Historie

Til minne om Ruth Maier

Ruth Maier har vorte eit symbol på deportasjonane av jødiske borgarar frå Noreg og møtet med Holocaust. Neste veke får ho sin eigen plass i Oslo.

Ruth Maiers plass på St. Hanshaugen i Oslo vert innvigd nest veke.
Ruth Maiers plass på St. Hanshaugen i Oslo vert innvigd nest veke.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Fire kvinner får i 2020 plassar oppkalla etter seg i bydel St. Hanshaugen i Oslo. Tre av dei har gjort seg gjeldande gjennom lange og spesielle yrkesliv: Louise Iversen, Noregs fyrste kvinnelege veterinær, filmregissøren Edith Carlmar og tekstildesignaren og vevaren Sigrun Berg.

Den fjerde kvinna skil seg ut. Ruth Maier frå Wien i Austerrike vart berre 22 år gamal. I dei tre åra ho budde i Noreg, levde ho ganske anonymt. Av utdanning hadde ho artium, handelsskule og eit stenografikurs. Kvifor og korleis har ho vorte eit kjent namn for oss?

Jødisk flukt

Ruth Maier var éin av rundt fire hundre jødiske flyktningar som kom til Noreg frå det naziokkuperte Mellom-Europa seint i 1930-åra. Ruth var berre 19 år då ho i 1939 kom åleine hit til landet. Ho vart send til ein kjenning av far hennar på Lillestrøm og innlosjert hos familien hans. Ruths veslesyster kom til England via ein «barnetransport», men til det var Ruth for gamal.

Tre år seinare, då ho akkurat hadde fylt 22, vart Ruth henta ut av jentepensjonatet der ho budde, i Dalsbergstien på St. Hanshaugen i Oslo, av norske statspolitimenn og ført om bord på transportskipet «Donau». Dette var om morgonen 26. november 1942. Ruth Maier, den unge flyktningkvinna som vart deportert frå Noreg og gassa i hel då ho kom til Auschwitz, er vorten eit symbol på deportasjonane av jødiske borgarar frå Noreg og det som vidare hende dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement