Hyllest til Riksrevisjonen Riksrevisjonen skal revidera rekneskapen til staten, kontrollera forvaltinga av interessene staten har i selskap, og gjennomføra undersøkingar av korleis vedtaka til Stortinget er følgde opp. Dessutan skal dei bidra til å førebyg
Riksrevisjonen skal revidera rekneskapen til staten, kontrollera forvaltinga av interessene staten har i selskap, og gjennomføra undersøkingar av korleis vedtaka til Stortinget er følgde opp. Dessutan skal dei bidra til å førebyggja og avdekkja misleghald og feil i forvaltinga.
Dette gjer dei i dag til gangs. Vi kunne hatt ein riksrevisjon som berre hadde halde seg til rein revisjon av kva pengane i statsbudsjettet har gått til, og om det har føregått korrupsjon av eit eller anna slag.
Men det norske mandatet til Riksrevisjonen er å gå tungt inn i mange saker og gjera grundige undersøkingar. Dette er særleg viktig når statsbudsjettet og statleg eigarskap utgjer ein så stor del av nasjonaløkonomien som no, og omfanget av lover og føresegner pregar samfunnslivet i aukande grad.
Riksrevisjonens posisjon i dag er gjort mogeleg av ei medviten satsing dei siste tiåra med større løyvingar og fleire tilsette – 466 i 2016. I tillegg har vi dei siste åra hatt tydelege og sjølvstendige leiarar av Riksrevisjonen i Bjarne Mørk-Eidem, Jørgen Kosmo og no Per-Kristian Foss.
Resultatet av arbeidet til Riksrevisjonen ser vi blant anna i dei mange presseoppslaga der Riksrevisjonen avslører manglande offentleg innsats.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.