Lynkurs i latinamerikansk politikk
Argentina hadde nett kasta militærdiktaturet på historias skraphaug og halde val. Den nye sivile presidenten heitte Raúl Alfonsín. No stod Uruguay for tur.
Presidentkandidat Wilson om bord i båten.
Wilson Ferreira Aldunate
Uruguayansk politikar, fødd 1919
Døydde av lungekreft 1988
Var landbruks- og fiskeriminister 1963–1967, senator 1967–1973 og sidan ein viktig kritikar av militærdiktaturet
Levde i eksil etter kuppet i 1973
Vende 16. juni attende til fedrelandet ombord i «Ciudad de Mar del Plata II»

Ein flatbotna elvebåt – «Ciudad de Mar del Plata II» – kom til å spela ei hovudrolle i ei dramatisk gjenoppliving av demokratiet i Uruguay, kjent i historia som eit latinamerikansk Sveits: Skipet skulle bringa leiaren for det liberale Blanco-partiet heim frå fleirårig eksil i Argentina og andre land.
Wilson Ferreira Aldunate, heitte han, og han var middagsgjest hos president Alfonsín dagen før han skulle gå om bord i «Ciudad de Mar del Plata II». Wilson var ein røsleg 60-åring med ei hes røyst som kunne ha kome av røyking gjennom mange år.
Kanselist Per Grasmo spurde meg – blodfersk korrespondent – denne føremiddagen om eg visste at Wilson Ferreira Aldunate ville reisa heim same ettermiddag: Eg er blank på både Wilson og heimreisa, svara eg, som sant var, så Grasmo tok meg med til hotellet der Wilson budde, me banka på døra hans, Wilson opna, og: si senores, solo falta un noruego – det einaste me ikkje har med, er ein nordmann, svara Wilson.
I kortesjen
Slik gjekk det til at Grasmo og eg køyrde sist i kortesjen til hamna med politipatruljar overalt, elleville eksiluruguayanar og argentinarar jublande i dei avsperra gatene, konfetti frå alle høghus og tutande bilhorn, og der framme låg «Ciudad de Mar del Plata II» med slagside fordi alle journalistane og medarbeidarane til Wilson flokka seg saman på styrbord side over folkemengda på kaia. (Ja, det var «Hjelmeland» med slagside som var avbilda hos Andreas Skartveit for 14 dagar sidan, ‘Dar kjem dampen’ som minte meg på eventyret med «Ciudad de Mar del Plata II» for ein menneskealder sidan.)
Ein person i uniform slo meg på skuldra i trengselen der på kaia og ville vita om eg ville om bord. Ja, så visst skulle eg om bord, så då fekk han passet mitt mot lovnad om at eg skulle få det att om bord.
Wilson og kona hans fekk reiarlugaren, medan fylgjet hans og alle journalistane fann vegen til restauranten, der uruguayanarane pakka ut gitarane sine og song patriotiske songar og protestviser om landsmenn som levde eksiltilværet på teppelagde golv i Nueva York og lengta etter kafeane og strendene i Montevideo.
På sølvelva
Reisa gjekk over ei av dei største flodene i verda, Rio de la Plata – sølvelva, eit vonfullt namn frå den gong europeiske immigrantar drøymde om at indianarane der hadde like mykje gull og sølv dei kunne rana med seg til Europa, som indianarane i Peru, Bolivia og Mexico.
Men der me sigla ut av argentinsk farvatn og inn i uruguayansk, på midtlinja mellom dei to landa, der skifta maskinen takt. Me storma ut på dekk og såg eit gråmåla krigsskip ei kabellengd av. Og retta me blikket opp, svevde ein gråmåla dobbeldekkar over passasjerskipet som eit minne om første verdskrigen.
Offiserar frå krigsskipet entra «Ciudad de Mar del Plata II», fann Wilson på dekk, eskorterte han til reiarlugaren og låste døra frå utsida.
Presidentkandidaten var under arrest.
Turtalet i maskinen auka att, skipet svinga til kurs austover og så mot Punta del Este på atlanterhavskysten. Årsak: Ei folkemengd hadde samla seg der skipa frå Buenos Aires pla setja passasjerane i land i Montevideo. Ettersom skipet nærma seg kysten, kunne me sjå mykje trafikk på veg austover – folk ville ynskja presidentkandidaten sin velkomen heim i badebyen Punta del Este dersom det ikkje var mogeleg i Montevideo.
Mot Montevideo
Etter ei tid dreidde skipet endå ein gong, no 180 gradar, og la kurs for Montevideo. Generalane hadde lurt dei som ville ha Wilson til president. Men dei same generalane lét seg overtala til å la Wilson fylgja kona si som fri mann ned landgangen.
Straks han sette foten på uruguayansk jord, sette dei han likevel i ein bil som køyrde av stad i høgt tempo til stilla blei broten av eit helikopter ikkje langt unna: Wilson blei ført til eit av dei mange militærfengsla og halden der til den argaste motstandaren hans, Julio María Sanguinetti frå det konservative Colorado-partiet, hadde vunne valet.
Slik kunne overgangen frå diktatur til demokrati skje på ein måte også generalane kunne leva med.
Det har jo gått bra.
Og eg fekk passet mitt att om bord.
Haakon Børde
Haakon Børde er tidlegare journalist i NRK.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.