JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

Kva er slapstick?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Charlie Chaplin i «His New Job» frå 1918.

4873
20200911

Slå laus!

Urban Dictionary har ein særs konsis definisjon av slapstickhumor: kunsten å slå nokon med ein stokk for å underhalde andre.

Nokre gongar blei slapsticken forsynt med ei knallperle for å lage eit større smell. Sirkusklovnen James Balno ved The Hippodrome i New York skulle prøve det ut i garderoben, ved å dunke knallperla i dørkarmen. Knallperla gjekk av, og ein metallbit fauk inn i skuldra hans og skada ei pulsåre. Balno svima av og blei lagd inn på sjukehus, men kom seg.

Slapsticken har blitt nytta som perkusjonsinstrument av fleire komponistar. Høyr til dømes Gustav Mahlers sjette symfoni, som første gong blei framført i 1906.

Kjelder: Wikipedia, Wordhistory.net, Urbandictionary.com

Den som ler sist

Dagfinn Nordbø skriv om det som får oss til å le.

Vi vil ikkje falle. Vi vil ikkje miste andlet. Vi vil ikkje ramle i vatnet som vrimlar av krokodillar. Vi vil ikkje ha ei blomsterpotte eller ein lastebil i hovudet, eller knuse alle porselenstallerkane i Glasmagasinet ved eit uhell.

Dette har manusforfattarar, komikarar, dramaturgar og skodespelarar visst i hundrevis av år. Godt laga slapstickhumor er vanlegvis ein sikker veg til suksess. Men kva er eigentleg ein slapstick? Jo, den engelsk-amerikanske omsettinga av det italienske batacchio, som òg kan tyde dørhammar. I teatret er det ei innretning av to flate trepinnar med eit hengsel. Ho lagar eit skarpt smell, sjølv når ho blir bevega ganske lett. Dimed kunne to komediantar «slåst» på scena og få det til å høyrast ut som ein valdeleg batalje, ein analog forløpar til dei hypermoderne filmeffektane i vår tid. Sjølv om innretninga er gamal, er ordet slapstick relativt nytt og beskriv no gjerne fysisk humor der kroppen er i sentrum for det komiske: Gummitryne og idiotiske grimasar er ein gjengangar, og det er jo noko alle barn og leikande vaksne driv med og kjenner att. (Mitt eige glansnummer kalla eg «gorilla vrengtryne opp ned».) Slapstick er ofte kroppar som får gjennomgå på ulike måtar, anten ved klumsing og uhell – eller overdriven vald som vert dregen over i det komiske, som hos filmskaparen Quentin Tarantino.

Sjølv har eg ledd av slapstick sidan eg var barn, og eg kjem alltid til å le av det. I heimen min hadde vi ikkje TV før i 1968, men iblant var eg hjå ein nabo når NRK viste stumfilm. Noreg hadde ingen eigenproduksjon av barne-TV då, så tilbodet var Bob Monkhouse som viste kavalkadar med dei store stjernene: Charlie Chaplin, Buster Keaton, Laurel & Hardy (Helan og Halvan), Ben Turpin, heile bøtteballetten. Ein vedunderleg sjanger, med filmar som fint toler gjensyn i dag.

Slapstickrøtene går langt tilbake, til dømes som dokketeater og gateteater. I britisk humor er «Punch and Judy» ein klassikar alle kjenner, og blir vanlegvis framført av éin dokkeførar. Historia til Punch and Judy går attende til 1600-talet og den italienske teaterforma commedia dell’arte, og typekarakteren Pulcinella. Den store stjerna i Punch and Judy var skodespelar Martin Powell. Han trekte store publikum i mange land og vert rekna som han som gav konseptet form, da han opptredde i Covent Garden. Opphavleg var Punch and Judy komedie meint for vaksne, og det var ikkje uvanleg at den ganske så slemme Punch plutseleg fekk besøk av sjølvaste djevelen. Ofte kjem dokteren innom, noko som igjen viser tilbake til commedia dell’arte, der Il Dottore var ein fast karakter. I dag finst ei rekke variantar basert på munnleg tradisjon, og ikkje noko manus kan seiast å vere «det rette». Dei utviklar seg heile tida. Dei sikre elementa er karakterane og slapsticken, som òg i bokstavleg forstand dukkar opp i handlinga: Punch har det med å denge rundt seg med ein stokk, og det kan skje opptil fleire mord i løpet av ei framsyning. Han er altså ein valdeleg person, og dimed vil ein ha publikum med seg når han får som fortent. Men det skjer ikkje alltid!

Slapstickhumor har seinare vorte vidareført i populærkulturen gjennom teikneseriar, teiknefilm og animasjonsfilm, og sosiale medium er fulle av det. Humorforma er udødeleggjord på lerretet av mellom andre Monty Python, Jim Carrey, Peter Sellers, Sacha Baron Cohen (Borat, Brüno) og eit vell av andre talent. I hovudsak er denne typen humor ei mannleg øving, men det endrar seg vel med tida. Sellers’ inspektør Clouseau er udiskutabelt den verste kløna i verda, og i tillegg må han alltid vere på vakt mot den kampsportkyndige asiatiske assistenten sin, som har ståande instruks om å angripe han uventa. Då Sellers og Blake Edwards skreiv manus til desse filmane, hadde dei berre éin einaste premiss: «Kva går gale?» Det var nok. Få har ledd så høgt som dei to på veg til banken.

Suksessen og den breie appellen viser at humoren til menneska overlever hundreåra, går i arv og vert fornya og utvikla til nye, spennande format. Og slapstick vil alltid overleve.

DAGFINN NORDBØ

Dagfinn Nordbø er satirikar og matmons.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.

Foto: Rachel Eliza Griffiths

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Ein takk til livet

Salman Rushdie nyttar språket som terapi.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis