JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Med kall frå Platon og Jesus

Egil A. Wyller skapte eit livsverk med originale kombinasjonar. Platon-tolkingar, inderleg Kristus-tru og eit livs bearbeiding av
eigne og familiens erfaringar frå okkupasjonstida munna ut i ei stor forteljing der Wyller-familiens liv og vestleg tru og tanke går i eitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Egil A. Wyller (t.v.), Hans Skjervheim, Asbjørn Aarnes og Arne Næss teikna av May Linn Clement.

11850
20210319

Bakgrunn

Egil A. Wyller (1925–2021)

Professor i antikk åndshistorie ved Universitetet i Oslo

Har sidan krigen hatt ein sentral posisjon i norsk åndsliv

Filosofen Egil A. Wyller døydde 6. mars, 95 år gammal. Med han er ein av dei mest produktive og originale tenkjarane i landet vårt borte. Forfattarskapen hans er både uvanleg rik og svært mangfelt. I tillegg til å skriva store verk med originale tolkingar av dei klassiske spørsmåla i filosofien skreiv han dikt og sjølvbiografiske tekstar, og han laga ei rekkje omsetjingar.

Kanskje er vi nær kjernen i Wyllers produksjon Åndelige sanger og viser (1977), omsetjinga av Johann Sebastian Bachs Geistliche Lieder, der from kristentru, genuin musikalitet og filosofisk djupne møtest.

Samstundes illustrerer vegen hans i akademia nokre filosofiske spenningar i etterkrigstida. Wyller var utdanna ved Universitetet i Oslo, der han vart tilsett som stipendiat i 1956. Han gjekk gradene som universitetslektor og dosent og var frå 1969 professor ved Filosofisk institutt.

Ein humanistisk familie

Egil Anders Wyller vart fødd i Stavanger i 1925, foreldra var høgsterettsadvokat Trygve Christian Wyller og Anne Kathrine Dons. Bestefaren var stadsfysikus i Kristiania. Wyller-familien var humanistar; onkelen Anders stifta Nansenskolen saman med Kristian Schjelderup.

Under okkupasjonen engasjerte familien seg i motstandsarbeid, og faren vart arrestert og sat i ein tysk Nacht und Nebel-leir, også broren Thomas Christian sat i tysk fangenskap. Wyller har fortalt om denne bakgrunnen i den sjølvbiografiske Konsentrasjon (1995), der han også trykker tekstar av mora og faren.

Wyller tok eksamen artium i 1943 og hadde eit sterkt engasjement for fridomskamp og humanistiske verdiar. Dette kom på karakteristisk vis til syne i artikkelen «Etikkens kraftkilder» (Samtiden 1946), der han kritiserer Arne Næss, som hevda at universitetet si oppgåve er å læra studentane å tenkja strengt verdifritt; dei skal stilla seg utanfor alle normative standpunkt og spørja korleis ulike standpunkt blir bygde opp. Dette provoserte Wyller, som hevda at universitetet også måtte føra studentane til dei etiske kjeldene som ligg i filosofiens og humanismens historie. Universitetet kan ikkje nøya seg med å snakka nøytralt om ulike tradisjonar; dei må også gje rettleiing i kva som er sant og rett. Men Arne Næss ville ikkje ha nokon «forkynnelse på Universitetet», som han skreiv i svaret sitt.

Alt her ser vi konturane av ei konfliktlinje. Professor Arne Næss og disiplane hans var inspirerte av ein språkfilosofi som orienterte seg mot fakta og naturvitskap, og såg verdistandpunkt som uttrykk for uvitskapleg subjektivitet, nesten synsing. Denne tørre, saklege innstillinga var likevel ikkje nøytral. Dei tok henne i bruk mot dei nasjonalistiske og populistiske eksessane i nazismen. Ugjerningane i Hitlers regime såg dei som Wagner-aktige kjenslestormar, og vaksinen låg i den saklege vitskapen.

Motstand mot nazismen og tyranniet var også Wyllers utgangspunkt, men hans medisin var ein annan. Han ville finna fram til dei positive verdiane som vart spelte ut mot nazismen, dei kraftkjeldene som fanst i antikk filosofi og teologi, og gjera dei tilgjengelege på ny.

Asbjørn Aarnes skreiv i ei spalte i Dag og Tid (trykt i boka Troll i ord, 2008) at då han første gong møtte Hans Skjervheim, like etter krigen, diskuterte dei Wyllers artikkel, og dei var imponerte over at ein 21-åring torde å gå til åtak på sjølvaste Arne Næss, som då var den einaste filosofiprofessoren i Noreg. I dei komande åra, i alle fall fram til studentopprøret, var dette ei viktig skiljelinje.

Næss orienterte seg mot vitskapen, særleg samfunnsvitskapen, og hadde ei analytisk og gjerne ironisk haldning til meir verdiorientert filosofi. Wyller og hans allierte Aarnes og Skjervheim tenkte heilt motsett; dei gjekk til tradisjonen og filosofien for å finna argument mot det dei oppfatta som ei overtru på vitskap og teknologi. Dei leita litt ulike stader: Skjervheim i oppgjeret med naturvitskapleg dominans på 1800-talet, Aarnes i fransk filosofi, skjønnlitteratur og estetisk teori og Wyller i gresk antikk og etter kvart kristen teologi. Interessant nok slutta Næss seg til kritikken av teknologien då han utforma økosofien sin.

Skarpe frontar

I det relativt vesle universitetsmiljøet i Oslo etter krigen var frontane til tider skarpe. Eksistensfilosofien frå Kierkegaard og Heidegger ville visa at tenkjaren sjølv alltid spela med i tolkinga av tilværet, slik skil han seg frå vitskapsmannen. Dette mislikte dei vitskapsglade næssianarane, særleg var dei hånlege mot Heidegger, som i analytisk ånd fekk merkelappen «nonsens». Då Arne Næss, som ofte endra posisjon, sjølv tok til å forelesa om Heidegger, blir det fortalt at Harald Ofstad kom eins ærend frå Stockholm for å finna ut om det hadde rabla for Næss.

Wyller var ikkje spesielt glad i strid og kamp, men han ytte motstand mot samtida ved å arbeida inngåande med klassisk filosofi. Han slo gjennom internasjonalt med ei avhandling om Platons dialog Parmenides i 1959, og utvida seinare perspektivet i Den sene Platon (tysk utgåve i 1970, norsk i 1984). Noko av bakgrunnen for dette var langvarige opphald ved fleire tyske universitet, der han kom i personleg kontakt med namn som Heidegger og Gadamer.

I Noreg vekte han oppsikt med avhandlinga Tidsproblemet hos Olaf Bull et eksistensfilosofisk bidrag (1959), som han fekk Universitets gullmedalje for. Det er interessant at antinazisten Wyller fann så mykje verdfullt hos nazisten Heidegger, men den politiske bakgrunnen til Heidegger var mindre dokumentert på femtitalet.

Nettopp denne avhandlinga vart debattert i det første bindet av ein stor serie som Wyller redigerte saman med Asbjørn Aarnes: Idé og tanke, som omfatta 42 bind, frå 1960 til 1985. Redaksjonen bad filosofen Knut-Erik Tranøy melde Wyllers bok. Tranøy var prega av eit Wittgenstein-inspirert miljø i Cambridge og stilte seg tvilande til om ein kunne snakka om «tidsproblemet» som eit og same problem – var det ikkje snakk om heilt ulike fenomen som hadde med tid å gjera? Diskusjonen får godt fram motsetnadene mellom analytisk (i denne tida ofte britiskinspirert) filosofi og kontinental tradisjon.

Dette formulerer Wyller på sin elegante måte: Det som skil dei, er kanskje den engelske kanal! Diskusjonen får fram skiljelinjene, tonen er respektfull og nivået høgt. Serien Idé og tanke viser Wyllers arbeidsmåte: Han formulerer standpunkta sine klart og poengtert, og han forankrar dei i faglitteraturen. Han er mindre oppteken av striden i seg sjølv.

Skjervheim, derimot, skriv ein stad at ein god middag endar med ein pjolter og eit kvass diskusjon med ein meiningsmotstandar. I Næss-tradisjonen var det eit innslag av antifilosofi; ein meinte at dei nye, språkfilosofiske reiskapane kunne visa at eldre filosofi var ugyldig. Wyllers poeng var det motsette: Det finst ei rekkje innsikter i klassisk filosofi som framleis kan opplysa og korrigera vårt tids tenking – og ikkje minst vår tids vitskap.

Ryddearbeid for Platon

Wyller var først og fremst Platon-forskar: Først skreiv han om dialogen Parmenides, så alle seinverka (Den sene Platon), og deretter om spora av Platon i vestleg filosofi, heilt opp til Kierkegaard og Adorno (Enhet og annethet, 1981). Dette er krevjande stoff. Eit godt utgangspunkt for å forstå det, finst i eit kort notat faren Trygve skreiv då han fylte 50 år. Han ser tilbake og angrar på at han har sett av så lite tid til å tenkja på dei store spørsmåla. Og han beklagar seg over at dei to store åndene i vestleg kultur, den filosofisk skolerte teologen Paulus og den fromme filosofen Platon, har skilt heilt lag. Først jaga teologane filosofien ut av teologien, deretter har filosofane brote med teologien.

Men i dette notatet, som er trykt i bindet Konsentrasjon i ein henologisk skriftserie, ser han likevel eit svar. Det er eit paradoks: Saka er at vi ikkje kan vita noko. Men når vi veit at heile tilværet er ei gåte, kan vi møta livet ærbødig, vi ser livets under i vatnet i bekken, graset som gror, sola som varmar.

Nettopp dette er kjernen i Egil A. Wyllers arbeid. Platon leier oss til eit punkt der vi når grensa for tanken. Og teologien leier oss til det som ikkje kom opp i noko menneskehjarta. Derifrå kan vi venda tilbake til livet, i tru og undring. Dermed tek Wyller også avstand frå den populære utlegninga av Platon: at han var vend bort frå verda og det jordiske og berre oppteken av ideane. Wyller kjem frå Platon og vender seg mot verda med entusiasme og etisk engasjement.

Ein kristen filosof

Wyller førte saman filosofi og teologi, Platon og Paulus, som faren skreiv om. Platons prinsipp «Den Ene» fell saman med kristendommens «Den Ene», skriv han. Det tok han konsekvensen av, og han vart ein aktiv og engasjert kristen frå sekstitalet av, respektert og lytta til frå bedehuset til bispekollegiet. Som grunnlærd filosof vender han tilbake til den kristendommen han kjende i sin barndoms misjonsby.

Wyller såg ikkje på si kristne tru som eit reint privat spørsmål, det var konklusjonen på virket som filosof. Og der det filosofiske miljøet langt på veg aksepterte sekulariseringa som eit endeleg faktum, gjorde han trua til ein sentral del av den store filosofiske syntesen sin. Det fanst nok fagfilosofar med kristen overtyding i etterkrigstida, men dei gjorde det sjeldan til eit viktig filosofisk tema. Wyller gav ut essaysamlinga Fra tankens og troens møtested i 1968, i ei tid som la avstand til teologien. Ein trudde religionen ville bli borte.

Ein av dei viktigaste filosofane frå sekstitalet, Jürgen Habermas, tenkte nok også slik. Men ved tusenårsskiftet skreiv han at dette var eit mistak; teologien er komen for å bli. Og på sin eigen nittiårsdag gav han ut 1700 sider om tru og tanke under tittelen «Også ein filosofi»: Han hevdar at dei store teologiske diskusjonane har gjeve skarpe innsikter som filosofien har bruk for.

Wyller hadde ein stor produksjon bak seg då han fylte 70 år i 1995. Då sette han i gang med den henologiske skriftserien på 20 bind, der han gir skrifter av og om filosofar og teologar som har hatt mykje å seia for han sjølv. Der han i hovudverket Enhet og annethet byggjer saman tenkjarar frå Platon til Adorno i ein stor syntese, gir han i serien ut tekstar som lesaren kan få møta direkte.

Men tolkingsnøkkelen gir han tydeleg: Dette er eit forsøk på å binda saman ei livshistorie med den tre tusen år lange teksthistoria som han har arbeidd med. Her presenterer han også eigne omsetjingar av bibeltekstar.

Wyller var sterkt oppteken av samtida og hadde ei rekkje synspunkt på politiske spørsmål. Han introduserte filosofar som var lite kjende i Noreg, mellom anna skreiv han ein uvanleg skarpsynt nekrolog over Theodor Adorno då han døydde i 1969.

Men den viktigaste innsatsen hans var samtidskritisk; han peika på filosofar og retningar som samtida hadde gløymt og ikkje forstod lenger, men som etter hans skjøn framleis bar i seg aktualitet og innsikt som vi ikkje kan greia oss utan. Han skulda universitetsfilosofien for «trivialisme», der ein avviste dei største spørsmåla. Det kan ein ikkje skulda Wyller for å gjera. I det store materialet han etterlét seg, finst det både store spørsmål og svar, og alt med eit heilt særeige personleg stempel frå Wyller sjølv.

Jan Inge Sørbø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Wyller meinte at universitetet ikkje kan nøya seg med å snakka nøytralt om ulike tradisjonar; dei må også gje rettleiing i kva som er sant og rett.

Wyller såg ikkje på si kristne tru som eit reint privat spørsmål, det var konklusjonen på virket som filosof.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis