JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Tårer over Jerusalem

Både Christiania og København vart i si tid sett på som eit nytt Jerusalem. At katastrofane råka, vart sett på som Guds straffedom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Francois Roger de Gaignières’ (1642–1715) «Veue de la Ville de Christiania», 1685. Dette er det einaste (fantasi)biletet av Den heilage treeiningskyrkja vi har. Kyrkja er i midten. Året etter stod ho i brann.

Foto: Oslo Museum.

10980
20200117

Jerusalem i nord

Referansane til bibellandet og bibelsoga ligg som ein djupstruktur i norsk kultur og har gjeve form og språk til politisk tenking, religiøs praksis og arkitektoniske ideal gjennom tusen år. Eivor Andersen Oftestad, forfattar og forskar ved MF, vil undersøkje korleis.

DEL 2

e.a.oftestad@mf.no

For eit par år sidan vitja eg tanta mi på ein gammal gard i Gransherad i Telemark. Garden har eit gammalt bokskap som har stått urørt i generasjonar. Då eg kikka i bokskapet, fann eg biblar, salmebøker og postillar, men også ei utgåve av Josefus’ klassiske forteljing om romarane si øydelegging av Jerusalem i år 70. Denne teksten vart først skriven av augevitnet Josefus i det fyrste hundreåret etter Kristus. Og han hamna altså heilt oppe i Gransherad. Kvifor det? Svaret er at nett denne forteljinga, om jødane og øydelegginga av Jerusalem, var den viktigaste spegelen i den protestantiske tradisjonen i hundreåra etter reformasjonen. Her kunne ein sjå korleis det gjekk viss ein ikkje heldt seg til Guds Ord.

Me kjem tilbake til den straffa som då ville kome. Men fyrst skal me sjå korleis reformasjonen endra førestillinga om Jerusalem, og kva konsekvensar endringa fekk for kulturen i Danmark-Noreg.

I mellomalderen, som eg skreiv om i førre veke, vart fysisk heilagdom – relikviar, jord, vatn – flytta frå Jerusalem og ut i den kristne verda. Etter reformasjonen, som i Danmark-Noreg kom i 1537, vart det annleis. No var ikkje stader og relikviar heilage lenger. No handla det berre om «Guds Ord». Martin Luther hadde det med å bruke sterke bilete og slengde ut at Gud var like lite oppteken av Den heilage grava i Jerusalem som han var av alle kyrne i Sveits. I tillegg vart Jerusalem mindre tilgjengeleg. I året 1517, same året som Luther spikra opp tesane sine på kyrkjedøra i Wittenberg, gjorde den ottomanske sultan Selim inntog i Jerusalem. Der tidlegare styresmaktar, mamelukkane, hadde opna for dei kristne pilegrimane, vart portane no stengde. Jerusalem miste etter kvart betydning som pilegrimsmål.

Trass i desse hendingane, Ottomananes inntog og den protestantiske reformasjonen, var førestillinga om Jerusalem framleis viktig både som legitimering av styresettet – kongemakta – og som modell for det å vere from. Det var fordi Jerusalem og tempelet kunne flyttast.

Martin Luther kunne forklara korleis det hang saman. Gud hadde bygd sin bustad, tempelet, i Jerusalem. Men det var ikkje noko tempel av di det var bygd av vakre steinar, av di det var så kostbart eller av di det var innvigt. Alt dette hadde ingenting å seie. Tempelet var Guds bustad av di Ordet hans vart preika der. Med denne tolkinga kunne Luther flytta tempelet til nett der han sjølv meinte var riktig. For kor var det Ordet vart preika klårt no? Det var korkje i Jerusalem eller i Pavens Rom. Det var i Luthers eigen by, Wittenberg. Og Wittenberg – det kvite berget – kunne jo ikkje tyda noko anna enn Libanons høgd. For Libanon tyder også kvitt, seier Luther og ramsar opp alle dei bibelske namna som no hadde flytta til hans eige trakter i Sachsen: Efrata, Hebron, Sidon, Jesse, Damaskus – alle lokale stader som framleis finst i området. Kontinuitet til Det heilage landet, Jerusalem og tempelet legitimerte framleis den sanne gudsdyrkinga.

Danske prins Christian III kom til Luthers by i Sachsen i 1521. Han var berre 18 år gammal og vart snart ein overtydd lutheranar. Frå no av var det Wittenberg som var den heilage byen, ikkje Jerusalem. Då Christian III seinare vart konge over Danmark-Noreg, var han den første lutherske prinsen som vart krona nokosinne. Kroningsritualet definerte riket hans som Sion, eit anna namn på Israel, og maktbasen hans som eit Jerusalem. Profetiane vart lesne opp frå Skrifta: «For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.» Med reformasjonen vart gudsdyrkinga kongens ansvar, og no skulle Danmark-Noreg verte eit føregangsland for luthersk tru. Dei store reformatorane i Wittenberg skildra riket som eit idealrike og eit fyrtårn for heile Europa.

Hundre år seinare skreiv presten i Romedal i Hedmark, Christen Steffensen Bang, ei bok som skildra korleis gudsdyrkinga og trua arta seg i Noregs hovudstad, Christiania. Boka heiter Descriptio Civitas Christianensis (Ei skildring av byen Christiania) og vart utgjeven i 1651. No er, seier Bang, ljosestaken i templet flytta frå Jerusalem, frå aust til vest, og endå heilt til Christiania.

Skal me leite etter spor av førestillinga om Jerusalem i Danmark-Noreg etter reformasjonen, er boka til Christen Steffensen Bang ein god stad å byrje. Eg fann henne i biblioteket ved Oslo katedralskole, som no ligg ved Vår Frelsers Gravlund i Oslo. Den ærverdige institusjonen vart oppretta av kardinal Nicholas Breakspear samstundes med Nidaros kyrkjeprovins i 1153. Her er bokskattar frå Oslo-humanistane på 1500-talet, kartverk og eksotiske botaniske verk, og her står boka til Bang. Ho syner korleis Jerusalem – eller førestillinga om Jerusalem – vart flytta til Danmark-Noreg, til København og nett til Oslo, eller Christiania, som byen heitte då boka vart skriven.

Christiania var ein heilag by av di Jesus levde her gjennom sitt Ord, seier Bang. Ja, Jesus var like verkeleg til stades i Christiania som då han levde i Nasaret, Kapernaum og Jerusalem. I tillegg likna byen Christiania på Jerusalem. For då Christiania vart bygd under Akershus festning etter bybrannen i gamle Oslo i 1624, var det akkurat slik som Jerusalem var bygd under Sions borg. Den nyleg oppførte domkyrkja i nærleiken av festninga var som tempelet i Jerusalem.

I dag er den gamle domkyrkja gløymd og borte, men me kan vitje staden der ho låg, like ved Christiania Torv, der den kongelege hansken peika ut den nye byen i september 1624.

Nokre av Oslos eldste bindingsverkshus ligg ved det gamle torget. Den gule anatomigarden, Rådmannsgården og det gamle rådhuset gjer at eit besøk her vert som ei lita tidsreise. På den meir moderne sida av torget, der det gamle er rive og nytt sett opp, ligg i dag huset til legeforeininga frå 1996. Det er ein festning av eit hus som ikkje har noko med Jerusalem å gjere, anna enn at legestanden antakeleg er vår tids øvsteprestar. Dei som går forbi no, veit ikkje at den gamle domkyrkja ein gong stod på same grunnen. Som ein kong Salomo hadde kong Christian IV gjeve ordre om at ikkje berre byen, men også domkyrkja skulle liggje her: Den heilage treeiningskyrkja. Ved sida av kyrkja vart katedralskulen innlosjert. Nokre år seinare kalla Bang kyrkja ved torget eit bilete på dei himmelske bustadene og på det åndelege Jerusalem i Guds rike.

Då Bang skreiv om Christiania, byrja han med Jerusalem. Av alle byar var Jerusalem ein gong den rikaste og herlegaste, for det var her sjølve tempelet stod. Men tempelet hadde jo vore Guds bustad av di Ordet hans vart preika der. Så no som Gud hadde flytta Ordet – elden og ljosestaken – til nord, var ikkje Jerusalem i aust lenger Guds årestad. Det morosame er korleis Bang skildrar kven som får elden til å brenne i Christiania. Det er ikkje berre presten og preika hans, men også studentane ved katedralskulen, «Katta», altså, der boka til Bang framleis står i bokhylla. Det viktigaste studentane gjorde, var å delta i gudstenesta i kyrkja som låg vegg i vegg. Både morgon og kveld. Då gjekk gutekoret frå «Katta» og gjorde teneste med bøn, song og bibellesing i kyrkja. Det var nett denne gudstenesta, den daglege samlinga om Ordet, med gutekoret frå «Katta«, som gjorde at Bang kunne samanlikna domkyrkja i Christiania med eit åndeleg Jerusalem.

Så råka ulykka. Nokre tiår etter Bangs forteljing om Jerusalem i Christiania slo lynet ned i domkyrkjetårnet, slik at kyrkja brann. Brannen spreidde seg og øydela ein tredel av byen.

Brannen vart neppe tolka som anna enn Guds straffedom. For alle visste jo kva som hadde hendt med Jerusalem og tempelet, og kvifor: I år 70 etter Kristus vart byen plyndra og tempelet øydelagt av dei romerske keisarane Titus og Vespasian og soldatane deira – slik ein kunne lese hos Josefus. Denne hendinga innebar to ting: Ljosestaken og tempelskattane vart flytta frå Jerusalem til Roma (provet kunne alle sjølv sjå på relieffa på Titusbogen på Forum Romanum), og Gud straffa vantrua til jødane. For protestantane i Danmark-Noreg var det dette som kunne skje dersom folket synda og ikkje heldt seg til den rette trua. Slik vart forteljinga ein av dei viktigaste reiskapane for disiplinering av folket i hundreåra som følgde reformasjonen.

Josefus’ forteljing om Jerusalems øydelegging fekk enorm utbreiing. Ho vart trykt bakarst i preikesamlingar, biblar og salmebøker. Og eg fann henne altså i eit bokskap i Gransherad. Lærdomen frå Jerusalem var at ein berre kunne unngå ulykker og styrke riket gjennom fromleik og bot. Det var bodskapen til kong Christian IV og valspråket hans: Regna firmat pietas. Fromleik styrkjer rika. Han forordna bots- og bededagar kvar veke: fredagar i byane og onsdagar på landet.

Den protestantiske bota var iherdig. Likevel trefte katastrofen til sist. I oktober 1728 råka ein frykteleg bybrann, ikkje Christiania denne gongen, men kongens eigen by, København. København låg i ruinar, akkurat slik Jerusalem ein gong gjorde det. Opplevinga var så skilsetjande at no var det ikkje lenger trong for eksempelet frå langt tilbake og langt borte. No hadde ein fått eit eige øydelagt Jerusalem her heime, konstanterte garnisonspresten i København, Hans Buch, frå preikestolen. Jesus hadde gråte over Jerusalem. No måtte Buch gråte botstårer over syndene til københavnarane. Kvar utbrende bygning og oskedynge var blitt til «ein gråtebustad», og kvar utbrende kyrkje var blitt «ei tåreperse». Buch var knust, og preika var bokstaveleg tala tårevåt. Over manuset på skrivebordet hadde blekket blanda seg med tårene som rann nedover kinna. Det var botstårer over byen.

For Christen Steffensen Bang i Christiania og Hans Buch og tilhøyrarane hans i København var det den kollektive og kongelege forordna religionen som gjorde byen til eit Jerusalem. Når Josefus’ forteljing om øydelegginga av Jerusalem vart viktig i boksamlingane rundt om i rika, har det si forklaring i oppmodinga til bot gjennom hundrevis av år. Det var ein rest av dette eg fann i bokskapet i Telemark. Samstundes endra forståinga av Jerusalem seg. Nokre tiår etter preika til Buch i 1728, var det ikkje først og fremst kongelege forordningar og kollektiv bot som kunne gjere byen til ein heilag stad. No flytta Jesus inn i hjartet. Tempelet var der to eller tre samla seg i hans namn, slik lekpredikanten Hans Nielsen Hauge seinare forkynte. Dei som las Josefus’ forteljing på 1800-talet i Gransherad hadde òg lese Hauge. Med overgangen til pietismen vart Jerusalem inderleggjord og gjekk frå å vere maktas disiplinerande retorikk til folkets stammespråk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No hadde ein fått eit eige øydelagt Jerusalem her heime.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis