JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Vassvegen på Lesvos

Gleda over å finne spor etter kanalen, terrakotta, eit knust røyr gir løn for strevet og toskeskapen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den store brua i Moria. Langs toppen der kanalen var, er brua 170 meter lang og rundt 25 meter høg. Brua har 17 arker og 16 søyler som held ho oppe. Brua er ikkje av dei største og mest kjende bruene i det som ein gong var Romarriket, men det er eit imponerande byggverk.

Alle foto: Otto Ersland

10065
20230714

Lesvos-akvedukten

30–35 kilometer lang

Ni bruer

I bruk frå ein gong mellom år 150 til 200 og til litt utpå 500-talet, men ingen veit det sikkert

Det er 16 år sidan første gongen eg såg den store brua i Moria. Eg hadde i fleire år høyrt om akvedukten, men aldri brydd meg om det. Brua imponerte. Det som fasinerte meg mest, var tanken på kva anna som måtte finnast på øya.

Ingen byggjer ei slik bru utan at ho står i ein samanheng, og det er kanskje fleire og like imponerande restar andre stader? Slik starta interessa mi for akveduktar, og då særleg akvedukten på Lesvos.

Då eg kjende at interessa for akvedukten vaks og nappa godt i hjernen, gjorde eg eit val, eg skulle ikkje google, eg skulle ikkje eingong gå på biblioteket og lese. I staden skulle eg finne ut mest mogeleg på eiga hand. Eg skulle lure på det eg såg, trakke rundt i landskapet og snakke med folk eg møtte. No har eg trakka rundt ei til to veker kvart år i 16 år.

Lesvos ligg tett opptil den tyrkiske kysten og har ei rik og lang historie. Me finn restar frå den greske antikken, Romarriket, bysantinsk og genovesisk styre og den ottomanske perioden. Under Romarriket blømde Mytilíni, og fleire kjende namn frå romersk historie budde på eller vitja øya.

Agrippa og keisar Hadrian skal ha vore innom. I byen finn me grunnmurar etter romerske villaer. Store hus, bad og restar av eit stort amfiteater tyder på at byen hadde ei overklasse, eit aristokrati og eit rikt kulturliv. Kor mange som budde i Mytilíni rundt år 150 – då eg trur akvedukten blei bygd – er uvisst, kanskje så mange som 10.000–15.000.

Vatn var ein viktig ressurs for at byar skulle bløme og vekse. Om kjelda ikkje låg nær, måtte vatnet hentast eller leiast inn til byen. Til det trong ein teknologi, slavar, soldatar, pengar og nokon som var villige til å betale.

Ein liten time frå Mytilíni vestover i bil ligg det flate, oppdyrka området Megali Limni, som betyr «den store sjøen». I dag er det lite som minner om innsjø. I 1929, nokre år etter den store folkeforflyttinga, då gresk-ortodokse blei flytta frå det tyrkiske fastlandet til greske område, kom mange til Lesvos. Desse menneska trong mat, så den store sjøen blei tappa tom og dyrka. Akvedukten hadde ikkje startpunktet sitt i sjølve sjøen, men frå ei kjelde som ligg nær, men lågare i dalen, ei kjelde som framleis leverer vatn til fleire landsbyar.

Alle akveduktar har eit startpunkt, ein dam som samlar og roar vatnet så alt ureint søkk til botnen før det blir leia inn i systemet. Eg har ikkje funne spor av nokon dam, og det er først etter å ha gått nedover langs elva at me etter ein liten time kjem til den første brua, som ligg rundt 122 meter over havet.

Då det skulle lagast ny veg mellom Gera-golfen og Moria, dukka delar av kanalen opp. 40–50 meter av kanalen ligg no ope i landskapet etter at arkeologar har gjort sine undersøkingar. Kanalen er pussa på innsida, slik at han var tett og vatnet nådde inn til byen.

Då eg byrja denne leiken for 16 år sidan, tok det ikkje lang tid før eg fekk vite om sju–åtte synlege restar etter akvedukten. Eg kom over eit hefte med gresk tekst om han. Heftet nytta den tyske arkeologen Robert Koldewey som kjelde.

Koldewey var på Lesvos i 1885 og publiserte seinare ei bok om arbeidet på øya. Når det gjeld gresk språk, greier eg å skaffe meg kald øl eller ouzo, men å lese akademiske tekstar om akveduktar og arkeologi er nyttelaust. Derimot er eg flink til å sjå på bilde, og i tillegg var der eit primitivt kart som gav noko informasjon. Eg skaffa meg difor eit stort kart over Lesvos i så stor målestokk som mogeleg, og plotta inn dei stadene Koldewey hadde markert. Ikkje heilt nøyaktig markert, men likevel til god hjelp.

Vatnet i akveduktar renn svært sakte. Vatn som renn sakte, grev ikkje ut sidene, og kanalen kan svinge 90 grader utan at vatnet skvulpar over. For at vatnet skulle gli roleg og fint inn til Mytilíni, blei kanalen lagd i landskapet med ei lita helling på rundt 5,5 cm per kilometer.

Storparten av akvedukten er ein lukka kanal som snor seg gjennom landskapet, ein gigantisk slange av stein og romersk sement. I slangen rann vatnet i mørke skjerma frå sollys og forureining frå fuglar og dyr. Kanalen er sjeldan synleg og ligg for det meste under jorda.

Då eg forstod prinsippet, byrja eg å leite. Eg kryssa av på det nyinnkjøpte kartet mitt – som òg har markering for høgde – alle stader eg fann restar etter akvedukten. Så var det å lure på korleis dei hadde fått vatnet til å renne frå det eine punktet til det andre.

I dagevis leita eg etter spor i landskapet, klatra over gjerde og steingardar, gjennom tette kratt, blei skrapa opp og fekk rive sund bukser, møtte hissige hoggormar, ville hundar og blei endåtil angripen av ei stor, kvit ugle ein gong eg kraup gjennom ei opning i muren. Men gleda over å finne spor etter kanalen, terrakotta, eit knust røyr, gir løn for strevet og toskeskapen. Nyoppdagingar blei plotta inn på kartet og kanalen teikna inn.

Det var når dei møtte utfordringar som djupe dalar, høge åsar eller hardt fjell, at konstruktøren nytta anna materiale enn småstein og sement. Akvedukten på Lesvos har ni større og mindre bruer. Desse er bygde av ulikt materiale og med ulike teknikkar. Det eg meiner er den finaste brua, fann eg i ein sidedal.

Nokon fortalde meg at det var noko der inne, murar og kanalar hogne inn i fjellsida. Eg fekk ei grundig forklaring på kor eg skulle gå, men eg gjekk feil veg og rota meg bort. Etter litt kom eg likevel til eit hus ved vegen der ein hyggeleg mann – som hadde vore sjømann på norske båtar – lurte på kva slags ærend eg var ute i.

Eg forklarte at eg leita etter restar etter akvedukten, han flirte og sa the bridge… Han blei med meg eit stykke, låste opp ei stor grind og sa eg skulle gå inn mellom oliventrea til eg kom til elva. Elva skulle eg så følgje, og etter ei stund skulle brua over dalen dukke opp. Elva er inga vanleg elv, meir ein kanal der det i botnen er lagt stein like fint som brustein i Bergen. Lenger oppe i elva ligg store, kvadratiske steinar med merke etter meisel, og då eg løfta blikket, såg eg restar av brua høgt over meg.

I fjellsidene er kanalen hoggen inn. Også her var det ein kvelving over kanalen, slik at vatnet rann i mørke.

På toppen, der kanalen gjekk, er brua kanskje litt over 50 meter lang og på det høgaste rundt 20 meter. Heile den midtre delen har rasa saman. Det er steinar frå den som ligg i elva. Det har nok vore to arker, kanskje tre, og dei solide steinblokkene som har danna fundamentet som heldt brua oppe, er godt synlege.

Når eg klatrar opp på sørsida av brua, ser eg kanalen som er hoggen inn i fjellet på motsett side. Han går som eit spor i fjellsida. Bak meg er kanalen også hoggen i fjell og dreier 90 grader.

Eg skulle hatt utstyr til å måle nøyaktig høgde over havet. Her kan eg med 200–300 meters mellomrom finne to punkt der me kan vera heilt sikre på at vatnet rann. Det er eit problem at me sjeldan finn den nøyaktige høgda fordi kanalen over bruene er knust og steinen resirkulert gjennom dei rundt 1500 åra som har gått sidan akvedukten blei øydelagd av jordskjelv. Har eg nøyaktig måleutstyr, kan eg finne ut kor mykje lågare punkt B ligg i høve til punkt A. Og når me veit kor brei kanalen er og kor høgt vatnet stod i kanalen, kan me rekne ut farten på vatnet og kor mykje vatn som kom inn til Mytilíni per minutt.

Men kvifor ligg bruene nett der dei ligg? Ofte skulle ein tru det hadde vore enklare å krysse tidlegare, i staden for å leie vatnet innover langs dalsida, før ein lar det krysse over ei bru. Slik eg ser det, er det ikkje alltid breidda på dalen som avgjer. Det kan vere anna som spela inn, omsyn til hellingsgraden slik at det var god kontroll på kor fort vatnet rann, tilgang til godt materiale – solide steinblokker. Og det måtte vere ein god stad å byggje ei bru slik at ho stod støtt og ikkje på sandgrunn.

Dalar og mindre kløfter i landskapet var ikkje einaste utfordringa til konstruktøren. Høge åsar og hardt fjell var òg eit problem. Litt over halvvegs mellom kjelda og byen ligg Gera-golfen, og inst i golfen ligg Larisses Petres, eit massivt fjell. Her er kanalen meisla inn 65–70 meter oppe i fjellsida. Kanalen går nær tusen meter som ein rett strek langs kanten av fjellet, og klatrar me opp dit, finn me at traseen er rundt 80 cm brei, og det er tydeleg at kanalen også her har vore dekt, slik at vatnet har runne i mørke.

På sørsida av kløfta heng brufestet over oss.

Ei anna utfordring er åsen som ligg mellom Gera-golfen, landsbyen Moria og den store brua der. Åsen er umogeleg å komme rundt, så her er det laga tunnel. Inngangen finn me, og vegbygging i vår tid har avdekt 35–40 meter djupe sjakter som blei nytta under gravinga av tunnelen og seinare til inspeksjon og vedlikehald. Endepunktet for tunnelen har eg ikkje funne, så korleis akvedukten snor seg éin til to meter under overflata fram til den store brua, veit eg ikkje.

Frå brua i Moria går kanalen igjen under jorda og dukkar først opp etter nokre kilometer i det store steinbrotet. Her har det blitt tatt ut stein i tusenvis av år, og dei store steinblokkene som er nytta i brua i Moria, trur eg er henta her. Kanalen går gjennom steinbrotet to til tre meter over bakken, sikkert ei upraktisk løysing som tyder på at steinbrot og akvedukt har vore i drift samstundes.

Hellinga som var nødvendig for at vatnet skulle halde den jamne farten, gjorde at akvedukten måtte gå tvers gjennom steinbrotet. Etter steinbrotet finn me berre ei bru før alle spor blir borte, og nett kor akvedukten sluttar og korleis vatnet her blei fordelt til byen, veit ingen i dag.

I 1890 publiserte Robert Koldewey boka Die Antiken Baureste der Insel Lesbos. Her finn me nokre få sider om akvedukten, og boka har i mange år vore hovudkjelda for fleire som har skrive om han. Boka er fin, men det Koldewey skriv om akvedukten, tyder på at han ikkje fekk med seg alt.

Anlegget er mykje lengre enn han antok, og det er fleire bruer, han skriv seks – eg har funne ni. Han nemner ikkje nokon tunnel, og når me ser på karta i boka, er det tydeleg at han bommar på kor akvedukten gjekk i landskapet.

No har yngre greske arkeologar og historikarar byrja å interessere seg og gjort eigne undersøkingar av akvedukten, men for meg er det framleis mange uløyste gåter og mykje å lure på.

Otto Ersland

Otto Ersland er forfattar og forleggjar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis