JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

«Mennesket kan forbetrast uendeleg»

Få har som Andrej Sakharov, den klassiske intellektuelle forskaren og aktivisten, sameint intelligens, mot og eit uredd forsvar for sivilisert politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6215
20210528
6215
20210528

Andrej Dmitrijevitsj Sakharov var far til den sovjetiske H-bomba. Men til liks med dei amerikanske atomfysikarkollegaene Albert Einstein og J. Robert Oppenheimer vart han kritisk til masseøydeleggingsvåpena. Livsprosjektet deira vart mykje det same: å åtvara verda mot atomkatastrofen. Den kampen fekk store kostnader for dei alle.

Det starta ikkje slik. Sakharov meinte til å byrja med at det ville tena freden at Sovjetunionen fekk si H-bombe. Det ville verka som ei motvekt til USA. I 1954 vart den sovjetiske bomba detonert.

Sakharovs tvil kom tidleg. Alt i 1961 – etter at han hadde fått ei rad heidersutmerkingar – tok han avstand frå gjenopptakinga av atomprøvesprengingane på Kolahalvøya og på Novaja Semlja. Det skjedde ope, midt mot Nikita Khrusjtsjov.

Menneskerettsaktivist

Seinare, i 1966, tok han del i protestane mot rehabiliteringa av Stalin, og frå 1967 var han aktivt med i arbeidet med å fremja respekten for menneskerettane og mot undertrykkinga av sovjetiske dissidentar. Her vart rettssakene mot forfattarane Jurij Daniel og Andrej Sinjavskij i 1965–1966 skilsetjande. Dei synte sovjetregimets sanne karakter.

Han gjekk også aktivt ut mot ABM-rakettskjoldet som skulle gjera USA og Sovjetunionen uangripelege med kjernevåpen. Sakharov meinte dette ville gjera åtak med kjernevåpen meir sannsynleg og auka krigsfaren.

Sakharovs politiske syn gjekk gjennom store omskifte – frå den milde humanistiske kritikken av kaldkrigsretorikken og stormaktsrivaliseringa mellom USA og Sovjet til fullstendig avstandtaking frå sovjetdiktaturet og krav om omlegging til demokrati i Russland.

I eit ope brev til Leonid Brezjnev i 1972 kritiserte han leiarsjiktet i kommunistpartiet for «apati, hykleri, småborgarleg egoisme og skjult brutalitet». Og la til: «Leiarane si likesæle haldning til menneskerettane og dei løynde privilegia (…) (er) som er eit trugsmål mot den verkelege tryggleiken for landet og framtida til menneskeætta.»

Interessant er det også å sjå Sakharovs gradvise omfamning av FNs universelle menneskerettserklæring av 1948 som eit sivilisatorisk grunnprinsipp, uansett regime. Han såg desse verdiane med demokratiet som grunnsats som eit minste felles golv som all von om fredeleg sameksistens måtte byggja på.

Sakharov trudde òg at den fram­-
tidige freden måtte basera seg på ei gradvis tilnærming mellom USA og Sovjet i samfunnsstruktur. På den tida oppstod det ein heil litteratur om dette, den såkalla «konvergenstesen».

Kva Sakharov ville sagt til det Russland som me ser i dag, er ikkje usikkert. Putinismens oligarkikapitalisme med utvitydige autoritære drag ville ikkje appellera noko særleg. Han ville ha sagt det som det er: Russland er eit hybridregime med ein demokratisk fasade framfor eit autoritært kleptokrati.

Intelligentisaen

Sakharov var ein klassiske representant for den namngjetne russiske intelligentsiaen som såg ansvaret med å opplysa folket som kjerneoppgåva si. Heilt frå tsartida gjorde dei opprør mot tankeufridom og despoti. Intelligentsiaen skulle uredd og usjølvisk peika på feil i samfunnsmaskineriet og varsla om maktovergrep frå byråkrati og politikarar. Prinsippfaste og forplikta på sanning stod dei fram. Det var i denne verda Sakharov vart forma intellektuelt.

To år før han fekk Nobels fredspris i 1975, sa Sakharov at han ikkje lenger rekna seg som kommunist, men heller som liberal humanist. Han var tidleg ute med å åtvara mot økologiske katastrofar, og han var tydeleg på sin tvil om sovjetsystemet i det heile kunne reformerast innanfrå. Der fekk han rett få år etter han døydde.

Etisk perfeksjonering

Eg har møtt Sakharov. Berre nokre månader før han gjekk bort i 1989, kom han til Chr. Michelsens Institutt (CMI) i Bergen, invitert av styreformannen Jarle Ofstad. Ved middagen takka Ofstad Sakharov for at han hadde appellert så sterkt til menneskeleg fornuft og godvilje i sine manifest om fredeleg sameksistens og nedrusting. Bruken av samfunnsvitskaplege metodar i arbeidet med å fremja toleranse var det Ofstad især festa seg ved.

Då Sakharov skulle takka, såg eg at han nølte. Han konsentrerte seg om kvart ord: «Ja, det er rett at eg den gongen, i 1968, la vekt på rasjonalitet og vitskapleg utprøving av samfunnsproblem», byrja han, «og eg har ikkje noko å trekkja frå denne metoden i dag. Men eg er no i dag komen fram til ei anna overtydig i tillegg: Viktigast for menneska er å erkjenna at me har ei uendeleg evne til forbetring, ei uendeleg evne til etisk perfeksjonering. Altså uendeleg i stand til å forbetra oss moralsk. Me kan stadig verta meir etisk høvelege handlande aktørar. Ja, det er inga grense for evna vår til å bli betre menneske», sa han og sette seg.

Kaldkrigsoffer

Då Sakharov fekk Nobels fredspris, vart han av SV-avisa Ny Tid omtala hånleg. Redaktør Jan Otto Hauge kalla han «en pro-amerikansk nikkedokke» (nr. 17, 1975). Då Sakharov argumenterte for sjølvstende for dei baltiske landa, kvitterte redaktør Bernt Eggen i same avis med å kalla han for «erkekonservativ og politisk tulling» (nr. 49, 1989).

Sakharov vart eit offer for den kalde krigens banale todeling. Mange på norsk venstreside til venstre for Arbeidarpartiet skjøna ikkje kor viktig Sakharovs prinsipielle menneskerettstenking var. Her tok dei feil, rett og slett. Det var ikkje fyrste gongen. I Noreg følgde synet på Sakharov vanlege mønster, framfor alt var det Morgenbladet som såg kor viktig han var.

Like før Sakharov kom til CMI, var han blitt vald som delegat til den sovjetiske folkekongressen. På kongressens siste dag, i juni 1989, gjorde han framlegg om eit dekret som ville avskaffa eittpartistaten.

Hadde Andrej Sakharov fått leva, kunne han med sin eineståande moralske og politiske autoritet blitt det demokratiske Russlands Nelson Mandela. Kan henda. Historia tok ein annan veg.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

To år før han fekk Nobels fredspris i 1975, sa Sakharov at han ikkje lenger rekna seg som kommunist, men heller som liberal humanist.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis