Hundar på tynn is– Vi flytta hundane våre på land for to veker sidan. Alle visste at isen ville bryte opp, seier fiskarane på kaia i den vesle bygda Uummannaq på Nordvest-Grønland.

– Vi flytta hundane våre på land for to veker sidan. Alle visste at isen ville bryte opp, seier fiskarane på kaia i den vesle bygda Uummannaq på Nordvest-Grønland.

Hundane må bergast i land før isen går i mai.
Hundane må bergast i land før isen går i mai.
Publisert

Det er i slutten av mai, og havet har opna seg att etter fem månader og éin kraftig storm. Ikkje alle rakk å hente hundane. På det store isflaket kan ein sjå mørke punkt i rørsle. Folk er dregne ut til iskanten i eit forsøk på å berge dei skremde hundane som reiv seg laus frå lenkene tidlegare på dagen. Så snart båten nærmar seg, spring dei vekk, vidare utover på isflaket i drift.

Bygdefolket står stille og ser på ein daud hund som flyt forbi. Den kvite hunden flyt lågt i vasskorpa. Litt etter litt losnar den vesle klumpen av personar seg opp og ruslar heim att. Dei mørke, rørlege punkta er synlege dei neste par dagane. Inntil isen forsvinn heilt.

– Slik har vi det her, seier grønlendarane.

– Vi gir namn til visse, utvalde hundar.

På det frosne havet nordvest på Grønland kan ein sjå ei rad brune sirklar i isen utanfor busetnadene. Kvart hundespann er forankra til isen i ei kjettinglenkje, og kvar hund er festa til lenkja med tau. Eit par månader kvar vår står dei slik, om ikkje eigaren er på tur med hundespannet.

Hundane gjer frå seg ytst i sirkelen, så langt tauet rekk, og et deretter si eiga avføring. Ikkje noko går til spille.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement