Historie
På blankt papir
Oppgåva er enkel. Måndag 25. mars 1957 skal seks regjeringssjefar signere traktaten om European Economic Community (EEC). Dei greier det så vidt.
SIGNERING, I. Måndagskvelden i 1957 snudde signaturmaktene ryggen til veggen. Der hadde Giuseppe Cesari mellom 1595 og 1640 måla motiv frå legenda om konflikten mellom nabobyane Roma og Alba Longa tusen år tidlegare.
Kolorert foto: Walter Attenni, EU Audiovisual Service
Palazzo dei Conservatori ligg høgt og fritt på Capitol i Roma med sin fasade i gult og kvitt forma av Michelangelo. Svartglinsande bilar har svinga opp til Piazza del Campidoglio, skapt i ein leik med renessansens geometri. Svartblanke sko har klakka mot dei 46 marmorstega opp den store trappa, Il Ripano Scalone. Slips i svarte dressar har stega inn på marmorgolvet i den avlange salen. Kl. 18.00 er dei der alle, regjerings- og utanriksministrane frå Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Belgia, Nederland og Luxembourg.
EEC skal bli ein mektig internasjonal institusjon med reglar for det meste. Det tek til med ein som ikkje vil innordne seg. Ministrane skal bruke ein særskild penn, men utanriksminister Joseph Bech frå Luxembourg skriv med sin eigen penn i staden. Det er det minste problemet denne kvelden.
Diplomatar har forhandla om teksten i Brussel, og dokument og kopimaskin blir sende med tog til Roma. På den sveitsiske grensa blir vogna med det historiske dokumentet kopla frå av di gods og passasjerar ikkje kan fraktast med same tog gjennom Sveits. I Milano forsvinn vogna ut av syne.
Då alt endeleg er framme i Roma, oppstår nye problem. Den tids kopimaskinar sprutar gjerne blekk, og det må ein unngå i eit rom dekorert med verk av Rubens. Med hjelp av studentar blir kopieringsarbeidet sett i gang nede i kjellaren, men etter to dagar går studentane til streik. Fukt i rommet gjer at kopiane må leggjast på eit golv til tørk. Dei kopiane fjernar reingjeringsfolka neste morgon fordi dei trur det er søppel. Kopiane er ingen stad å finne. Difor er berre første og siste side på plass ved signeringa. Resten er blanke ark.
Då historia kjem for ein dag under 40-årsjubileet for Romatraktaten i 2007, seier ein russisk diplomat: Dette er for sant. Det er ikkje falskt nok.
Fredag 29. oktober 2004 rullar dei svarte på ny opp Via di San Pietro in Carcere. Regjeringssjefar, no frå 25 land, benkar seg inne i den avlange salen for å signere ei grunnlov for EU. Denne gongen er det ingen blanke ark, men utanfor, i nord og vest, gir mange blanke blaffen i det som står der. Året etter forkastar Frankrike og Nederland framlegget gjennom folkerøystingar med fire dagars mellomrom – i Frankrike seier 55 prosent nei, i Nederland 61 prosent. Fleire sjansar får ikkje Roma. I staden tek arbeidet til med den såkalla Lisboa-traktaten, signert i den portugisiske hovudstaden 13. desember 2007.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.