.

Lag- og meisterskapssongar har før som no gitt ein ekstra dimensjon til idretten. Musikalsk er mykje endra frå Ole Ellefsæters «Alle kluter til» i 1952 til 2000-talet og blant anna Shakiras VM-song «Waka Waka». Ein raud tråd er likevel bruk av melodiar og rytmar som vi lett kjenner igjen. Tekstlinjene gjev ofte store lovnader, inneheld klisjear og er enkle å synge med på. Men for at songen skal bli ståande gjennom tida, har også sportslege resultat innverknad. Eg tenker på «Alt for Norge» som var ein del av Drillos-stemninga på 1990-talet. Ein så treig song som enno gjev så gode kjensler, det må ha hatt noko med dåtidas FIFA-ranking å gjere.

Litt meir spesielt frå Drillos tid var at det då også vart laga eigne songar for kvinnelaga. Grashoppene, som fotballandslaget vart kalla, fekk låten «Verdens beste damer» med det spenstige refrenget: «Vi er de kuleste, råeste, tøffeste damene nå.» Og handballandslaget fekk køyrt seg i songen «Jentene med godt humør», der dei heilt på ekte syng at dei kan «pynte seg som kvinner og drive flørting og jål», men trass alt vere «sultne kvinner stadig på jakt etter mål». Slike strofer slepp heldigvis dagens landslag å kore til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement