Reportasje

Husvill i verda

I eit husvære i St. Petersburg tikkar ei klokke og minner meg om det eg ikkje vil tenkje på.

Akhmatovas husvære er i grønt og rosa, hjartechakrafargane.
Akhmatovas husvære er i grønt og rosa, hjartechakrafargane.

Lytt til artikkelen:

Så er vi på veg igjen. Like a band of gypsies we go down the ombordstigingskorridor, med matpakke i veska for å sleppe å ruinere oss undervegs. Vi skal austover. Ikkje til India, som sist, ikkje til Midtausten, der vi har hatt vår finaste tur, ikkje til Aust-Europa, der vi har fått så god and, ikkje til Finland, Austen i Vesten, der vi såg laukkuplar og åt pirogar den dagen barn blei skotne på Utøya. Ikkje eingong til Oslo, vår eigen nære og framande orient.

Vi skal til Russland. Eg har ei dotter på den norsk-russiske skulen i Murmansk. Dottera til ein ekskjærast bur i St. Petersburg, og den andre dotter mi har studert der i fleire omgonger og har mykje å vise oss. Vi har lært fire gloser og er spente.

Eg har aldri vore opptatt av Russland. Då eg stod framfor reisehandbokhylla i ein av landets størst bokhandlarar (den var fem gonger så stor som lyrikkhylla), visste eg ikkje eingong om eg skulle sjå etter under Europa eller Asia.

Frå tida då vi hadde TV, hugsar eg digre kvinner med svær pelskåpe og hatt på hovudet, med altfor kvitt og tjukt pudder og altfor raud og stiv leppestift, dei gret og bar seg over – det finst alltid noko å gråte og bere seg over. Ladaen var verdas minst trafikksikre bil.

Khrusjtsjov var eit bleikt minne, han dunka skoen i bordet i FN, men både det og Grisebukta var svartkvitt i ei historiebok, som Nordahl Griegs roman frå Moskva for det indre auge, ei islagd elv, nokon som går gjennom isen. Så kyssa Brezjnev Honecker, og så var det Gorbatsjov, bjørnen med djevelens merke i panna, Nostradamus hadde sett han komme, det var berre å vente, men i staden for verdas undergang kom Jeltsin, full og galen, klaup flyvertinnene i rumpa der dei stod med forseggjorde brød og blonde fletter, helte ned vodka i eitt bankande kjør. Så prikk-prikk-prikk til fotoshoppa bilete av Putin til hest. Trump før Trump, kentaurisk, framand. Eg høyrde på NRK P2 at dei var så fattige då han voks opp, at han måtte slåst med rotter svære som kattar kvar einaste kveld i trappeoppgangen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement