JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Sirenesongen til yttergrensene

James Cook vart lokka ut på livsfarlege ferder til verdsens ende; målet til Cook var å fara «farther than any other man has been before me».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

13732
20200807

Sørpolvariasjonar

Den engelske sjøfararen og oppdagaren James Cook siglde rundt Sørpolen; nordmannen Roald Amundsen vart sjølve «sørmannen» då han planta det norske flagget på polpunktet.

Er det framleis meiningsfylt å lesa om desse klassiske ferdene mot sør?

Kanskje: Morten Søberg skriv to essay om Cook og Amundsen og andre parallelle liv. Del 1

Duskregn, sein ettermiddag, London, midt i sentrum: Big Ben, parlamentet, T-banestasjonen Westminster. Der tek eg District Line i austleg lei, meir eller mindre langsetter Themsen. Eg skal til stasjonen Mile End. Eg kjem opp i dagen; gryande kveldsmørker og elektrisk lys. Eg går vestetter Mile End Road. Framom The New Globe Hotel, over ei bru over stilleståande kanalvatn, eg passerer eit tidlegare walisisk kalvinistisk metodistisk (sic!) kapell, eg kryssar Globe Street, eg kjem framom ei drikkefontene med religiøs tekst frå Bergpreika («Sæle dei som er reine i hjarta! Dei skal sjå Gud»), eg går framom kafear, spelesjapper, reisebyrå, pubar, teater, kyrkjer, restaurantar, kinoen Genesis, før eg til sist kjem dit eg heile tida skulle: 92 Mile End Road.

Huset som stod her, er rive. Adressa viser til ein vegg av murstein. På denne veggen står det ei offisiell minneplate frå 1970. Eg les at «On this site stood a house occupied for some years by CAPTAIN JAMES COOK, R.N., F.R.S.» etterfylgd av livslengda hans, 1728–1779, og dei forklårande orda «Circumnavigator and Explorer». Avstyttingane etter etternamnet hans tyder Royal Navy og Fellow of the Royal Society.

Korfor fara hit? Jo, av di James Cook alltid har fascinert meg, ikkje minst i guteåra. Då var det å samla på frimerke i vinden, og eg var ein hund etter frimerke som sveiv om og skildra Cook og ferdene hans. Den gongen, for lenge sidan no, laut eg skumlesa katalogane til Stanley Gibbons i London – «the home of stamp collecting» – der kunne eg finna det eg var på jakt etter. Somme Cook-frimerke kjøpte eg derifrå. Andre fekk eg tak i når eg sende barnlege bønebrev (med internasjonale svarkupongar) til postkontor i heile verda. Særleg i Stillehavet, som Cook saumfór på tre namngjetne og årelange ferder det siste tiåret han levde. Smått om senn hyste samlinga mi frimerke frå Cook Islands, Gilbert Islands, New Zealand, Niue, Norfolk Island, Tonga, Tuvalu og andre fjerne himmelstrok.

Engelskmannen Cook hadde skotsk far og lærte seg sjømannsyrket i Nordsjøen, på skuter som frakta kol nedetter den britiske austkysten. Desse fraktskipa var flytande arbeidshestar: heller små, men romlege og med flat kjøl. Nett slike båtar var det han kommanderte på jordomsiglingane sine. Før det hadde han takka nei til å verta kaptein på ein kolfraktar og i staden mønstra på i marinen, der han vart matros. Han steig ikkje berre snøgt i gradene. På tokt til Canada, medan sjuårskrigen mot franskmennene rasa (1756–1763), merkte han seg òg ut med landmåling og kartteikning. Kartet hans over Newfoundland vart ein noggrann klassikar. Det var i bruk i fleire hundre år og visseleg ein av grunnane til at Cook frå 1768 og frametter leidde den britiske kartlegginga av sjøkantar og innland, i Stillehavet særskilt.

Ein nordmann har lett for å festa seg ved den andre langferda til James Cook, frå april 1772 via 100.000 kilometer til juli 1775. Siktemålet til Cook var Sørpolen, eller rettare: Meininga med ekspedisjonen var å sigla så langt sør som råd av di han ville sjå om det faktisk finst eit sørleg kontinent på kloten – å granska om det hypotetiske Terra Australis Incognita er røynleg. Undervegs førte Cook loggbok. Redigert tekst og utvalde bilete (kart, teikningar) vart samla i utgjevinga A Voyage Towards the South Pole and Round the World i 1777.

Eg les at dei kom til Kappbyen i slutten av oktober 1772. Skipet til Cook heitte HMS «Resolution». Fylgjeskipet – med Tobias Furneaux som leiar – hadde det talande namnet HMS «Adventure». Dei kom ikkje i land med ein gong for skuld vindtilhøva, ankra opp, og så: Med eitt, om kvelden, vart «the whole sea» så langt dei kunne sjå, lyst opp som om det stod i brann. Om bord var svensken dokter Daniel Solander, ein av læregutane til Carl von Linné. Han meinte alt lyset kom av sjøinsekt. Dei henta opp sjøvatn i bytter og, ja, det var stappfullt av tallause gjennomsynlege insekt så store som knappenålsaugo – livlause lyskjelder å sjå til. Skipa var elles lasta med allslags folk (drygt to hundre mann) og kompetanse: dekksmenn og båtsmenn, snikkarar og seglmakarar, kanonmannskap og marinesoldatar (irekna ein trommeslagar), kokkar og kirurgar og to røynde grønlandsfararar.

Cook skriv fyrst om føregangsmennene som dei fylgde i kjølvatnet til. Han listar opp alle tidlegare utforskingar av den sørlege hemisfæren i kronologisk rekkjefylgd. Omtalen er kort og fyndig. Døme: Om ferda til Lozier Bouvet står det mellom anna at han 1. januar 1739 oppdaga land – «eller det han oppfatta som land» – på sørleg breiddegrad 54 og austleg lengdegrad 11. Nett dette området var det meininga at Cook skulle utforska fyrst – han ville røkja etter om det var ein del av det ukjende sørlege kontinentet. Men britane såg ikkje det Bouvet hevda å ha sett, og Cook skriv at det nok måtte ha vore tale om ei «isøy». Han skulle berre ha visst: Bouvetøya vart ved kongeleg resolusjon dagsett 23. januar 1928 gjord til ein del av norsk territorium, noko britane fyrst motsette seg.

Stilen til Cook er tru mot sjangerkrava som gjeld for skipsdagbøker. Han gjer presist og sakleg greie for bruken av ymse instrument og klokker som dei nytta til å navigera med så dei heile tida visste kvar dei var. Han held oss oppdatert på breidde- og lengdegrader, han fortel om vindleier og havstraumar, og han kjem med stendige temperaturmålingar. Innimellom vert språkbruken meir litterær: Dei byrja etter kvart å ta om bord is som dreiv i sjøen. Saltvatnet rann av då dei la isen på dekk. Og ferskvatnet dei til sist sat att med, kallar han «søtt og velsmakande». Om sørlyset ­– aurora australis – skriv han at det minner om nordlys, men at han aldri har høyrt om det før. Men å sjå til er det vakkert: eit sterkt, mesta sirkulært lys som spreier strålane sine på merkeleg vis til alle kantar.

Cook kryssa den antarktiske sirkelen på føremiddagen 17. januar 1773. Ingen hadde vore lenger sør før. Snart tvinga ein vegg av is dei til å venda om mot nord. To veker seinare miste dei to skipa kvarandre av syne i tett skodde og møttest ikkje att før 17. mai – som avtala – i sundet mellom Nord- og Sørøya på New Zealand. Dinest: hit og dit frå øy til øy i Stillehavet gjennom sommarmånadene. Skipa kom bort frå kvarandre på nytt i oktober. Atter var plan B å møtast på New Zealand, men HMS «Adventure» kom til møtestaden ei veke etter at HMS «Resolution» hadde kasta loss og skulle sigla mot sør, mot Sørpolen. Før han fór, skreiv Cook eit memorandum til kapteinen på det sakna skipet. Det låg i ei flaske under eit tre på stranda ved vika der avtalen var at dei skulle møtast, og inneheldt opplysningar om ruta som HMS «Resolution» hadde tenkt seg. Kor som var fylgde ikkje HMS «Adventure» etter; dei drog i staden heim til England.

Eventyret heldt fram: I januar 1774 siglde Cook og mannskapet resolutt rett sør. Det svartblanke havet fyltest med kvart av risestore isfjell, større enn det Cook hadde høyrt eller lese om ved Grønland. Det bles og snødde; segla fraus, og tauverket vart dekt av fleire centimeter tjukk is. 30. januar kom dei heilt ned til 71. sørlege breiddegrad. Det vart den nye yttergrensa for menneskja: Cook skriv at «I whose ambition leads me not only farther than any other man has been before me, but as far as I think it possible for man to go», skjønar at å halda fram er for farleg og uansvarleg. Han legg til at han sjølv og «fleirtalet om bord» meiner at dersom det finst eit sørleg kontinent, er det dekt av is, og truleg har det vore såleis frå aralds tid.

Sett frå Sørpolen fór Cook i grunnen rundt heile Antarktis. I dag er dette ovstore kontinentet delt inn i ei rad underland og soner. Desse territoria gjev fyrst og fremst ut frimerke. Ein vakker dag i London fer eg til Stanley Gibbons i sentrumsgata Strand. Inst i lokalet er der ein halvmåneforma disk. Hyllene attom hyser frimerkealbum frå golv til tak. Ekspeditrisa fortel at ho kjem frå Yorkshire, frå ein landsby like attmed staden der Cook voks opp. Eg nærmar meg heimlandet barndom sjølv: Eg kjøper eit frimerke med eit målarstykke av HMS «Resolution» frå British Antarctic Territory, eit med eit portrett av Cook i gult og blått frå Terres Australes et Antarctiques Françaises. Eg spanderer òg på meg eit om Cook og skipet hans utferda av Australian Antarctic Territory i tillegg til to frå Ross Dependency (eit område som ligg under New Zealand) som syner både Cook og Roald Amundsen.

Nett frimerke gjev meg òg ein peikepinn på korleis James Cook vert sett på i dag. Så seint som i august 2018 kom det ut nye britiske frimerke om den fyrste langferda til Cook rundt jorda og over Stillehavet med skipet «Endeavour». I fylgjetekstane frå Royal Mail står det skrive om banebrytande oppdagingar, om ikoniske kart som Cook laga, om dei ulike kartleggingsmetodane han nytta og langt på veg perfeksjonerte. Offisielt er Cook framleis ein moderne helt og heil ved.

I Mile End Road ser eg derimot konturane av ein noko meir kritisk innfallsvinkel. På murveggen under minneplata om James Cook merkar eg meg skriftleg atterljom etter høglydte protestar. Nokon har kome hit med plakatar, limt dei fast på mursteinane. Andre må ha kome seinare og freista ta dei bort, for eg ser berre brotstykke av biletet – sundrive papir, avbrotne setningar, einstaka ord. Men essensen i desse fragmentariske skuldingane er tydeleg: rasisme, imperialisme, brutalitet, veneriske sjukdomar og så bortetter.

Sjølv er eg meir tvisynt. Ja, eg synest det er nedslåande å lesa Cook skriva utførleg om kor stygge han tykte somme stillehavsmenneske var, og at dei dessutan likna pissemaur (av di dei gjekk omkring med stramme belte rundt livet som visstnok gav ein slik kroppsfasong). På lik line med oss tolka han synsinntrykka sine i lys av herskande tankar i samtida. Det er som det er og har vore. Rett skal vera rett: Engelskmennene gjer mykje urett. Stundom skyt dei for å skremma, ein hende gong for å drepa. Til alt hell er omfanget av slik åtferd ikkje større enn at det kunne ha fått plass i ein fotnote.

Sjølv liker eg kanskje aller best å lesa om stader der bokstaveleg tala ingen ting hender. Ei øy ved 59. breiddegrad sør og 27. lengdegrad aust døypte Cook Southern Thule av di det var den sørlegaste landmassen nokon på det tidspunktet – januar 1775 – hadde skrive heim om. Øya skildrar han kort og konsist som eit snødekt platå, ein slags språklaus antipode til Thule – det romerske namnet på Dei britiske øyane. Her er skrivestilen til Cook fotografisk– ei einfelt skriftfesting av det han ser, såg og har sett.

Skrifta hans vert sjølvsagt meir, tja, samansett og subjektiv når han skriv om menneske. Her og der står eitkvart skrive ordrett mellom linene òg: Etter vitjinga på Selskapsøyane (mellom dei Tahiti) midt i Stillehavet sleit storparten av mannskapet hans med «a certain disease» etter intime møte med kvinner der. Dinest skriv han at ryktet deira som ukjurer/libertinarar var noko urettvist: «Det er like vanskeleg her som andre stader å få slike tenester frå gifte kvinner og velhaldne ugifte kvinner». Cook meiner at ein vilt framand som kom til England, fort ville få tilsvarande galne tankar om dei engelske kvinnene sidan det reint aula av horer i hamnestroka (og i Drury Lane i Covent Garden i London, legg han til).

Kva meir? Eg legg mest merke til undringa hans. Cook brukar sjeldan spørjeteikn (berre 46 gonger i A Voyage Towards the South Pole and Round the World), men i røynda spør og grev han heile tida, side opp og side ned. Døme: Kva slags form for menneskeofring driv dei med på nett Selskapsøyane? Som oftast skriv han ned svara han får i form av nøkterne fakta utan å gjera seg til nokon overdomar. Loggboka grensar tidvis til ei allkunnebok, rett nok ei vestleg ei.

Kan henda er språk nykelordet som i størst grad peikar framover i sakprosaen til Cook. Eit av vedlegga til A Voyage Towards the South Pole and Round the World er nemleg ei førebels ordliste, ei tentativ «avskrift» av talemålet på Selskapsøyane. Cook freistar gje att uttalen lokalt med lydskrift som han gjer greie for i innleiinga og gjev døme på med tilvisingar til engelske lydar. Dinest fylgjer framimot 1300 ord med engelsk omsetjing. Ord for fargar, tilstandar, kroppsdelar, sosiale og familiære relasjonar, himmelretningar og himmellekamar, kjensler, gjerningar, gjenstandar, fenomen – irekna ekko og horisont; språk og samtale; forståing og forvirring. Det skal han ha: Cook teikna òg kart over språklege terreng.

Attende til Mile End Street. Cook roa seg aldri her. Han var ein engelsk flygande hollendar: nøydd til å sigla og sjå seg ikring. År etter år med vind og havstraumar og loggføring. Punktum vart sett på Hawaii i 1779. Der slo innfødde øybuarar han i hel på bestialsk vis. Dinest lema dei han sund som eit slaktedyr. Fram til då var det eitkvart genuint nyfike og eg hadde nær sagt essayistisk ved rastløysa og utferdstrongen til Cook. Granskingar og oppdagingar, stendig nye spørsmål og prøvande omsetjingar/tolkingar – tidlaus sakprosa langt på veg på tvers av lengde- og breiddegrader.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 Gruppen og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er nedslåande å lesa Cook skriva utførleg om kor stygge han tykte somme stillehavsmenneske var.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis