Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Hurra for Ola pottit!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Potetferie i Noreg 1968.

Potetferie i Noreg 1968.

Foto: NTB scanpix

Potetferie i Noreg 1968.

Potetferie i Noreg 1968.

Foto: NTB scanpix

5673
20200417

Poteter

Kolonitida var død, mord, grådigskap, sjukdom og elende, men det kom da noko godt ut av ho: Spanske invasjonsstyrkar tok poteter med heim frå Latin-Amerika på slutten av det femtenhundretalet. Hundre år seinare var poteta den viktigaste nytteveksten i Irland, og på slutten av attenhundretalet ei essensiell kjelde til næring over heile det europeiske kontinentet, særleg i Tyskland. Men ein sjukdom på dei irske potetavlingane førte i 1840-åra til at ein million døydde, og ein million utvandra.

Det tok tid å få nordmenn til å dyrke poteter. Dei mange «potetprestane» på 1700-talet talte varmt for poteta, og mange gav ut rettleiingar. Den mest kjende var P.H. Hertzbergs «Underretning for Bønder i Norge om den meget nyttige Jord-Frugt Potatos at plante og bruge» (1763). Hertzberg var prest i Ullensvang i Hardanger og fortalde i seinare utgåver av skriftet at bøndene i Sunnhordland hadde teke poteta i bruk. I andre delar av landet vart poteta råvare til den geniale oppfinninga akevitt.

For å få poteta populær i Frankrike, sette Antoine-Augustin Parmentier ut væpna vakter rundt potetavlinga si og instruerte vaktene om å ta imot alle bestikkingar og late folk «stele» så mykje poteter dei ville. Det fungerte! Dette er litt same taktikk som her i Noreg, da ingen ville ete breiflabb av di dei meinte han var ein ufisk og ofseleg stygg. Da sette nokre luringar opp prisen med 100 %, og plutseleg ville alle ha. Herr Parmentier er elles mannen potetsuppa er kalla opp etter.

Kjelder: Wikipedia.org, Justfunfacts.com og Norgeshistorie.no

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det i Dag og Tid. Del 13

Eit vanleg skjellsord for Noreg er «pottitlandet», framført på dialekt for liksom å ramme dei visstnok einfaldige, som visstnok er busette i grisgrendte strøk, og som et poteter tidleg og seint. Som om det skulle vere ein dårleg ting? For nokre år sidan gjekk det ein lågkarboepidemi over landet som også demoniserte poteta. Hatet mot karbohydrata eskalerte til ein pandemi, som heldigvis er blitt slått tilbake. Som følge til middagen slår poteta både ris og pasta langt ned i støvlane ernæringsmessig.

Sjølv er eg så utgammal at eg voks opp med potetbinge i kjellaren, på sekstitalet. Midt i storbyen til og med. Potetbingen stod ved sida av kolbingen, og det fall på meg å hente råvarene opp frå kjellaren når det var tomt. Sidan mora mi var eineforsørgar for tre born, lærte eg tidleg korleis ein vaskar potetene reine for jord i oppvaskkummen og set dei på kok. Du set kaldvasskrana på fullt og roterer potetene med handa til vatnet er heilt reint, og gnir dei gjerne litt under strålen med vatn. I dag har store delar av befolkninga knapt sett ei uvaska potet og er vande med at dei blir ubrukelege etter kort tids lagring. Butikkane er fulle av «Season»-poteter – utanlandske, glinsande og vaska poteter frå mellom anna Israel. Ofte har dei lege eksponerte for lys i butikken, og er blitt grøne og ikkje lenger etande. Varehandelens logikk seier jo at produktet skal eksponerast, og da er det ikkje så farleg om dei blir giftige. Dei er jo så pene der dei ligg.

Skal vi støtte norske bønder, må vi sjølvsagt kjøpe produkta deira. Noreg er sjølvforsynt med poteter i dag, men krava dei bortskjemde kundane har til utsjånad og storleik, gjer at fortvila potetdyrkarar må køyre tonnevis med fullt brukbare matpoteter ned i jorda igjen med traktorskuffa. Sjølv kjøpte eg uvaska poteter hos den lokale reko-ringen før jul og lagra dei i papirpose nedst i kjøleskapet. Dei er like fine enno, sjølv om dei ideelt sett skal ha noko høgare temperatur enn fire gradar.

Det finst om lag 5000 sortar på verdsbasis, så ulike som natt og dag. Vår ringerikspotet, fjellmandel og Gulløye er matskattar, alle saman, og det same gjeld dei andre sortane. Dei er alle gode til sitt bruk. Pimpernell er flott til bacalao. Ringerikspotet eller gullauge til lutefisk. Potetstappe av mandelpotet er ei delikatesse. Mange seier at ei stappe berre er så god som mengda smør du har i ho, og det er det ei viss sanning i. Kvar får unne seg det smøret dei meiner kroppen toler. Nyttar du i tillegg nyriven muskat og ein skvett fløyte, blir stappa heilt vedunderleg. Vil du toppe det enda meir, riv litt parmesan i, så kjem umamien på plass.

Å køyre potetstappe i kjøkkenmaskin har mange prøvd, og blitt ståande med ein diger porsjon lim. Poteta har så mykje stive i seg at ho ikkje lèt seg køyre i kjøkkenmaskin, til skilnad frå kålrot, pastinakk og sellerirot. Du må bruke ein handstappar, eller aller helst potetrivjernet bestemor di hadde. Du legg potetene nedi og sveivar fram flotte, tynne remser av kokt potet. Dei er enno å få tak i viss du leiter på nettet.

På nettet kan du òg finne det framifrå oppslagsverket Norsktradisjonsmat.no. Der kan du plotte inn søkeord og finne tradisjonsrike oppskrifter frå heile landet – du kan til dømes søke på rettar etter fylke (altså dei gode gammaldagse fylka frå 2019). Som denne potetsuppa frå Kvæfjord i Troms (fire porsjonar): Skrell to og ein halv kilo og skjer i bitar. Del ein stor bunt vårlauk i bitar, ein halv purre går òg fint. Kok dette mørt i ein halv liter kraft av røykt svineknoke, pluss tre buljongterningar. Køyr med stavmiksar, spe med vatn og tilset ein halv boks kremfløyte eller meir. Har du fisefine byfolk på besøk, kan du seie det er potage parmentier. For det er det dei kallar denne suppa i Frankrike. Serverer du ho kald, har ho plutseleg eit anna namn: vichyssoise. Franskmenn ville kanskje ikkje brukt kraft av svineknoke, men hønsekraft. Eg vil meine det går ut på eitt. Denne suppa er himmelsk same korleis du lagar ho!

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis