Humor

Har du høyrt den om kasakhstanaren?

«Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen» av Ilja Repin (1880), Det russiske museet, Sankt Petersburg.
«Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen» av Ilja Repin (1880), Det russiske museet, Sankt Petersburg.
Publisert

Humorteori er eit interessant felt. Konklusjonane spriker naturlegvis i alle retningar, så det beste er å finne ei samla oversikt.

Tidlegare har eg nemnt Freud og Bergson, men av nyare ting må nemnast «General Theory of Verbal Humor», av Viktor Raskin og Salvatore Attardo, frå 1991. Essayet er eit stort framsteg fordi du kan putte nesten kva som helst inn i forklaringsmodellen deira og finne svaret. Her skal eg hovudsakleg konsentrere meg om stereotypar, og kvifor dei er så vanlege i humorsamanheng.

Stereotypar verkar fordi dei ofte har ein kjerne av sanning, stor eller liten. Latteren du får, er basert på enkel og banal gjenkjenning, altså eit billeg og populært triks for komikarar og tekstforfattarar. Ein kan godt seie at stereotypar og fordommar er søstrer. Men er det for billeg å bruke fordommar for å få folk til å le? Det er ikkje sjølvsagt.

Komikaren kan gjere det lett for seg sjølv og vitse om eit folkeslag eller ei yrkesgruppe (gjerrige skottar eller late kommunearbeidarar) og la det bli med det. Eller det kan vere meir sofistikerte: Bruk fordommen som premiss. Ein utbreidd fordom er perfekt som innfallsport, og så kan ein snu det etterpå. Søk til dømes opp «Bill Hicks non-smokers» på YouTube, eit fantastisk døme der komikaren først gjer brutalt narr av røykjarar og tilsynelatande får heile publikum med seg. Dei vrir seg i latter når Hicks apar etter folk med røykhoste. Så, i løpet av eit sekund, snur han perspektivet, og no er det ikkje-røykjarane, dei som først lo høgast, som får gjennomgå. Kosteleg!

Sacha Baron Cohen fornærma Kasakhstan så blodig i ein Borat-film at han vart erklært uønskt i landet, men seinare snudde styresmaktene og brukte Cohens humor i marknadsføringa av Kasakhstan som turistmål. Det var smart.

Ein vits har ofte ein setup (ei felle) og deretter ei overraskande løysing, som er opp til kreativiteten til komikaren. Raskin og Attardo tar mellom anna for seg lyspærevitsane, som finst i milliontal, og det vert laga nye kvar einaste dag: «Kor mange U2-medlemmer trengst for å skifte ei lyspære? Bono vil halde i pæra og heile verda vil dreie rundt han.» Svensken, dansken og nordmannen-vitsar er ikkje på moten no, men alle regionar på kloden har ein tradisjon som involverer eige folk og eitt eller to til: «Kvifor har arabarane kamelar, medan russarane har Lada? Arabarane fekk velje først.» I ei tid der norske veganarar søkjer statsstøtte som livssynssamfunn, må eg òg få minne om denne: «På ein restaurant sit ein familie, og familiefaren spør kelneren: ’Vi et ikkje kjøt, kylling eller fisk, ikkje gluten og ikkje laktose, kva synest du vi bør bestille?’ Kelneren: ’Ein taxi.’»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement