Kunnskap
Hundegalskap
Dei fleste tilfella av rabies hos menneske kjem etter angrep av hund, og utan vaksine eller rask behandling er det stor sjanse for å døy.
Illustrasjon: Wikimedia Commons
Rabies, eller hundegalskap, har vore ein frykta sjukdom i fleire tusen år. Kvart år blir over 15 millionar menneske behandla mot rabies, og så mange som 60.000 menneske døyr i året – dei fleste etter eit kort sjukeleie med store lidingar.
Dei første skildringane av rabies har vi frå elvekulturane i Mesopotamia, og sjølve namnet rabies har rot i ordet rabhas som kjem frå sanskrit og tyder vald eller raseri. Rabiesvirus høyrer til gruppa Lyssa-virus, ein type virus som er svært vanleg hos flaggermus, og det er truleg frå flaggermus smitten har spreidd seg til andre pattedyr.
Då europearane byrja å reise verda rundt på jakt etter rikdom og koloniar på 1500-talet, tok dei med seg ei rekkje alvorlege sjukdomar til resten av verda, rabies var ein av desse.
I dag finn vi hundegalskap på alle kontinent med unnatak av Sørpolen. I høginnkomstland finn vi smitte hos ville dyr som rev, mårhund og flaggermus. I fattigare land finn vi mest smitte hos hund, men smitte frå flaggermus er også eit stort problem, til dømes i Amazonas i Sør-Amerika.
Nesten alle pattedyr kan få rabies, inkludert gris, hest og storfe, men rabies spreier seg sjeldan vidare frå desse husdyra. Noreg har vore fritt for rabies sidan 1826, med unnatak for Svalbard, der det har vore påvist rabies hos polarrev sidan 1980.
Dødeleg ferd
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.