Hugs du skal leva
Siri Økland har laga ei svært fin bok om eit vanskeleg emne som vedkjem alle.
Boka til Siri Økland inneheld både kortprosa og fotografi.
Foto: Marita Aarekol
Det som seier seg sjølv, er alltid sanning. Slikt vert stundom, i det minste av somme, rangert under det upålitelege. Truleg kjem det av otte for det absolutte og uunngåelege. Få kulturar er grunnlagde på det innlysande, til dømes at me er biologiske vesen og at me alle skal døy, medan spekulasjonane om sjelelege kvalitetar og kva handlingar som kvalifiserer ein til heidersplass i det som ikkje kan røynast, er grunnlag for definisjonar som splittar det einaste folket på denne planeten, Homo sapiens, i grupper som ikkje er i stand til å leva saman i fred.
Ser det som kverv
Kvaliteten i det røynlege kjem tydeleg til syne når ein ser det for første gong, sidan bleiknar det av, heilt til det går opp for ein at ein kanskje no snart ser det for siste gong. Då vert det viktig, då får det individualitet. Såleis tykkjer eg det er i boka til Siri Økland, ho har evner til å lyfta opp det som elles vert vanvyrd, av di ho lever med ein sjukdom som vil henne til livs. Ho ser noko som elles kverv i repetisjon for mange av oss, og ho syner oss det ho har sett, endå så mødesamt det stundom må vera. Slik skriv ho mellom anna i teksten «Ting»: «Kvar billett du finn, kvart bilde og notat, ber eit minne berre du kjenner vekta av. Simple ting som berre har betydning fordi du bar dei heim, fordi du la dei til sides. Skrot som berre du veit opnar rom for dine historier.»
Boka er ordna i små bolkar, kvar på godt under ei side, og med eit fotografi til kvar tekst. Desse tekstane er stundom små prosadikt, andre gonger heilt konkrete bulletinar, og bileta står tidt for seg sjølve, eller dei har eitkvart ved seg som kommenterer det orda seier, men dei gjer det på eit anna språk, og såleis vert boka endå rikare.
Tenkjer godt
Siri Økland skriv godt, men viktigare er det at ho tenkjer godt. I denne boka er ho heile tida til stades i det røynlege, her finst ikkje spekulasjon eller tåkeprat, om det enn må seiast å vera – for no å nemna ein annan, viktig boktittel i haust – tung tids tale, er det ikkje snakk om tungetale. Og stundom er det ein særeigen klårleik i tanken og eit utoverretta perspektiv som tilfører teksten stillferdig autoritet. Sagt på ein annan måte: Teksten «Under» på side 97 bør hengjast i glas og ramme hjå alle med makt og middel. Slik er han: «Det hender folk finn trøyst i under, dei kjem til deg med forventning om det same, det burde også du. Men kvifor skulle akkurat du vera fritatt frå universets lov? Kvifor skulle akkurat du vera utpeikt til å overprøva grunnstoff og kjemi? Under er inga uteståande fordring for dei som ikkje vil døy, men ei gåve som finn sin veg om så skal skje. På eigne vegner ventar du deg inkje, du er eit lite pust i strie vindars tid. Gå då heller til dei mange som ikkje treng høgare krefters hjelp, men statsmakters mot og miskunn. Dei som ikkje treng under, men menneskehand.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.