JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Pioneren for ein ny norsk møbeldesign

I år er det 100 år sidan Ingmar Relling vart fødd. Relling gav form til ei ny møbellinje,
tufta på norske verdiar, men ikkje utan tilknyting til internasjonale stilimpulsar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den første Siesta-stolen. Opphavleg var stolen tenkt som eit utemøbel utan puter. Då stolen fekk puter,  vart han flytta inn i stovevarmen, og salet skaut fart.

8526
20200522

Siesta

Siesta – vinnar av Bransjerådet for møbel- og innredningsindustriens eksportkonkurranse i 1965

Tildelt Merket for god design i 1968

Klassikarprisen i 1992

Produsent frå 1965 til 1997: Vestlandske Møbler, Sykkylven

Produsent i 2020: LK. Hjelle, Sykkylven.

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det
i Dag og Tid. Del 16

Formgjeving

eldar.hoidal@online.no>

Ingmar Rellings mest kjende møbel er stolen Siesta. Stolen som vart teikna i 1964 og lansert i 1965, har ei enkel og tidlaus form. Stolen er god å kvile auget på, samstundes som han gjev høg sittekomfort. Siesta-stolen er typisk norsk, men samstundes så grunnleggande ålmenngyldig at han appellerer til møbelbrukarar over heile verda.

Kva er så typisk norsk i denne samanhengen? I møbelbransjen har dei eit bilete som kan vere med å illustrere eit trekk ved den kulturelle eigenarten vår. Når nordmenn er på møbelmesser og skal vurdere ein stol, spør dei om han er god å sitje i. Ytre form og estetikk som ikkje er forankra i funksjonelle og praktiske omsyn, appellerer i mindre grad.

Nordmenn er nok like forskjellige som menneske i andre land, men denne observerte forskjellen i messeåtferd verkar forståeleg om ein ser litt nærare på nyare norsk kultur- og samfunnssoge. I motsetnad til mange andre land hadde ikkje Noreg ein stor overklasse med preferansar for møblar og innbu som knytte gruppa til ein felles europeisk stiltradisjon. Gjennom migrasjon frå landsbygda til byane voks det i Noreg fram ei potensiell kjøpargruppe som først og fremst hadde behov for rimelege møblar som var praktiske for dei føremåla dei skulle fylle.

Møblar for folk flest

Rett nok ville mange av dei nye møbelkjøparane gjerne vise fram nyvunnen status og kjøpeevne ved å utruste stasstover som berre vart nytta høgtidsdagar. Men då var det at ein ny generasjon møbeldesignarar og sosiale reformatorar appellerte til fornufta: Få ut stasmøblane, sa dei. Få inn dei funksjonelle møblane som alle familiemedlemer kan nytte til kvardags.

Dette var med å rydde vegen for ein ny norsk møbelindustri, ein industri som i hovudsak voks fram på landsbygda på Vestlandet, og som trong formgjevarar som kunne gje uttrykk for det som låg i tida, og gje vakre kvardagsvarer til alle. Ein av dei som stod i fremste rekkje i dette sosiale reformarbeidet, og i demokratiseringa av det norske innbuet, var Ingmar Relling.

Relling kom frå enkle kår og voks opp på eit småbruk i Sykkylven på Sunnmøre. Inspirert av ein eldre bror, Adolf, søkte han seg inn på Handverks- og kunstindustriskulen i Oslo og kom under påverking av lærarar som Arne Korsmo. Her fekk han styrka sansen for det sosiale og demokratiske ved produktutviklinga. Hovudoppgåva for ein formgjevar var å gje nyttige og funksjonelle møblar for folk flest, slik Ingmar Relling såg det.

Industrialisering

Det gjekk nokre år før norsk møbelindustridesign fann fram til ei særeiga form. Det skjedde ikkje før i 1950-åra, då møbelmarknaden var metta og møbelfabrikkane leita etter uttrykk som kunne appellere til ei meir kresen og kjøpesterk kundegruppe både ute og heime. Ingmar Relling står fram som ein pioner i denne fasen, meiner designhistorikaren Fredrik Wildhagen. I ei bok om Ingmar Relling skriv han at «framveksten av en særegen og selvstendig norsk møbelprofil (…) var designerledet og preget av Ingmar Rellings innsats».

Rellings hovudverk er Siesta-stolen. Siesta representerer mykje av det som har karakterisert norsk møbelindustridesign dei siste tiåra, og som knyter denne designlinja til det ujålete norske kravet til fornuft og nytte.

For å setje Siesta-stolen inn i ein større samanheng, må vi sjå litt på utviklinga av den norske møbelindustrien etter krigen. Fram til om lag 1960 var produksjonen, også i dei verksemdene som kalla seg møbelfabrikkar, i stor grad handverksbasert. På denne tida tok bedriftene i bruk nye materialar som skumgummi og laminert trevirke. Desse materialtypane la til rette for ei forenkling og rasjonalisering av framstillingsmåtane. Manuelle operasjonar vart i stor grad erstatta av maskiner drivne av straum frå kommunale kraftverk som hadde bygd opp stabile straumnett. Små kjellarverksemder som ikkje hadde plass til maskinrekkene, eller der eigarane ikkje hadde ambisjonar om å vekse vidare, vart stille og udramatisk lagde ned. På same tid opna norsk økonomi seg mot omverda. Møbelbransjens ekspansive bedrifter satsa på eksport, og Vestlandske Møbler, som laga Siesta-stolen, gjekk i 1955 saman med fire andre bedrifter om å etablere eksportorganisasjonen Westnofa.

Klassikaren Siesta

Styresmaktene var med på å stimulere til industrialiseringa ved å finansiere både modernisering og utbyggingsprosjekt for bedriftene og leggje til rette for meir eksport. I 1964 lyste Industridepartementets bransjeråd for møbel- og innreiingsindustrien ut ein konkurranse om stolmodellar for eksportmarknaden. Det var denne konkurransen som fekk Relling til å byrje arbeidet med suksessmodelle sin. Han ville utvikle ein stol som ikkje var statisk og stiv, men som svarte på kroppen sine rørsler: ein stol som var god å sitje i. Han prøvde først ein konstruksjon med flattstål, eit material som var lett å nytte i ein industriell prosess. Men etter å ha rådført seg med broren, Adolf, kom han til at laminert tre ville gje dei same gode brukseigenskapane.

Ingmar Rellings bidrag til Bransjerådets eksportkonkurranse vann førsteprisen, og juryen var raus med lovorda: «Siesta er et gjennomført prosjekt hvor designeren uten å nøle har utnyttet de muligheter som bruken av laminert tre inviterer til, og på en konsekvent måte har Relling forent estetiske uttrykk med en gjennomført mekanisert og lite håndverksintensiv produksjonsmetode.»

Relling hadde ein føremon som designar i at han kjende til dei produksjonsmessige rammene som industribedriftene arbeidde under. Han var ein av få designarar som budde midt i den nye industriklynga, og i alt han gjorde, tenkte han industrilogistikk. Her skilde Relling og nokre av dei norske designarkollegaene hans seg frå danske kollegaer, som i større grad vende seg mot den handverksmessige framstillinga og teikna møblar med organiske former. Siesta-stolen representerer noko anna, han er materialøkonomisk med eit minimum av komponentar. Bakbeina og ryggstykket er smelta saman i ein formpressa laminatvang. Dette stykket vert kopla i hop med eit anna laminatstykke som utgjer sete og rygg. Stolputene kviler på ein seglduk som vert fletta inn i laminata.

Stolen krev liten plass ved transport og er som skapt for eksport. Både laminat, seglduk og puter går ned i ein liten, flat pakke. Stolen vart då også produsentens fremste eksportmodell. Noregs møbelseljar nummer ein, Jens Petter Ekornes, kalla Siestaen ein plog for norsk møbeleksport. Han har særleg vunne fram i marknader som USA og Japan, land der skandinavisk møbeldesign tradisjonelt har vore etterspurd. Den norske nøkternheita har også internasjonal appell.

Eit industrieventyr

Lanseringa av Siesta-stolen skapte ein ny æra for produsenten, Vestlandske Møbler. Dei første åra vart modellen laga parallelt med mange andre møbelmodellar og salongtypar. Etter ein brann i 1970 la verksemda produksjonen heilt om, og dei konsentrerte seg berre om laminerte møblar, med Siesta-stolen som spissproduktet. Ei teknisk interessert fabrikkleiing fekk i tida framover installert store laminatpresser for Siesta-laminata. Laminata vart deretter bearbeidde til Siesta-delar i spesialkonstruerte splittemaskiner. I 1974, før data og industrirobotar var komne i bruk, installerte bedrifta, i samarbeid med Trallfa på Jæren, lakkeringsrobotar.

Ingmar Rellings Siesta er eit døme på ei heldig kopling mellom ein talentfull og jordnær formgjevar og ein industri som var open for nye tankar og teknikkar. Siesta-stolen har vunne heider og ære og har vore å sjå både i Det kvite huset i Washington og på internasjonale kunstmuseum. Stolen er produsert i nærare ein million eksemplar og lever enno. Då Ekornes-konsernet tok over Vestlandske Møbler i 1997, prøvde dei å lage ein regulerbar variant, men han slo ikkje an.

No er stolen i produksjon i si opphavlege form ved L.K. Hjelle i Sykkylven. Det enkle er ofte det beste.

Eldar Høidal

Eldar Høidal er førstekonservator ved Musea på Sunnmøre, avdeling Møbelmuseet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han prøvde først
ein konstruksjon
med flattstål.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis