Påskesoge
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Heile hælpartiet surra inn i sportsteip. Fjellskistøvlar som no, på åttande året eg brukar dei, endeleg er greie å gå med.
Søren, eg gløymde solbrillene med skinnlappar på sidene. No vert eg snøblind. Greitt, eg legg sportsteip på kvar side av solbrillestengene òg. Tryggleiken først.
Om eg har skaljakke? Pøh. Eg har Fjellsikker-anorakk. Han er 40 år gamal, raud og fin og fôra med dunlerret. Han toler vinden og tørkar fort. GoreTex er for utandørshipsterar.
Noko nymotens utstyr har eg likevel unnt meg: både langfell og kortfell. Eg orkar ikkje klister. Det set seg fast overalt. I matpakken, på overleppa, mellom rumpeballane. Du vil ikkje tru kor ein kan finne restar av klister.
Framme på DNT-hytta, den første av fire. Ikkje soveplass i hovudhytta, seier du? Null stress, eg kan sove i same seng som seks framande. Eg har øyreproppar og nervar av stål. Sidemannen spør om vi kan ha vindauget på gløtt. Det vart litt mykje bønner til middag.
Halvvegs utkvilt neste morgon, klar for den lengste etappen. Lange bakkar på silkeføre, oppover og nedover, men mest oppover. Blodsukkeret søkk, tankane vert mørke. Kvifor i all verda valde vi Skarvheimen og ikkje Hardangervidda? Eg bannar lågt og kastar eit blikk mot turfølgjet mitt. Dei har gnagsår, det har ikkje eg. Gnagsår er trumfkortet innan klaging, og eg må halde kjeft.
Framme på hytte to. Hyttevakta synest vi kjem lovleg seint fram. Pipa får ein annan lyd når vi seier, liksom tilforlateleg, at vi har gått den lengste moglege etappen. Den på trettitre kilometer. Berre for å nemne det.
Til svar: Eit «ja vel» og ei imponert heving av augebryna.
Stemninga som følgjer, kan vanskeleg skildrast. Lågmælt skryt frå erfarne fjellfolk er den gjævaste premien. Betre enn ei plate Fruktnøtt og ein god telemarksving til saman.
Resten av påska er det sidelengs snø og 18 sekundmeter vind i kasta. Det gjer ingen ting. Herfrå og ut er det fullpensjon på hyttene. Og eg har akevitt i sekken.
Ekorn
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.