JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Klippfiskhimmelen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Klippfisk frå Noreg på marknaden Continente Colombo i Lisboa.

Foto: Lise Åserud / NTB

4875
20201218

Lisboa

Elva Tejo er inntil 14 kilometer brei og stor nok til å huse alle krigsskip i heile verda. Vi vonar naturlegvis ikkje at det skal skje.

Lisboa er ein av dei eldste byane i verda. I jordskjelvet og tsunamien i 1755 omkom nær 40.000 menneske, men byen blei raskt bygd opp att. Det vil du oppdage i dei kvadratisk systematiserte sentrumskvartala, mens i Alfama rår det glade anarki, med tronge gater på kryss og tvers.

Det er bratt i denne byen som ligg på åtte høgder. Prøv deg på heisen i Santa Justa, som tek deg 45 meter opp eller ned mellom to bydelar. Heisen har same arkitekt som Eiffeltårnet.

Kjelder: Friendlylocalguides.com

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og reiser og skriv om det.

Lytt til artikkelen:

Nordmenn elskar å reise. Det som likevel forundrar meg, er at så mange av oss reiser til kunstig oppbygde turistdestinasjonar, der nesten alt er som heime utanom badetemperaturen og ølprisane.

Det slo meg òg første gong eg kom til vakre Lisboa: Kvifor reiser ikkje fleire nordmenn hit? Her snakkar vi om ein storby med ei slåande vakker plassering, historie i kvar kvadratcentimeter – og verdas hyggelegaste innbyggarar. I tillegg er Lisboa den rimelegaste av alle hovudstadane i Vesten, for dei som måtte bekymre seg for det.

Eg forelska meg på ein augeblink i den gamle bydelen Alfama, som slapp heldig unna det gigantiske jordskjelvet med den etterfølgjande tsunamien i 1755. Her finn du eit arkitektonisk lappeteppe av ein bydel, der mange hundre års historie er bevart. Husa har metertjukke veggar dekorerte med dei tradisjonelle azulejos (blå mønstra fliser). Tronge, bratte, vakre brusteinsgater innbyr til oppdagingsferd kvar einaste dag.

Alfama var opphavleg bydelen til fiskarane og etter kvart arabarane (al fama = 'ved kjelda'). Eg er så heldig å bu med sjenerøs utsikt over den breie og mektige elva Tejo, som gir deg kjensla av å vere ved havet, noko du altså ikkje er. Hamna i Lisboa, ved elvebreidda, var ein viktig grunn til at byen blei okkupert gong på gong, fordi ho er så attraktivt skjerma frå det langt meir lunefulle Atlanterhavet.

Det er så absolutt inga ulempe å vere nordmann i Lisboa. Portugisarane har eit tilnærma religiøst forhold til klippfisk, og alle veit at Bacalhau de Noruega er den udiskutabelt beste råvara. Eg har nærmast blitt boren på gullstol berre fordi eg er nordmann og er ofte skamfull over at portugisarane veit så uendeleg mykje meir om klippfisk enn eg sjølv gjer. Her til lands et vi vår bacalao kanskje éin gong i året og knapt nok det, og da er det alltid snakk om det portugisarane kallar bacalhau con tomate – éin av tusen måtar å lage klippfisk på.

Er du i Lisboa, ta på deg gode sko til brusteinsgatene (Stiletthælar? Gløym det!) og rusl rundt i Alfama til du finn ein liten kafé med utebord. Du vil få servert bacalhau på enklaste måte, men fisken blir ytt så mykje større rettferd enn når du druknar han i tomatsmak: nygrilla klippfiskfiletar med kokt potet, rause ringar av gul lauk, ein enkel salat – alt overdryssa med ein lokal, kaldpressa olivenolje.

Prøv det sjølv, på vinterstid kan du gjerne steike dei i grillpanne. Kjøp ferdig utvatna klippfisk, så slepp du alt styret og kan gå rakt på sak. Til fisken drikk du naturlegvis ein utmerkt portugisisk raudvin, til dømes frå områda Douro eller Alentejo.

Og sidan vi altså ikkje kan reise no for tida, kva seier du til å reise likevel, ved å prøve deg på klippfiskbollar, pasteis de bacalhau? Dei er ofte å få kjøpte som snacks i barane i byen og smakar vedunderleg med ein iskald øl, men det er ingen heksekunst å lage dei sjølv heime.

Til to–tre personar treng du ein halv kilo utvatna klippfisk og like mykje potet. Du kan òg bruke lettsalta torsk. Kok potetene i salta vatn med skalet på, så dei ikkje trekker til seg for mykje vatn. Finhakk ein stor lauk og steik han i olivenolje med to raspa fedd kvitlauk. La fisken trekke i vatn til han er møyr og kan flakast. (Ein fancy versjon dersom du nyttar lettsalta torsk, er å varme opp ei gryte extra virgin olivenolje til 85 grader og legge fiskefiletane i oljen til han er kald – då er fisken ferdig kokt. Har du naturelle torskefiletar, ha ei blanding av 90 gram sukker og 60 gram salt over dei i ein halvtime og skyl dei.) Finhakk ein raus handfull persille. Mos potetene og tilset den flaka fisken, persillen og to egg. Smak til med salt og pepar. Bland det heile godt saman og form massen til avlange bollar med to matskeier. Friter dei i nøytral olje som held 125 grader. Dei er ferdige på om lag to minutt, men ikkje legg i for mange om gongen. Server bollane varme, med sitronbåtar til å klemme over.

Et med liv og lyst, hald hovudet høgt og blikket fritt – og sjå fram til den dagen du sjølv er i Lisboa. Du kjem til å elske det.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er så absolutt inga ulempe å vere nordmann i Lisboa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis