Høgtysk vandel, lågtysk handel Godt hjelpt av verdsleg forvaltning og økonomi i hansatida fortyska Martin Luthes lange reformasjon språket i Noreg.

Godt hjelpt av verdsleg forvaltning og økonomi i hansatida fortyska Martin Luthes lange reformasjon språket i Noreg.

Frå slutten av 1100-talet utvikla kjøpmenn og handelshus i mange byar ein fellesskap som etter kvart tok form av Hansaforbundet. Sentrum i handelen og forbundet var Lübeck, her i eit koparstikk (sidan kolorert) av Matthäus Merian d.e. frå om lag 1640. Då var forbundet i oppløysing, men handelskrafta varte ved.
Frå slutten av 1100-talet utvikla kjøpmenn og handelshus i mange byar ein fellesskap som etter kvart tok form av Hansaforbundet. Sentrum i handelen og forbundet var Lübeck, her i eit koparstikk (sidan kolorert) av Matthäus Merian d.e. frå om lag 1640. Då var forbundet i oppløysing, men handelskrafta varte ved.
Publisert

I den katolske kyrkja skulle bispeseta ligge i byar. Bispebyane blei også tyngdepunkt i skriftproduksjonen. Kyrkja hadde mykje meir kontakt med innbyggarane enn riksmakta. For innføringa av det nye skriftspråket hadde derfor kyrkja mykje å seie. Nettopp i seinmellomalderen, då samfunnet blei meir skriftleg, fekk kyrkja ei meir framståande rolle. Det endra språket i Noreg frå fleire hald.

Det danske skriftspråket kom inn i kvardagen her til lands ovanfrå. Etter 1478 skreiv ikkje lenger kongen eller kanselliet på norrønt; lensherrane og den lokale forvaltninga skreiv på norrønt fram mot 1500. I kyrkja var norrønt i bruk til om lag 1510, lagmennene heldt på norrønt til reformasjonen, medan bønder gjerne skreiv sine brev på norrønt til langt ut på 1500-talet. Den store teknologiske nyvinninga som trykkekunna innebar, gav dansk språk ein særleg fordel.

Bergen hadde lenge vore ein språkleg smeltedigel. Handel og vandel gjorde at det var meir språk der enn dei fleste stader i landet. Hit kom handverkarar og kjøpmenn med mykje kunnskap og ymse språkbruk.

Den sakrale makta blei voven inn i den verdslege. Støtte frå verdsleg forvaltning var ein nødvendig føresetnad for å nå fram, handelslinjer ein annan. For nordmenn forma hansahandelen og hollendarhandelen kvar sine linjer.

Som kontaktspråk frå hansatida blei lågtysk til dels brukt i handelssambandet også etter at Martin Luthers høgtysk blei dominerande i det tyskspråklege området. Det språket som der var i ferd med å falle utanfor, heldt oppe den sosiale prestisjen i hansabyen Bergen. På 1500-talet var ein geskjeftig kjøpmann i Bergen truleg trespråkleg: Han brukte lågtysk i handel, forstod høgtysk godt og var van med å lese latin i mange samanhengar. I praksis bygde han på dei mange likskapane mellom dei to tyske språka.

Mellom 1550 og 1750 var den økonomiske stormakta Nederland vårt nære utland, skriv historikaren Margit Løyland. Frå 1650 var Amsterdam det økonomiske knutepunktet i Nord-Europa. Nederlendarar hadde sikra seg rett til handel med Noreg i 1440 og importerte store mengder trelast frå skoglandet i nord. 1600-talet var stordomstida også for skottehandelen, men språkleg var det hollendarhandelen som sette spor. Eit langvarig språkmøte danna ei bru av ord frå nederlandsk og lågtysk inn i norsk daglegtale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement