JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Svenskesynda

GÖTEBORG: Svenskane avviste mange flyktningar frå Noreg i dei fyrste krigsåra, men ei ny doktoravhandling syner at dei liberale lena snart sette standarden – heilt til 2015.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flyktningar frå Noreg på veg til Sverige under den andre verdskrigen.

Foto: NTB / Scanpix

11459
20190215

Bakgrunn

Lars Hansson, historikar, fødd 1945, oppvaksen og busett i Göteborg

Vid gränsen. Mottagningen av flyktingar från Norge 1940–1945. Doktoravhandling, Göteborg universitet, januar 2019

I alt 200.000 menneske flykta til Sverige under den andre verdskrigen

Meir enn ein tredjedel, om lag 70.000, kom frå Noreg

Frå 1940 til 1942 kom flyktningane i hovudsak frå Noreg

I 1941 vart ein av fem flyktningar frå Noreg avviste ved svenskegrensa

Dei uformelt avviste fekk venda attende til Noreg på eiga hand

Dei formelt avviste vart overlatne til tysk politi

Mellom dei avviste var det vernepliktige nordmenn, jødar, romanifolk og tyske desertørar

post@rem.no

Mange hundre flyktningar frå Noreg vart i dei to fyrste åra av den andre verdskrigen avviste ved den svenske grensa. Berre i 1941 vart 450 menneske nekta innreise eller verre – overlatne til okkupasjonsmakta. Flyktningane var norske statsborgarar, romanifolk og jødar, men òg tyske soldatar som hadde desertert, og utanlandsk sjøfolk som rømde frå tyske fartøy. Dei som fekk ei formell og streng avvising, vart overlatne til tyske grensevakter, medan dei som fekk ei uformell og mindre streng avvising, vart bedne om å venda attende til Noreg på eiga hand. Dersom dei då vart tekne på nytt, resulterte det i alt frå formell avvising til naudvisum.

Somme av dei som ikkje slapp inn i Sverige, enda i konsentrasjonsleirar som Mauthausen og Sachsenhausen, andre framom eksekusjonspelotongen på Akershus festning i Oslo.

Haakon 7

Mange flykta gjennom Østfold mot Värmland og Bohuslän sørvest i Sverige. Ferda gjekk gjerne med tog til Halden og derfrå til fots. Somme kom som båtflyktningar over Iddefjorden – som eg kan sjå frå toget på veg til Göteborg for å møta historikaren Lars Hansson. No i januar forsvara han doktoravhandlinga si Vid gränsen. Mottagningen av flyktingar frå Norge 1940–1945 – ein saksstudie frå lensmannsdistrikta Bohuslän, Älvsborg (Dalsland) og Värmland.

I alt flykta 70.000 menneske frå Noreg mot Sverige under den andre verdskrigen. Ein av dei som Hansson skriv om, var kong Haakon 7. Han freista å berga livet ved å koma seg over svenskegrensa då han og det vesle fylgjet hans vart jaga som «vilde dyr» av tyske troppar og bombefly. I Vid gränsen les me: «Den 12. april hadde kong Haakon na°dd fram til den jemtlandske grensa. Den svenske utanriksministeren vart kontakta for at kongen skulle få høve til å koma inn i svensk territorium.»

Ei av grensevaktene, den svenske skilegenda Mora-Nisse, ni gonger vinnar av Vasaloppet, vert sitert i avhandlinga: «Tenk deg det sjokket me fekk då me skjøna at det var den norske kongen og dei næraste kring han som vart jaga av tyskarane gjennom dei norske skogane fram til grensevakta vår. Eg hugsar framleis kor sliten og trøytt kong Haakon såg ut.» Då kongen nådde grensa ved Drevsjø, hadde 67-åringen vore på flukt i meir enn tre døger, så å seia utan svevn.

Troppetransportane

Unge arbeidsfolk var ei av dei større gruppene av flyktningar som i dei to fyrste krigsåra temmeleg systematisk vart avviste ved svenskegrensa og sende attende til det okkuperte heimlandet. Hansson fortel:

– Med høgare alder og sosial posisjon var det lettare å sleppa inn, syner tala. Unge karar frå arbeidarklassen vart avviste. Svenske styresmakter frykta at dei ville ta seg til Nord-Noreg og halda fram kampen mot tyskarane der.

– Så dei vart avviste medan Sverige i løynd lét Tyskland nytta svensk jarnbane til troppetransportar mellom Noreg og Finland? spør eg. Hansson svarar:

– Svenskane strekte seg langt for å gjera tyskarane til lags, altfor langt. At tyske desertørar vart avviste, var sjølvsagt ikkje bra, men det reflekterte eit uttalt krav frå tyske styresmakter.

Saman med sosialminister Eije Mossberg var det statssekretær og seinare landsfader Tage Erlander som underteikna avgjerda om å avvisa tyske desertørar, og ho vart halden løynd, til liks med avgjerda om å tillata tysk troppetransport. Hansson legg til:

– Men ingen har dokumentert tyske krav om å avvisa norske vernepliktige. Så det gjorde me på eige initiativ.

– Kvifor det?

– Motiva var mange. Landet kjende seg omringa på alle hald. Eliten vår var uvanleg tyskvenleg og frykta Sovjet meir enn Tyskland. Mange såg føre seg at tyskarane kom til å vinna heile krigen. Størst var nok frykta for masseinnvandring frå eit Noreg i krig.

Dagen etter at kong Haakon nådde svenskegrensa, kom 5000 flyktande norske soldatar, Østfolddivisjonen, med tyske troppar hakk i hæl. Hansson meiner hendinga var den alvorlegaste for Sverige i dei fem åra.

– Me sleppte dei inn, men avvæpna dei. Det var eit kompromiss. Hadde me late dei fara væpna til Nord-Noreg, trur eg at Sverige ville ha vorte ein del av krigen.

Arbeidskrafta

At det løynde vedtaket om å avvisa tyske desertørar stod heilt til mars 1943, etter det tyske nederlaget ved slaget om Stalingrad, kan stadfesta mistanken om at Sverige ikkje endra haldninga til Hitler-Tyskland før ein visste at landet ikkje ville vinna krigen. Om det er ein kuriositet at Tyrkia ikkje erklærte Tyskland krig før i februar 1945, då Berlin låg i ruinar, er det ein tankekross at Sverige i mange høve ikkje utfordra tyskarane før i 1943.

Av di avhandlinga til Hansson er den fyrste med eit lokalt perspektiv på svensk grensekontroll, med meir enn 30.000 avhøyrsprotokollar som er gått gjennom og systematiserte etter dei tre lensmannsdistrikta, nyanserer ho biletet av dei svensk-tyske relasjonane:

For dei fleste gruppene av flyktningar, sett bort frå dei tyske soldatane som deserterte, var svenskegrensa i røynda open alt frå desember 1941, også i distrikta til dei strengaste lensmennene, etter skarp debatt i Riksdagen og dinest løynde, munnlege bod frå Stockholm. Frå å ha namn som flyktningar vart dei etter kvart kalla emigrantar og så arbeidskraft. I 1945 var Sverige eit anna land enn det som hadde vorte skaka av den tyske invasjonen av nabolandet i 1940. Hansson fortel:

– Ei ny haldning til innvandring vaks fram under krigen, fyrst og fremst påverka av flyktningane frå Noreg. Av di så mange svenske arbeidarar var i vaktteneste, trong landet flyktningane i industrien, som blømde frå 1942. Dei strenge innvandringslovane frå 1937 vart mjuka opp for generasjonar, og kom eigenleg ikkje attende før etter innvandringshausten 2015.

Om lag 200.000 flyktningar kom til Sverige i dei fem krigsåra, om lag like mange som hausten og vinteren 2015. Men til skilnad frå i dag vende dei fleste heim att. Difor henta eit etterkrigs-Sverige i særs stor økonomisk vekst arbeidskraft frå utlandet. Røtene til svensk migrasjonspolitikk i etterkrigstida meiner Hansson å finna i det endra tilhøvet til flyktningar frå Noreg under krigen, eit tilhøve som fyrst endra seg lokalt, i einskilde distrikt, før endringa etter kvart vart offisiell politikk.

Dobbeltspelet

Endringa hang nøye saman med tolkinga av omgrepet politisk flyktning, som i dei fyrste åra ikkje omfatta nordmenn som ville til Nord-Noreg for å kjempa, eller jødar som ikkje grunngav flukta med anna enn opphavet sitt. For både jødar og norske vernepliktige tok det tid før det å vera på flukt i seg sjølv kvalifiserte til status som politisk flyktning, og endringa byrja lokalt, hjå dei mest liberale lensmennene.

At lensmennene fekk såpass stort spelerom i liberal eller restriktiv retning, hadde samanheng med at regjeringa i Stockholm sende ut utydelege og dobbeltkommuniserande signal, dels offisielle og skriftlege, dels løynde og munnlege, dels for å stogga kritikken frå liberale riksdagsrepresentantar, dels for å koma i møte krav og forventningar frå Det tredje riket.

Når svenske lensmenn bad om retningsliner for å nytta naudvisum, alternativt å gje ei formell eller uformell avvising, skriv Hansson, då «svara UD diplomatisk med doble bod»: Det var rett å gje naudvisum, men «med atterhald, så ikkje for mange norske flyktningar kom inn i Sverige». Det var òg rett å overlata flyktningar til tysk politi, men ikkje viss dei «hamna i vanskar etter å ha kome attende til Noreg». Samstundes var det rett å «nytta uformell avvising når det ikkje var fare for at tysk politi oppdaga flyktningen som kom att».

Hansson dokumenterer at dei lokale skilnadene var så store at flyktningar som fekk ei uformell avvising i eitt lensmannsdistrikt, heldt fram med å gå attmed grensa til dei nådde eit meir liberalt distrikt.

Ved grensa

Korleis gjekk det med den forlatne flyktningkongen på svenskegrensa fredag 12. april 1940? Sindige og særs lite sensasjonshungrige Lars Hansson vert litt sjenert når eg fortel at avhandlinga problematiserer hendinga meir enn mange av dei norske versjonane gjer – der vert den svenske avvisinga avdramatisert med at ho var i samsvar med folkeretten.

I Vid gränsen skriv Hansson at då den norske utanriksministeren hadde bede den svenske om at Haakon 7. måtte få koma inn i Sverige, «var svaret at kongen i så fall risikerte å verta internert av di han var norsk øvstkommanderande og under flukta bar generalsuniform. For å få vern mot tyske flyåtak køyrde likevel kongen med fylgjet to kilometer inn på svensk jord, fram til tollbommen ved Flötningen nokre mil nord for Storlien. Den svenske regjeringa måtte ta stilling til korleis dei laut handsama kong Haakon. Skal me tru dagboksnotata til justisminister Westman, ville statsministeren (Per Albin Hansson, Socialdemokraterna) internera han beinveges, men så skjedde ikkje, for etter eit par timar vende kongen og fylgjet hans attende til den norske sida. Haakon gløymde likevel aldri korleis den svenske regjeringa hadde handsama han, og det vart ei livslang misnøye mellom han og slektningen Gustav V.»

Torgny Segerstedt

På vandringa gjennom Göteborg kjem me til Vasa-plassen, der Lars Hansson vil syna meg ein ti meter høg obelisk som endar i ein pennespiss – monumentet over den Hitler-kritiske og difor omstridde pressemannen Torgny Segerstedt (1876–1945). Den forlenga armen hans i Riksdagen, Knut Petersson, var sentral i kampen for å stogga avvisingane av flyktningar frå Noreg. Hansson fortel:

– Segerstedt gjekk ofte over plassen her, med to kamphundar i band og visstnok med ein pistol i dokumentmappa. Folk stod han etter livet. Göteborg var eit sentrum for det svenske nazistpartiet, med fem–seks prosent oppslutnad ved vala i mellomkrigstida. Eg er gøteborggut, fødd det året han døydde, i 1945. Etter eit langt yrkesliv som byråkrat skreiv eg for ti år sidan ei masteroppgåve om nazismens framvekst i Göteborg-regionen, og det sette meg på sporet av stoffet eg no har bala med i fire år: Korleis handsama me flyktningane frå Noreg, ikkje berre sentralt i Stockholm, men i det einskilde lensmannsdistriktet? Og kvar byrja endringane, lokalt eller sentralt?

Han legg til:

– Kulturelt sett kjenner eg meg meir heime i Oslo enn i Stockholm. Det har vel samanheng med at eg er ein historikar som har den andre verdskrigen som felt. Under disputasen i januar var det norske historikarar både som opponent og i vurderingskomiteen. I Sverige og i svensk historieskriving har den andre verdskrigen berre vore ein parentes.

Planane er klåre for neste store oppgåve:

– Eg vil undersøkja korleis me handsama flyktningane som kom frå Danmark.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Unge menn frå arbeidarklassen vart systematisk avviste ved grensa.

Fleire som vart avviste i eitt lensmannsdistrikt, gjekk vidare til neste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis