Historie
Verdsarvøyar misser populært museum
Ærfuglkulturen på Vega er på verdsarvlista til Unesco. I juli vart det populære ærfuglmuseet på Vega lagt ned.
Inga Næss, som driv E-huset, viser korleis kystkvinnene reinska dun ved bruk av ei såkalla dunharpe.
Begge foto: Ronny Spaans
Verdsarven på Vega på Helgelandskysten har vore debattema i media lenge. Det gjeld ein strid mellom oppdrettsgiganten Mowi og verdsarven i kommunen. Mowi vil ha lakseoppdrett midt i området som i 2004 hamna på Unesco-lista over natur- og kulturarven i verda. I vår fekk dei klarsignal frå Klima- og miljødepartementet.
No har ein ny debatt dukka opp på Vega: Fredag førre veke vart ærfuglmuseet E-huset lagt ned. Museet vart oppretta for 21 år sidan av Inga Næss, eldsjel for den særeigne ærfuglkulturen på Helgeland. Eit dunvær er ein stad der ærfuglen byggjer reir og rugar, og der folk, gjerne konene til fiskarbøndene, samlar inn dun – ofte frå små ehus, som er laga til ærfuglane. «Ea» og «ekall» er lokale namn på ho- og hannærfuglen. Dun frå ærfugl blir bruka til kostesame dundyner.
Denne kulturen er heilt eineståande, ikkje minst fordi han fortel ei unik historie om kystkvinnene. I dunværet skjer dessutan noko heilt særeige: Det er det einaste tilfellet vi kjenner til der eit vilt dyr lever som eit tamt husdyr eit lite tidsrom i året.
På Vega-øyane – kring 6500 øyar, holmar og skjer – er det enno ærfugldrift, og denne verksemda har altså E-huset skildra i 21 år. Men no er det slutt.
Museum på dugnad
– I to år har eg no saman med to andre drive museet så å seia på dugnad, men vi er ikkje ungdom lenger og ynskjer at andre skal ta over og sikre framtida for museet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.