Teknologi

Hjortejegeren

Hjortens siste reis.
Hjortens siste reis.
Publisert

Mi utgåve av det tyske «Wirtschaftswunder» snor seg oppover Hausdalen utanfor Bergen. Bilen et svingar til frukost, medan vindaugsviskarane kjempar mot syndfloda. I spelaren går «Cavatina» i evig runddans, og i sladrespegelen skimtar eg Meryl som smiler. Kva er det som skjer? Eg vil berre prøva å finna ut kva som gjer at halve Noregs folk vasar rundt i ulendt terreng om hausten.

«Eg ynskjer å drepa noko.» Kanskje ikkje den beste opningsreplikken i ein våpenhandel, men ein får merksemd. Ein time klokare kjem eg ut av butikken med bibelen under armen – Ladeboken av Lien og Brevik. Ei jaktrifle veg om lag 5 kg. Kolben og skjeftet er laga i herleg kompositt for at rifla skal halda fasongen. Over avtrekkjaren har ein låskassa med sluttstykke og magasin.

Rifla har fått namnet rifle av di innsida av løpet har spiralforma rifler som syter for at kula roterer, sidan løpet er trongare enn tverrsnittet til kula. Når kula snurrar, om lag 5000 gongar per sekund, får ho ei meir stabil bane på grunn av gyroeffekt. Dei fleste rifler i dag har også kikkertsikte og ljoddempar.

Når ein trekkjer av, slår eit tennstempel inn i tennhetta på patrona. Inne i tennhetta slår ladningen mot ein ambolt som set fyr på krutet i patrona, og kula fyk ut av rifla. I lufta vert kula bremsa av luftmotstanden, og når ho treffer målet, er kula laga slik at ho gjev mest mogleg energioverføring og skade.

Patroner finst i ulike variantar og er eit strålande døme korleis det går utan standardisering. 6,5 x 55 er ei patron av nordisk opphav med kuletverrsnitt på 6,5 mm og 55 mm lengd på patronhylsa. 308 Win er ein amerikansk variant. Kaliberet er 0,308 tommar (7,82 mm), og Win syner til Winchester, som fann opp patrona. Europeisk nemning er 7,62 x 51.

Årsaka til at kaliber kan synast ulikt, 7,82 mm versus 7,62 mm, er at ein brukar riflediameter på den fyrste og kulediameter på den andre. Så har me ein variant til, 0,30-06. Talet 0,3 refererer til 0,308 tommar og 06 til 1906, då det amerikanske forsvaret tok patrona i bruk. I Europa går han under namnet 7,62 x 63.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement