JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Sakharovs visjonar

Andrej Sakharovs hadde ei ukueleg tru på at dei politiske systema ikkje ville kunne kue trongen til fridom. 21. mai var det hundre år sidan han vart fødd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andrej Sakharov kjem med tog frå Gorkij til Moskva i desember 1986, etter nær sju år i indre eksil.

Foto: Boris Yurchenko / AP / NTB

6859
20210528
6859
20210528

Det var i juni 1968. Atomfysikaren og dissidenten Andrej Sakharov, den gong 47 år gammal, sette punktum for pamfletten, som kom på norsk året etter med tittelen Manifest om fremskritt, sameksistens og åndsfrihet.

Før dette hadde han prøvd å få publisert det han kalla ein framsynt artikkel om «dei intellektuelle og ansvaret for å unngå ein termonukleær krig», i avisa Literaturnaja gazeta. Sovjetunionens sentralkomité gav ikkje løyve til å trykkja artikkelen, men Sakharov gauv laus på ein ny tekst, som skulle bli noko av det mest tonegivande som vart skrive i Sovjetunionen på denne tida.

Dei første linjene frå pamfletten er dystre: «Den djupe usemja til menneskja trugar all eksistens og alt liv», skreiv Sakharov: «Sivilisasjonen slik me kjenner han, er truga av ein total termonukleær krig, svoltkatastrofar som rammar størstedelen av menneskja, fordummande massekultur og byråkratisk dogmatisme, spreiing av mytar som kastar heile folkeslag og kontinent inn i armane på brutale og feige demagogar.»

Blant dei meir presise observasjonane pamfletten blinka ut, var ikkje berre nasjonalisme, demagogi, militarisme og diktatur. Fysikaren meinte òg at verda stod overfor eit geohygienisk problem: «bruken av antibiotika kan skapa nye mikrobar som ikkje vil la seg kjempa mot med antibiotika», skreiv han. Året var 1968.

Var dette, for å sitera Sakharov sjølv, overdrivne framsyningar? I lys av ettertida, og når me veit at ein seinare fredsprisvinnar, Mikhail Gorbatsjov, skulle ta opp mykje av tankegodset hans, kan ein meina at Sakharovs framsyningar medverka til å endra kursen for det globale rustingskappløpet. Sovjetunionens siste generalsekretær og president byrja ein omfattande reformprosess, som førte Sakharov ut av indre eksil og tilbake på talarstolen i Gorbatsjovs nyvalde sovjetiske parlament, folkekongressen.

Der heldt Sakharov fram med å krevja meir radikale reformer, mellom dei ein slutt på maktmonopolet til det sovjetiske kommunistpartiet. Den djupe usemja iSakharov snakka om, vart ei indre usemje. Sakharov sjølv døydde i 1989, men endringane var ikkje til å stogga. I desember 1991 gjekk sovjetstaten i oppløysing.

Ganske nøyaktig tretti år seinare, i det pandemiske året 2021, synest det som om verda har gått i ein stor sirkel. Demagogi, sjølvråderett, nasjonalisme, opprusting og frykt har gripe om seg, og Sakharovs visjon om «geohygiene» synest sørgjeleg aktuell. Stilt framføre 100-årsjubileet for fødselen hans den 21. mai 2021 er det likevel eit moment i den opphavlege pamfletten som fortener ekstra merksemd. For kva var essensen i Sakharovs visjonar?

Det kan samanfattast i to omgrep: ytringsfridom og intellektuelt ansvar. Pamfletten Manifest om fremskritt, sameksistens og åndsfrihet er ingen lang tekst. På originalspråket verkar han tidvis òg fragmentarisk, og som ei slags «plukkliste» over dei mest skrekkelege framtidsvisjonar ein kunne sjå for seg.

Men i kulepunkta som avsluttar pamfletten, er det to punkt som skil seg ut: «Det er særs viktig», skreiv Sakharov, «å vedta ei lov om presse- og informasjonsfridom, ikkje berre for å kjempa mot den ansvarslause ideologiske sensuren, men også for med alle moglege middel å oppmoda samfunnet vårt til sjølvstudium, til ei fordomsfri søking etter sanning.» Det andre punktet var ikkje mindre vesentleg: «Me må straks avvikla alle grunnlovsstridige lover og dekret som er i strid med menneskerettane.»

Dette var i 1968. I 1986 avvikla Gorbatsjov sensuren og sette i verk «openheitspolitikken» (glasnost). Diskusjonane i folkekongressen vart folkeeige, alle sesjonar frå 1988 og utover vart sende direkte på fjernsyn. Sjølv etter dei dramatiske oktoberdagane i 1993, då Jeltsin oppløyste det russiske parlamentet, var det «rom for ytring» i det nye Russland.

Russlands folkekongress vedtok, før han vart oppløyst, ei lov om media (1995) som slo fast prinsippet om grunnlovsfesta ytrings- og mediefridom, og som sentrale menneskerettsforkjemparar som president Boris Jeltsins første ombodsmann for menneskerettar, Sergej Kovaljov, kalla den viktigaste hjørnesteinen i omstillinga etter 70 år med sensur og ideologisk styring.

Men kampen for frie ytringar er ikkje over. Sidan 2012 har russiske styresmakter, frå duma til føderasjonsråd og ministerium, innført lovverk som kastar det russiske samfunnet inn i ei byråkratisk tredemølle av rapportering, mistenkjeleggjering og økonomiske vanskar. Innføringa av lov om utanlandske agentar (2012), og seinare justeringar av lova (2017–2019), påfører russiske samfunnsinstitusjonar økonomiske tap og sjølvsensur.

Ved inngangen til 2021 har lova kome til bruk mot russiskspråklege medium utanfor Russlands grenser, slik som internettavisa Meduza.io. Respektable organisasjonar som Memorial, organisasjonen for rehabilitering av offer for Stalins utreinskingar, vart registrerte som «agentar» alt i 2014. Agentmerkelappen overlèt lite til fantasien: Føremålet er å slå ein kile inn mellom det Russland Putin-regimet trur seg i stand til å skapa, og det Russland som skapar seg sjølv, i fri omgang med informasjonstilgang og offentleg diskusjon og debatt.

På 100-årsdagen for Sakharovs fødsel, den 21. mai 1921, må me difor fastslå følgjande: Ein av Russlands største tenkjarar, han som la grunnlaget for Gorbatsjovs kuvending bort frå tiår med konfrontasjon og ideologisk einsretting, og som i mai 1988 talte på det første offentlege (og tillatne) møtet halde av organisasjonen Memorial, er framleis aktuell. Likevel ikkje i den tydinga me skulle ønskje.

Organisasjonen til Sakharovs minne har sidan februar 2021 arbeidd for å halda ei utstilling med opning i mai 2021, men fekk i byrjinga av mai same år avslag frå styresmaktene. Årsak: «Innhaldet i utstillinga er ikkje godkjent.» Både i Russland og i nabolandet Kviterussland dengjer politi laus på fredelege demonstrantar, nyhenderedaksjonane vert raida av politi, kjende advokatar blir tiltalte og blir fengsla utan rettargang.

Skal me difor vera like dystre som i Sakharovs pamflett? Sakharov sjølv var ikkje det. Han hadde ei ukueleg tru på at menneska alltid kunne forbetre seg, og at systema ikkje ville kunne kue trongen til fridom.

Me får, i det me minnest Sakharov, konsentrera oss om det tredje og siste punktet i pamfletten frå 1968, det som finst i sitatet som innleier han. I originalutgåva frå 1968 siterte han Goethe: «Berre den har gjort seg fortent til eit liv i fridom som kvar einaste dag er parat til å gå i striden for denne verdien.»

Sakharov gjorde det. Også dette har eit namn. Det vert kalla intellektuelt ansvar.

Geir Flikke

Geir Flikke er professor i russlandsstudiar ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sakharovs visjon om «geohygiene» synest sørgjeleg aktuell.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis