Tidstjuvar
Alt i livet er lettare enn å venta på å døy, syng Townes Van Zandt. Ver likevel obs på ting som tappar deg for tid.
Townes Van Zandt fotografert i samband med at ein biografi om han kom ut i 1995. Han døydde to år seinare.
Foto: Mark Humphrey / AP / NTB
Ein ting eg har tenkt på den siste veka medan eg har skrive saka om ventegonge, er korleis eg ofte brukar verbet å venta heilt feil. Når eg ventar med å vaska opp til i morgon, er ikkje det eigentleg å venta. Det er å utsetja. Eg må ikkje forskyva gjeremålet fram i tid, men eg vel å gjera det.
Men kva er det som gjer at eg utset oppvasken? Er det noko viktigare som har kome i vegen? Som oftast ikkje. Det er tidstjuvane som luskar rundt og tømmer meg for overskot. Her er tre klassiske tidstjuvar:
1. Dårlege tips
Det er noko med menneske som skil oss frå alle andre levande vesen, og det er trongen me har til å råda kvarande om kva me bør sjå av filmar og fjernsynsseriar. Kor ofte har du ikkje opplevd at nokon nyss har sett noko bra, og nærast pressar deg til å bruka tida di på sjå det same?
For nokre år sidan var mange i ei Game of Thrones-boble. Dei var så oppslukte av denne serien, kledde seg i pels og sverd, arrangerte fest i samband med finaleepisoden, som der og då skulle vera det beste som gjekk.
Denne absurde fasinasjonen gjorde at eg tok avstand frå heile GoT-sirkuset. Det er eg glad for i dag. For nett den same gruppa menneske kan no konstatera at den beste serien som nokon gong er laga, ikkje er Game of Thrones, men gode gamle Sopranos og The Wire.
Tipsa du gjev, bør alltid halda terningkast seks. Tips aldri om ein femmar. Kvifor skal du råda andre om å ta seg til noko du sjølv ikkje vil gje toppkarakter?
2. Seint ute
He’s never early, he’s always late. First thing you learn is you always gotta wait. I’m waiting for my man.
Alle som nokon gong har venta på ein som sel narkotika, eller på ein annan som ikkje kjem til avtalt tid, vil kjenna seg att i linjene til Lou Reed i «Waiting for My Man» frå 1967.
Det gjer noko med den som vert ståande og venta, den som har middagen ferdig, den som sit i bilen og har vore klar til å køyra i eit kvarter. Han vert sur, med rette.
Og det hjelper ikkje at den som kjem slentrande altfor seint, latar som ingenting eller hadde eit eller anna uvesentleg han prioriterte før deg.
Dei som gong på gong lèt folk venta på seg, er tidstjuvar med stor T. Narkotikalangarar har jamt over ein lang veg å gå.
3. Vas
Memento mori – hugs at du skal døy. Livet er kort, døden lang. Men døden kan vera ein god spegel å sjå den tilmålte tida på jorda i. Bør eg sjå ein reprise av Pantelånerne i Las Vegas, eller skal eg gå ut i naturen og kjenna på livet? Skrolla på kjappe nyhende, eller... gå ut i naturen og kjenna på livet?
Same kor mange tilsynelatande viktige gjeremål ein fyller dagane med, er alltid døden endestasjonen.
Få har fanga Det store venterommet betre enn Townes Van Zandt i songen «Waitin’ Around to Die».
Og her skal du få eit terningkast seks-tips: Gå inn på YouTube, søk på Townes Van Zandt og «Waitin’ Around to Die» og sjå det fyrste klippet som kjem opp. Der spelar og syng Townes, med Uncle Seymour Washington som tilskodar. Ord vert fattige, men livet rikare.
May Linn Clement
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som gong på gong lèt folk venta på seg, er tidstjuvar med stor T.
Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.